Israel Ruong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Israel Ruong
Fødd 26. mai 1903
Arjeplogs församling
Død

6. april 1986
Uppsala domkyrkoförsamling

Yrke språkforskar, politikar

Israel Ruong (26. mai 19036. april 1986) var ein samisk språkforskar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet.

Israel Ruong vart fødd i Arjeplog, og hadde pitesamisk som morsmål. Han tok lærarutdanning i Luleå, og doktorerte på avhandlinga Lappische Verbalableitung argestellt auf Grundlage des Pitelappischen i 1943. Ruong vart professor i 1963.

Ruong arbeidde med ulike sider av samisk språk, særleg med morfologi. Han publiserte også fleire lærebøker, mellom anna Min sámegiella, som set saman lærebokleg pedagogisk progresjon med systematisk grammatikk til eit heile.

Ruong var også oppteken av praktisk arbeid med språket, han var mellom anna ein av mennene bak Bergsland-Ruong-rettskrivinga frå 1948.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Formlära (1957)
  • Niilas ja su sii'da (1965)
  • Dovdagat ja bargot (1967)
  • Min sámegiella (1970)