Isolar-turneen 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isolar-turneen 1976
Turné av David Bowie
David Bowie 1976.jpg
Bowie på scenen i Maple Leaf Gardens i Toronto, 26. februar 1976
Stad Nord-Amerika
Europa
Tilknytt(e) album Station to Station
Startdato 2. februar 1976
Sluttdato 18. mai 1976
Talet på konsertar 65 (66 planlagde)
Konsertkronologi
Diamond Dogs-turneen
(1974)
Isolar-turneen 1976 Isolar II-turneen 1978
(1978)

Isolar-turneen i 1976[1] var ein konsertturné av David Bowie for å marknadsføre albumet Station to Station. Han opna 2. februar 1976 i Pacific Coliseum i Vancouver, og held fram gjennom Nord-Amerika og Europa, før han enda i Pavillon de Paris i Paris i Frankrike den 18. mai 1976. Turneen er ofte omtalt som Thin White Duke-turneen,[2] Station to Station-turneen,[3] og The White Light-turneen.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bowie på scenen i Maple Leaf Gardens i Toronto, 26. februar 1976.

Konsertane byrja utan introduksjon med ei framvising av surrealistfilmen til Luis Buñuel og Salvador Dalí, Un Chien Andalou frå 1928, som inkluderte kjende seksjonar av ei barberblad som skjer inn i augeeplet til ei kvinne.[5] Bowie kom på scenen så snart filmen var over, medan publikum framleis var desorienterte. Dei visuelle elementa i konsertane nytta sider av fluorescerande kvitt lys mot ein svart bakgrunn, som skapte eit nakent skode på ein scene som stort sett var blotta for rekvisittar og andre visuelle distraksjonar.

Konserten i Public Auditorium i Cleveland i Ohio den 28. februar 1976 vart fanga på lydband av ein konsertgåar og gjeven ut som piratkopiplata «NeoExpressionism» på TSP (The Swinging Pig). Denne vart digitalt ommastra i 2007 og gjeven ut på ein dobbel-CD. Den einaste songen som ikkje vart framført på denne konserten var «Sister Midnight.»

Konserten i Nassau Veterans Memorial Coliseum i Uniondale i New York den 23. mars 1976 var spelt inn av RCA Records og delar av det vart sendt på The King Biscuit Radio Network. To songar frå opptaket vart sidan gjevne ut i 1991 på Rykodisc si utgåve av Station to Station. Heile Nassau-konserten kom ut på luksusutgåva av Station to Station i 2010, i tillegg til i plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016. Han vart gjeven ut separat på LP, CD og digitalt i februar 2017 som Live Nassau Coliseum '76.

Bowie tok venen og musikaren Iggy Pop med seg på turneen. Etter ein konsert 21. mars 1976 vart Bowie og Pop arresterte i lag for å ha på seg marihuana i Rochester i New York, sjølv om tiltalane seinare vart henlagt.[6]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Turneen har blitt skildra under ei rekkje ulike namn. Sjølv om han offisielt vart kalla Isolar-turneen, har han òg blitt kalla The Thin White Duke-turneen, Station to Station-turneen og White Light-turneen. I følgje biografen Nicholas Pegg var ordet «Isolar» eit anagram av «sailor», eit av favorittorda til Bowie. Isolar kom òg frå eit selskap Bowie lanserte for å ta seg av musikkpubliseringa etter at han drog frå MainMan Publishing. Bowie sjølv sa seinare: «Isola er italiensk for øy. Isolasjon pluss Solar er Isolar. Om eg hugsar det rett, eg var stein.»[2]

Setliste[endre | endre wikiteksten]

Denne setlista er representativ for konserten 7. mai 1976 i London i Empire Pool. Han representerer ikkje alle konsertane på heile turneen.

  1. «Station to Station»
  2. «Suffragette City»
  3. «Fame»
  4. «Word on a Wing»
  5. «Stay»
  6. «I'm Waiting for the Man»
  7. «Queen Bitch»
  8. «Life on Mars?»
  9. «Five Years»
  10. «Panic in Detroit»
  11. «Changes»
  12. «TVC 15»
  13. «Diamond Dogs»
Ekstranummer
  1. «Rebel Rebel»
  2. «The Jean Genie»


Konsertar[endre | endre wikiteksten]

