Isnad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Islam
Mosque02.svg
Skrifter og lover
KoranenhadíthSunna
surafiqhfatwasjariahisba

Ein isnad (arabisk: اسند) er ei vitnesrekkje brukt for å slå fast verdien av eit hadith-skrift, i islam eit skrift om profeten Muhammed sine ord og gjerningar.

Etter at Muhammed døydde i 623 byrja islam å splittast opp i grupper som baserte seg på ulike tolkingar av synspunkta hans. Det vart viktig å føra forteljingar attende til kjelda, og Ilm ar-rijal, biografiens vitskap utvikla seg som resultat. Ein isnad kjem i forma: A sa at B sa at C skreiv at D hadde sagt at E fortalde at Muhammed sa, der A, B, C, D og E var kjende figurar med kjende historier. Dei skriftlærde som arbeidde med hadith-tolkingar freista å etablera i kva grad det var mogleg at desse individa kunne ha møtte, under kva omstende, om omsetjing var involvert, osv. og dermed kunna konkludera om den aktuelle tradisjonen var gyldig eller ikkje.

Fleire kjende muslimske skriftlærde, blant dei Sahih Bukhari og Sahih Muslim kategoriserte eit stort tal hadithar i ulike kategoriar, frå hadith-skrifter dei meinte var autentiske, til skrifter dei meinte å kunne prova at var falske.