Isopodar
Isopodar | ||
![]() Skrukketrollarten Armadillidium vulgare Foto: Glenn Møller-Holst
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Crustacea | |
Klasse: | Malacostraca | |
Underklasse: | Eumalacostraca | |
Overorden: | Peracarida | |
Vitskapleg namn | ||
Isopoda |
Isopodar, isopoda, er ein orden krepsdyr som lever i fuktige miljø over heile kloten. Dei er mest talrike på grunt vatn i havet, men dei er òg vanlege i djuphavet, i ferskvatn og på land. Til denne ordenen høyrer mellom anna skrukketroll og tanglus.
Isopodane er ei gamal gruppe; dei eldste fossilane er funne i lag frå karbontida og liknar påfallande på visse artar som lever den dag i dag i ferskvatn på den sørlege halvkula.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Isopodar har tredelt kropp som består av hovud, thorax og abdomen. Dei har eit framståande par antenner og sju par gangbein. Bakerst på kroppen har dei uropodar, som varierer i farge frå mørk grå til kvite.
Isopodar pustar med gjeller. Landlevande artar (skrukketroll) har utvikla såkalla pseudotrakèer som leier oksygen frå lufta inn i blodkarsystemet, hemolymfen. Dette er ikkje 100% effektivt, så skrukketrolla må framleis halda seg i fuktige miljø.
Levesett[endre | endre wikiteksten]
Isopodar finst i ei rekkje ulike miljø og er tilpassa ei rekkje ulike levesett.
- Skrukketroll er altetarar som lever av ymse plantemateriale, særleg daudt og forråtnande.
- Slekta Bathynomus et åtsel i djuphavet og kan bli opp til 45 cm lange.
- Slekta Cymothoa lever parasittisk i munnen på fisk, og er kjend for å eta opp tunga til vertsdyret.
- Familien Limnoriidae lever av plantemateriale frå drivved eller sjøplanter dei borar seg inn i.