Islas del Atlántico Sur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser øyane som inngår i Islas del Atlántico Sur.
Skilt i Ushuaia som seier at byen er hovudstaden for Falklandsøyene (Las Malvinas).

Islas del Atlántico Sur er eit av dei fire departementa som utgjer den argentinske provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur. Departementet består av øygruppene Falklandsøyane, Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og har eit samla areal på 16 955 km².

Falklandsøyane og Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane er under britisk administrasjon og vert sett på av Argentina som ulovleg okkupert. Argentina okkuperte øyane i 1982, men Storbritannia erobra dei attende i løpet av den 74 dagar lange Falklandskrigen.

Sør-Orknøyane ligg sør på 60 gradar sørleg breidde, og vert dermed omfatta av Antarktistraktaten. Statar som har tiltredd traktaten skal ikkje gjera noko for å hevda, støtte eller nekta for territorielle krav i Antarktika, men traktaten slår òg fast at statane ikkje har gjeve opp dei territoriale krava sine då dei inngjekk han. Både Argentina og Storbritannia, som begge har tiltredd traktaten, gjer krav på øygruppa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]