Iso suomen kielioppi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Iso suomen kielioppi er ein referansegrammatikk for finsk. Grammatikken er skrive av Auli Hakulinen, Maria Vilkuna, Riitta Korhonen, Vesa Koivisto, Tarja-Riitta Heinonen og Irja Alho. Han er gjeven ut på Suomen kirjallisuuden seura.

Med 1 698 sider er Iso suomen kielioppi den største grammatikken over finsk. Han skil seg frå tidlegare grammatikkar ved at han er eksplisitt deskriptiv, og ved at han tar opp grammatikken til det såkalla talespråket (det som på engelsk ville ha vore kalla «Colloquial Finnish», til skilnad frå standardfinsk, som var temaet for tidlegare grammatikkar).

ISBN 951-746-557-2.