Isnåler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isnåler

Isnåler er ei form for nedbør som består av ørsmå frosne vassdropar. Dette vert stundom feilaktig rekna som hagl, men måten dei vert danna på er forskjellig, og isnålene er som regel (men ikkje alltid) mindre. Isnåler oppstår når snøflak fell gjennom eit lite lag med varmare luft i atmosfæren og byrjar å smelte. Dei kan fryse på ny om dei går inn i eit kaldare lag før dei når bakken, og dette fører til små kuler av is. Desse iskulene kan sprette når dei treffer bakken, og frys ikkje til ein solid masse med mindre dei er blanda med underkjølt regn.

METAR-koden for isnåler er PL.