Israelsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Israel
Plassering
Koordinatar 31°30′N 34°45′E
Grenseland Egypt (277 km[1]), Jordan (335 km[1]), Libanon (79 km[1]), Syria (76 km[1])
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

20 770 km²
20 330 km²
440 km²
Kystlinje 273 km[1] km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Har Meron (1208 moh)
Daudehavet (417 muh)
Lengste elv Jordanelva (322 km)
Største innsjø Daudehavet



Israel -

Israelsk geografi er særs variert med ørkenforhold i sør, og snødekte fjell i nord. Israel ligg heilt aust i Middelhavet i Vest-Asia.[1] Det grensar i nord til Libanon, i nordaust til Syria, i aust til Jordan og Vestbreidda, og i sørvest til Egypt.[1] I vest ligg Middelhavet, som det meste av den 273 km lange kystlinja til Israel ligg mot[2], og Gazastripa. Israel har ei lita kystlinje mot Raudehavet i sør.

Arealet til Israel er kring 27 000 km², som omfattar 445 km², med innlandsvatn.[3][2] Israel strekkjer seg 424 km frå nord til sør og 114 km på det breiaste og 15 km på det smalaste.[2] Dei israelskokkuperte territoria inkluderer Vestbreidda, 5 879 km², Aust-Jerusalem, 70 km² og Golanhøgdene, 1 150 km².[3] Geografien i desse territoria er ikkje omtalte i denne artikkelen.

Det sørlege Israel er dominert av Negevørkenen som dekkjer kring 16 000 km², meir enn halvparten av landarealet. Nord for Negev ligg Judeaørkenen, der Daudehavet ligg ved grensa til Jordan. Daudehavet er med ei høgd på 417 meter under havnivå det lågaste punktet på jordoverflata. Dei indre områda av det sentrale Israel er dominert av Judeafjella på Vestbreidda, medan den sentrale og nordlege kysten består av den flate og frodige israelske kystsletta. I dei indre, nordlege områda ligg Karmelberget, og innafor dei den frodige Jezreeldalen, og så åsane i Galilea. Genesaretsjøen ligg innafor dette, og grensar i aust til Golanhøgdene, som inneheld det høgaste punktet i dei israelskkontrollerte områda, Hermon på 2224 meter over havet. Internasjonalt vert det høgaste fjellet i Israel rekna for å vere Har Meron på 1208 meter over havet.[1]

Plassering og grenser[endre | endre wikiteksten]

Israel på verdskartet.

Israel ligg nord for ekvator ved kring 31°30' nordlege breidde og 34°45' austlege lengde.[1] Landet er 424 km langt frå nord til sør, 114 km på det breiaste frå aust til vest [1] og berre 15 km på det smalaste. Landegrensa er 1017 km lang og kystlinja er totalt 273 km.[1] Landet er det 151. største i verda ut frå areal.[1]

Før opprettinga av Palestinamandatet, var det ingen klåre definisjonar av det geografiske området kalla «Palestina». Like før fyrste verdskrigen vart det av Encyclopedia Britannica skildra som eit «tåkete geografisk omgrep.»[4] Sykes-Picot-avtalen i 1916 delte regionen som seinare vart Palestina inn i fire politiske einingar.[5] Under Palestinamandatet vart det første geopolitiske rameverket skapt, som skilde Palestina frå større land kring seg. Grensa vart ikkje avmerkt på offisielt vis, sidan heile området var under britisk administrasjon.[6]

Dagens Israel grensar til Middelhavet i vest og Raudehavet i sør. I sørvest ligg Sinaihalvøya medan Den syriske ørkenen ligg aust for Israel i Jordan. Den sørlegaste busetnaden i Israel er Eilat, medan den nordlegaste er Metula. Territorialfarvatnet til Israel strekkjer seg 12 nautiske mil ut frå kysten.[1]

Statistikken som Israelsk statistisk sentralbyrå gjev, omfattar dei annekterte områda Aust-Jerusalem og Golanhøgdene, men ekskluderer Vestbreidda og Gazastripa. Folketalet i Israel omfattar israelske busetjingar på Vestbreidda. Israel si sperring på Vestbreidda ligg innafor somme delar av Vestbreidda, og skapar ei grense med det suverene Palestina.

