Isopren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kulemodell av isopren

Isopren (nydanna ord) eller 2-metyl-1,3-butadien er eit fargelaust og brennbart dien. Det syner seg som ei væske og har eit kokepunkt på 34 °C.

Isopren er eit kjemisk reaktivt mellomprodukt i petrokjemisk industri. Den totale årsproduksjonen i verda er på om lag 700 000 tonn, og isopren vert teknisk framstilt med fleire metodar. Fleire av desse prosessane går over mange syntesesteg. Isopren kan polymeriserast, og størstedelen (kring 94 %) er nytta til teknisk framstilling av isoprengummi. Isopren er òg nytta til framstilling av enkelte kopolymerar.

Tidlegare vart det rekna at isopren ikkje har naturlege kjelder. I dag veit ein at hovuddelen av isopren har naturlege kjelder, og det vert rekna at lægre luftlag vert tilførte 450 millionar tonn årleg frå ei rekkje treslag. Isopren reagerer snøgt med hydroksylradikal i atmosfæren og dannar smog og bakkenært ozon. Dette fører mange stader til større luftforureining om sumaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«isopren» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 22. september 2017.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.