Isle of Bute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isle of Bute
Lokalt namn: Eilean Bhòid
Geografi
Isle of Bute is located in
Stad Firth of Clyde
Koordinatar 55°50′9″N 5°3′23″WKoordinatar: 55°50′9″N 5°3′23″W
Øygruppe Øyane i Firth of Clyde
Areal 122,17 km²
Høgaste punkt Windy Hill (278 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Rothesay
Demografi
Folketal 7228 (2001)
Folketettleik 59 /km²

Bute eller Isle of Bute (skotsk-gælisk Eilean Bhòid) er ei øy i Firth of Clyde i Skottland. Ho var tidlegare ein del av grevskapet Buteshire, men ligg no i regionen Argyll and Bute. Øya har litt over 7000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Isle of Bute. Vest for Bute ligg øya Inchmarnock og i aust ligg The Cumbraes.

Bute ligg i Firth of Clyde. Den einaste byen på øya er Rothesay, som har ferjesamband til fastlandet. Landsbyar på øya er:

Bute er delt i to av Highland Boundary-forkastinga. Nord for forkastinga er øya åslendt og stort sett udyrka med store skogar. Det høgaste punktet her er Kames Hill på 267 meter over havet. I sør er terrenget glattare og meir oppdyrka. Lengst sør vert øya meir kupert att rundt Glen Callum. Loch Fad er den største innsjøen på Bute og går langs forkastingslinja.

Vestsida av Bute er kjend for strendene med utsyn over Sound of Bute mot Arran, samt den vesle naboøya Inchmarnock. Av landsbyar på vestsida finn ein Straad, rundt St. Ninian's Bay og Kildavanan ved Ettrick Bay.

Mellom Bute og Cowalhalvøya i nord ligg sundet Kyles of Bute. Nordsida av øya er tynt folkesett, men frå ferjekaien på Rhubodach går det båt til fastlandet ved Colintraive. Ho er mindre enn den andre ferjeruta, men kortare, berre 300 meter lang og overfarten tar berre få minutt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er truleg at Bute var busett av folk som snakka britannisk (liknande dagens walisisk), før gællarane kom og innlemma Bute i Cenél Comgall i Dál Riata. I vikingtida vart øya kalla Rothesay og hovudbyen på øya var Bute. Etter langvarig misbruk av desse namna på øya og byen, vart dei til slutt bytta om.

Etter vikingtida vart ikkje øya gjeven til Lord of the Isles, som dei fleste av øyane på vestkysten av Skottland vart. I staden vart Bute den personlege eigedomen til det skotske monarkiet.

I 1940- og 1950-åra var Bute eit stort marinehovudkvarter. Under den andre verdskrigen husa ho ein stor leir for offiserar og polske soldatar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]