Dato By Land Spelestad Publikum Inntekt
Nord-Amerika
2. februar 1976 Vancouver Canada Pacific Coliseum
3. februar 1976 Seattle USA Seattle Center Coliseum
4. februar 1976 Portland Portland Memorial Coliseum
6. februar 1976 Daly City Cow Palace
8. februar 1976 Inglewood The Forum
9. februar 1976
11. februar 1976
13. februar 1976 San Diego San Diego Sports Arena
15. februar 1976 Phoenix Arizona Veterans Memorial Coliseum
16. februar 1976 Albuquerque Albuquerque Civic Auditorium
17. februar 1976 Denver McNichols Sports Arena
20. februar 1976 Milwaukee MECCA Arena
21. februar 1976 Kalamazoo Wings Stadium
22. februar 1976 Evansville Roberts Municipal Stadium
23. februar 1976 Cincinnati Riverfront Coliseum
25. februar 1976 Montreal Canada Montreal Forum
26. februar 1976 Toronto Maple Leaf Gardens
27. februar 1976 Cleveland USA Public Auditorium
28. februar 1976
29. februar 1976 Detroit Olympia Stadium
1. mars 1976
3. mars 1976 Chicago International Amphitheatre
5. mars 1976 St. Louis Kiel Auditorium
6. mars 1976 Memphis Mid-South Coliseum 11 673 $85 015[7]
7. mars 1976 Nashville Nashville Municipal Auditorium 7 700 $51 000[7]
8. mars 1976 Atlanta Omni Coliseum
9. mars 1976 Jacksonville Jacksonville Coliseum
11. mars 1976 Pittsburgh Civic Arena
12. mars 1976 Norfolk Norfolk Scope
13. mars 1976 Landover Capital Centre
14. mars 1976
15. mars 1976 Philadelphia The Spectrum 36 000 $260 000[8]
16. mars 1976
17. mars 1976 Boston Boston Garden
19. mars 1976 Buffalo Buffalo Memorial Auditorium 12 000 $87 235[8]
20. mars 1976 Rochester Rochester Community War Memorial 8 358 $58 720[8]
21. mars 1976 Springfield Springfield Civic Center 6 752 $46 572[8]
22. mars 1976 New Haven New Haven Coliseum
23. mars 1976 Uniondale Nassau Veterans Memorial Coliseum
26. mars 1976 New York City Madison Square Garden
Europa
7. april 1976 München Vest-Tyskland Olympiahalle
8. april 1976 Düsseldorf Philipshalle
10. april 1976 Vest-Berlin Deutschlandhalle
11. april 1976 Hamburg Congress Center Hamburg
12. april 1976
13. april 1976 Frankfurt Festhalle Frankfurt
14. april 1976 Ludwigshafen Friedrich-Ebert-Halle
17. april 1976 Zürich Sveits Hallenstadion
24. april 1976 Helsinki Finland UKK Hall
26. april 1976 Stockholm Sverige Kungliga tennishallen
27. april 1976
28. april 1976 Göteborg Scandinavium
29. april 1976 København Danmark Falkonersalen
30. april 1976
3. mai 1976 London England Empire Pool
4. mai 1976
5. mai 1976
6. mai 1976
7. mai 1976
8. mai 1976
11. mai 1976 Brussel Belgia Forest National
13. mai 1976 Rotterdam Nederland Rotterdam Ahoy
14. mai 1976
17. mai 1976 Paris Frankrike Pavillon de Paris
18. mai 1976
Total

Avlyste og flytta konsertar[endre | endre wikiteksten]

14. april 1976 Ludwigshafen, Vest-Tyskland Friedrich-Ebert-Halle Avlyst.
17. april 1976 Bern i Sveits Festhalle Bea Bern Expo Flytta til Hallenstadion i Zürich.
27. april 1976 Oslo i Noreg Ekeberghallen Avlyst.
19. mai 1976 Paris i Frankrike Pavillon de Paris Avlyst.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Frå Hunky Dory

Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars

Frå Aladdin Sane

Frå Live Santa Monica '72

Frå Diamond Dogs

Frå Young Americans

Frå Station to Station

Andre songar

  • «Sister Midnight» (frå The Idiot av Iggy Pop; skriven av Pop, Bowie og Alomar)

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Band («Raw Moon»)

Scenearbeidarar
  • Vern Moose Constan, Rob Joyce – bandteknikarar
  • Lonnie McKenzie, Leroy Kerr, Lester Burton, Buddy Prewitt, Larry Sizemore – lysteknikarar
  • Buford Jones, Scott Wadsworth – lydteknikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kevin Cann, David Bowie: A Chronology, Vermilion, 1983, ISBN 0-09-153831-9
  2. 2,0 2,1 Pegg 2016, s. 566.
  3. Pimm Jal de la Parra, David Bowie: The Concert Tapes, P.J. Publishing, 1985, ISBN 90-900100-5-X
  4. David Buckley, Strange Fascination: The Definitive Biography of David Bowie, Virgin Books, 1999, ISBN 1-85227-784-X
  5. Christopher Sandford, Bowie: Loving the Alien, Warner Books, 1997, ISBN 0-7515-1924-3
  6. «When Rochester arrested David Bowie». Rochester Democrat & Chronicle. 11. januar 2016. Henta 23. mars 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Billboard Box Office 20/3/1976» (PDF). 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Billboard Box Office 3. april 1976» (PDF). 
  9. Jones, Dylan (2017), David Bowie: A Life, Crown/Archetype