Ismael Kirui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ismael Kirui
Statsborgarskap Kenya
Fødd 20. februar 1975 (49 år)
Kenya
Idrett friidrett

Ismael Kirui (fødd 20. februar 1975) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Kapcherop i Marakwet-distriktet som vart verdmeister på 5000 meter ved VM 1993 i Stuttgart og som forsvarte meistertittelen på distansen ved VM 1995 i Göteborg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kirui var berre 18½ år gammal då han vann 5 000 meterfinalen under friidretts-VM 1993 i Stuttgart. Han slo då favoritten Haile Gebrselassie i spurten og vann løpet på tida 13.02,7, ny meisterskapsrekord og hans endelege personlege rekord.

I verdsmeisterskapen 1995 gjekk dei fyrste rundane av finalen på 5 000 meter i eit moderat tempo. Sjølv om løpsfarta vart auka stod medaljekampen mellom seks løparar på sisterunden. På oppløpet viste Kirui seg atter som den kvikkaste og vann framom Khalid Boulami frå Marokko og sin eigen landsmann Shem Kororia. Få veker etter meisterskapen i Göteborg sette Kirui i Brussel personleg rekord 10 000 m med 27.06,5.

Kirui vart nummer tre i VM i terrengløp 1993, kom på andreplass i VM 1995 og vart på ny nummer tre i VM 1996. Han forsvann frå internasjonal friidrett etter 1998-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje på 5 000 m – 13.02,7, framom Haile Gebrselassie (13,03,1)
  • VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje på 5 000 m – 13.16,7, framom Khalid Boulami (13.17,1)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]