Israelsk Cassini Soldner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein trigonometrisk stasjon nær Ofakim.

Israelsk Cassini Soldner (hebraisk רשת ישראל הישנה; ICS) er eit gammalt geografisk koordinatsystem for Israel. Namnet kjem frå Cassini Soldner-projeksjonen som vart nytta og at det var optimalisert for Israel. Dette koordinatsystemet vert stundom òg kalla «Gammalt israelsk grid» og vart offisielt kalla PAL-Cassini-systemet under Palestinamandatet. ICS er erstatta av det nye koordinatsystemet Israelsk transversal merkator (ITM), men vert framleis nemnt av eldre bøker og navigasjonsprogramvare.

ICS-koordinaten for Vestmuren i Jerusalem er:

E 172249 m
N 1131586 m

Det første talet tyder at det ligg 172 249 meter aust for det falske origo (langs X-aksen).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]