Israel Nash's Rain Plans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Israel Nash's Rain Plans
Studioalbum av Israel Nash
Utgjeve 30. september 2013[1]
Innspelt Sommaren 2012, Dripping Spring i Texas
Sjanger
Lengd 45:44
Selskap Loose Music
Produsent Ted Young og Israel Nash Gripka
Israel Nash-kronologi
Barn Doors & Concrete Floors
(2011)
Israel Nash's Rain Plans Silver Season (2015)


Israel Nash's Rain Plans er den tredje utgjevinga til den amerikanske folkrockgruppa Israel Nash. Plata vart gjeven ut i august 2013 på Loose Music, sjølv om songane vart spelt inn sommaren året før. Albumet vart innspelt på ein gamal analog bandopptakar heime hjå Nash med hensikt for å unngå bruk av moderne, digital opptaksutstyr. Rain Plans er hovudsakleg folkrock[2], men er òg sterk influert av americana[3][4], alternativ country[5], indierock[6] og psykedelisk rock.[7] Bandet har tidlegare budd i New York by, men i 2012 flytta dei til åslendte Dripping Springs i heimstaten Texas.


Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side 1
# Tittel Lengd
1. «Woman At The Well»   4:36
2. «Through The Doors»   4:23
3. «Just Like Water»   5:02
4. «Who In Time»   4:17
5. «Myer Canyon»   5:39
Side 2
# Tittel Lengd
6. «Rain Plans»   7:19
7. «Iron Of The Mountain»   4:23
8. «Mansions»   5:02
9. «Rexanimarum»   5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Omtale[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
The Independent4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
Spectrum Culture7.5/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]
The Current5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[10]
WPTS Radio4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Sputnik Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
The Austin Chronicle3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[12]

Albumet fekk generelt god omtale for at det var ei fin samling av komfortable og innbydande songar.[2] Kombinasjonen av americana og psykedelisk rock gir albumet eit sløvt, melidiøst og avslappande mønster.[13] Rik instrumentering av elektriske og akustiske melodiar har resultert i ei behageleg samling av songar.[9] Rain Plans blandar generelt akustiske og elektriske tonar med pedal steelgitar på ein vakker måte.[2] Albumet sitt opningsnummer, «Woman at the Well», er avslappande, med hjarteskjærande harmoniar[4], og klarar det kunststykket å vera lett som vinden, men likevel tunghjarta.[12] Songen er vakkert klangfullt, med ein vokal som kan sterkt minna om Neil Young.[5] «Through the Door» er ein djuptfølt song som dannar eit bilete av ein regntung dag, men med ei gjennomstrålande sol.[6] Songen svingar sjelfullt og intenst, med ein psykedelisk balanse.[9] «Just Like Water» er eit intenst og mørkt folkrock stykke med forvridde psykedeliske gitartonar.[4] «Iron Of The Mountain» vert skildra som ein fantastisk landleg låt, med ein akustisk oppbygging og ein kor-liknande vokal som forseglar historia.[5] Albumet si lengste låt, tittelsporet «Rain Plans», er i konstante forandringar, med sporadiske klimaksar.[7] Albumet kan til tider verka så avslappande og syklisk at musikken er lite utviklande. I staden for repeterer Rain Plans den same ideen om og om igjen, på ulike måter.[13] Omtalane meiner at albumet er både episk[7], storslått og tidlaust[2], men ikkje overdriven.[9]

Dei fleste omtalane har gitt uttrykk for at Rain Plans kombinerer det beste frå store artistar som Neil Young[9], Crosby, Stills, Nash & Young[2], Creedence Clearwater Revival, Led Zeppelin[6], Nazareth, Gram Parson, Ryan Adams, Crazy Horse[4], Rolling Stones[8] og John Fogerty. Rain Plans vert likevel skildra som noko heilt unikt.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Israel Nash Gripka, Welcome to Loose!». Loose Music. Henta 13. november 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Finn, Nigel (10. mars 2014), «Album Review: Israel Nash "Israel Nash's Rain Plans"», The Chord Company, henta 13. november 2014  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «chord» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «chord» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «chord» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «chord» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  3. Eakin, Marah (12. august 2014), «Listen to Israel Nash’s lovely new Americana album, Rain Plans», The A.V. Club, henta 13. november 2014 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Otremba, Gérard (28. oktober 2013), «Israel Nash Gripka: Israel Nash‘s Rain Plans», Pop-Polit, henta 13. november 2014  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «pop-polit» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «pop-polit» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «pop-polit» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «ISRAEL NASH GRIPKA – ISRAEL NASH’S RAIN PLAN». American Roots Music. Henta 13. november 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Robertson, Michael (30. september 2014), Israel Nash 'Rain Plans', WPTS Radio, henta 13. november 2014  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «wpts» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «wpts» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «wpts» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  7. 7,0 7,1 7,2 Holland, Simon (9. oktober 2013), «Israel Nash Gripka – Rain Plans», Folk Radio, henta 13. november 2014 
  8. 8,0 8,1 Williams, Holly (29. september 2013), «Album review: Israel Nash Gripka, Rain Plans (Loose)», The Independent, henta 13. november 2014 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Goldman, Jester Jay (28. august 2014), «Israel Nash: Israel Nash’s Rain Plans», Spectrum Culture, henta 13. november 2014  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «spectrum» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «spectrum» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «spectrum» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «spectrum» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  10. «Rain Plans». The Current. Henta 13. november 2014. 
  11. «Israel Nash's Rain Plans». Sputnik Music. Henta 21. november 2014. 
  12. 12,0 12,1 Caligiuri, Jim (21. november 2014), «Israel Nash Rain Plans (Loose Music)», The Austin Chronicle, henta 21. november 2014 
  13. 13,0 13,1 Liptak, Carena (19. august 2014), «ALBUM REVIEW: Israel Nash “Rain Plans”», Audio Femme, henta 14. november 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]