Islas Marías

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islas Marías
øy
Land  Mexico
Del av Øyer og beskyttede områder i Californiabukten
Kart
Islas Marías
21°32′00″N 106°28′00″W / 21.533333333333°N 106.46666666667°W / 21.533333333333; -106.46666666667
Wikimedia Commons: Maria Islands

Islas Marías er ei øygruppe i utlaupet av Californiabukta, 87-110 kilometer nordvest for San Blas i Nayarit i Mexico,[1] og omtrent 370 km søraust for sørspissen av Baja California Sur.[2] Øygruppa er òg nemnt Tres Marías. Dei er ein del av kommunen San Blas, Nayarit. Fire av øyane er frå ca. 9 til ca. 145 km2, fem andre øyar er under ein kvadratkilometer i flatevidd.

Den første europearen som møtte øyane var Diego Hurtado de Mendoza i 1532. Han fann ingen prov for tidlegare busetningar. I dag er den største øya, María Madre, folkesett. Mellom 1905 og 2019 fanst ein straffekoloni på øygrupppa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øyene har eit samla areal på 245 km2 og ein folkesetnad på 1116 på Isla María Madre frå folketeljinga for 2005. I tillegg fanst den gongen rundt 8 000 fangar på øya. Dei andre øyane er øydne. Hovudbusetnaden er i Puerto Balleto, med eit folketal på 602.[treng kjelde]

Isla María Madre er den største av øyane, med eit areal på 145 km2. Øygruppa ligg på ein grunn kontinentalsokkel,[3] men på vestsida av øyane søkk havdjupna.[4]

Både årstemperatur og årleg nedbørsmengd er litt lågare enn på fastlandet.[3] Samla årleg nedbør i perioden 2009 til 2022 har variert mellom ca. 72 mm i 2015 og 180 mm i 2011. Nedbøren kjem vesentleg i perioden frå juni til oktober.[5] Dagleg median maksimumstemperatur varierer lite over året, dagleg median minimumstemperaturar er klårt høgare i sommarmånader frå juni til oktober. I juli er daglig median minimum 24 °C og maksimum 31 °C.[6]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Forsking stør hypotesen om at Islas Marias er fragment av kontinentalskorpa som er igjen etter separasjonen av Baja California-halvøya frå fastlandet i Mexico. Bergartar funne på øyane samsvarer med bergartar funne på næraste fastland, rundt Cabo San Lucas så vel som Puerto Vallarta.[1] Øygruppa kan ha vore sameint med både Baja California Sur og næraste fastland i Mexico i Miocen, ca. 23-5,3 millionar år sidan.[3] Etter det vart øygruppa nedsenka til sein Pliocen. Seinare, i Pleistocen, har det skjedd oppløftingar og senkingar, havnivået har vore 120 m under dagens havnivå, men øygruppa har kanskje ikkje vore landfast med kontinentet i Pleistocen.[3]

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Det er generelt lite tilgjengeleg informasjon om flora og fauna på øygruppa med unnatak av endemiske fugletaksa. Vegetasjonen er skildra som «sesongmessig tørr tropisk skog med middels vekst, og liknar veldig på uforstyrra vegetasjon på det tilstøytande fastlandet.»

Det er dokumentert fire artar og fire underartar av endemiske pattedyr til Islas Marías.[3] Dette inkluderer ein museart i hamsterfamilien.[7] Det finst òg ein endemisk underart av vanleg vaskebjørn (Procyon lotor) på øygruppa.[8] Det er stor diversitet i det marine livet rundt øygruppa, medrekna skjelpadder og pattedyr.[9]

Fuglar[endre | endre wikiteksten]

Fuglefaunaen på øygruppa liknar mykje det ein finn på det nærliggande fastlandet,[10] men med noko lokale avvik til stadeigne underartar, i alt 24.[3] Av dei 24 er det gjort framlegg om endring til artsstatus for følgjande takson: flammetrupial, Icterus pustulatus graysonii, fagerparula, Granatellus venustus francescae, jubelsmett, Pheugopedius felix lawrencii, sinaloasporvepapegøye, Forpus cyanopygius insularis, kanelkolibri, Amazilia rutila graysoni, og breinebbkolibri, Cynanthus latirostris lawrencei. Den siste er godtatt som art av mange autoritetar med det engelske namnet Tres Marías hummingbird (Cynanthus lawrencei).[11] Amazona oratrix tresmariae er lista som ein sjølvstendig art av International Ornithological Committee (IOC),[12] medan andre autoritetar reknar han som ein underart av gulhovudamazon (Amazona oratrix). Han har fått namn på norsk: Tresmariasamazon (Amazona tresmariae).[13]

Totalt er det 38 landfuglartar som er trudd å vere hekkefuglar på øyane,[3] av dei er tre innførte artar, gråsporv, tyrkardue og stare.[14]

Trugsmål og vern[endre | endre wikiteksten]

Som for mange andre økosystem på øyar som er koloniserte av menneske, har det skjedd nedgradering av livstilhøva for fuglar på Islas Marías grunna innførte pattedyr som geiter, kattar og rotter.[3] I 2010 utnemnde UNESCO øygruppa til Islas Marías biosfærereservat.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar
  1. 1,0 1,1 Valerie Pompa-Mera1 et al, Geology, geochronology, and geochemistry of Isla María Madre, Nayarit, Mexico. Revista Mexicana de Ciencias Geológicas, v. 30, núm. 1, p. 1-23.
  2. «Marías Islands | archipelago, Mexico». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 23. april 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 de Silva, Héctor Gómez, Pérez Villafaña, Mónica G., Cruz-Nieto, Javier, and Cruz-Nieto, Miguel Ángel (2020). «Are some of the birds endemic to the Tres Marías Islands (Mexico) species?». Bulletin of the British Ornithologists’ Club (BioOne) 140: 7–37. 
  4. Google Earth
  5. Puerto Balleto (Isla Maria Madre) Annual Weather Averages World Weather Online. Henta 23. april 2023
  6. «Climate Puerto Balleto (Isla María Madre)». meteoblue (på engelsk). Henta 23. april 2023. 
  7. Álvarez-Castañeda, S.T.; Lacher, T.; Vázquez, E. (2018). Peromyscus madrensis. IUCN Red List of Threatened Species. 2018: e.T16671A22361002. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-1.RLTS.T16671A22361002.en. Henta 23. april 2023 2023
  8. Zeveloff, Samuel I. (2002). Raccoons: A Natural History. Washington, D. C.: Smithsonian Books. s. 44–45. ISBN 978-1-58834-033-7. 
  9. 9,0 9,1 «Designation of New Biosphere Reserves». UNESCO. desember 2018. Henta 23. april 2023. 
  10. Howell, S.N.G. and Webb, S. (1995). A Guide to the Birds of Mexico and Northern Central America. OUP Oxford. s. 12. ISBN 9780198540120. LCCN 93031659. 
  11. BirdLife International (2020). «Tres Marias Hummingbird Cynanthus lawrencei». IUCN Red List of Threatened Species 2020. Henta 23. april 2023. 
  12. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. april 2023. 
  13. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 23. april 2023. 
  14. Avibase World Birdlist

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Islas Marías