Folketal (i tusen) Areal (km2)
Namn Status Israelske borgarar (inkludert jødar og arabarar) Totalt Ikkje-israelske palestinarar Totalt Areal Totalt
Israel (den grøne linja) Arealet til Israel sidan 1948 6 674[7] 6 674[7] 0 0 20 582[7] 20 582[7]
Aust-Jerusalem Okkupert og underlagt israelsk lov sidan 1967. 455[8] 7 129[7] 225 (talt to gonger)[9] 225[7] 336[10] 20 918[7]
Golanhøgdene Okkupert sidan 1967, underlagt israelsk lov sidan 1981 42[11] 7 172[11] n.a. n.a. (syrarar) 1 154[12] 22 072[12]
Seamsonen (Vestbreidda) Arealet mellom Den grøne linja og Israel si sperring på Vestbreidda. Okkupert i 1967 188[13] 7 359[7] 35[13] 260[7] 200[10] 22 272[7]
Andre israelske busetnader og israelske militærområde (Vestbreidda Område C) Andre israelske busetnader (ikkje i Aust-Jerusalem eller Seamsonen) og område på Vestbreidda direkte kontrollert av IDF. Okkupert i 1967 57[7] 7 473[11] 115[14] 375[7] 2 961[15] 25 233[7]
Palestinsk sivil kontroll (Vestbreidda område A+B) Dei palestinske sjøvstyresmaktene sivilt kontrollert område. Underlagt «felles» militær kontroll med IDF. Okkupert i 1967 0 7 473[7] 2 311[16] 2 686[7] 2 143[14] 27 376[7]
Gazastripa Palestinsk-styrt område. Israel kontrollerer luftrommet, kysten og 80% av landegrensa. Okkupert i 1967, men israelarane trekte seg ut i 2005 og erklærte område eit utanlandsk område i 2007. 0 7 473[7] 1 552[17] 4 238[7] 360[17] 27 736[7]

Fysiografiske regionar[endre | endre wikiteksten]

Israel er delt inn i fire fysiografiske regionar: Den israelske kystsletta ved Middelhavet, dei sentrale åsane, Jordandalen og Negevørkenen.[1]

Kystsletta[endre | endre wikiteksten]

Nordkysten

Den israelske kystsletta strekkjer seg frå den libanesiske grensa i nord til Gaza i sør, berre avbroten av Karmelneset ved Haifabukta.[18] Ho er kring 40 km brei ved Gaza og vert smalare i nord, til kring 5 km ved den libanesiske grensa.[18] Regionen er frodig og fuktig (tidlegare med malaria) og er kjend for sitrushagane og vindyrking.[18] Sletta vert kryssa av fleire korte elvar. Frå nord til sør er desse Kishon, Hadera, Alexander, Poleg og Yarkon. Alle desse elvane er sterkt forureina, men i dei siste tiåra er det gjort forsøk på å reinse dei. I dag flyt igjen Kishon, Alexander og Yarkon året rundt, og det ligg parkar ved breiddene deira.[19]

Regionen er delt inn i fem mindre regionar. Vest-Galilea strekkjer seg frå Rosh HaNikra lengst i sør, ned til den tredje største byen i Israel, Haifa. Det er eit frodig område med fleire småøyar utafor kysten.[20] Sør for Haifa ligg Hof HaCarmel-regionen som strekkjer seg til byen Zikhron Ya'akov. Sharonsletta er den neste delen av kystsletta, som går frå Zikhron Ya'akov til Yarkonelva ved Tel Aviv. Dette området er det tettast folkesette i Israel. Sør for dette, ned til Nahal Shikma, ligg den sentrale kystsletta. Den sørlege regionen av kystsletta er den sørlege kystsletta (òg kalla Shephelah, Judeasletta eller Vest-Negev) og strekkjer seg sør til Gazastripa. Ho er delt inn i to: Besor-området, eit savanneliknande område med relativt mange busetnader i nord, og Agur-Halutsa-området i sør som er særs tynt folkesett.[20]

Dei sentrale åsane[endre | endre wikiteksten]

Inn i landet (aust) for kystsletta ligg dei sentrale åsane.[18] Nord for denne regionen ligg fjella og åsane i Øvre Galilea og Nedre Galilea, som generelt er 500 til 700 meter over havet, men den største høgda er 1208 meter over havet ved Har Meron.[18] Sør for Galilea, på Vestbreidda, ligg dei samariske åsane med mange små, frodige dalar som sjeldan strekkjer seg over 800 meter over havet.[18] Sør for Jerusalem, og hovudsakleg innafor Vestbreidda, ligg Judeafjella, med mellom anna Hebron-fjellet.[18] Dei sentrale høglanda har ei høgd på 610 meter i snitt. Fleire dalar skjer gjennom høglanda frå aust til vest. Den største av desse er Jezreeldalen (òg kalla Esdraelonsletta), som strekkjer seg 48 km frå Haifa i søraust til Jordandalen, og er 19 km på det breiaste.[18]

Jordandalen[endre | endre wikiteksten]

Jordandalen

Aust for dei sentrale høglanda ligg Jordandalen, som er ein liten del av den 6500 km lange Riftdalen.[18] I Israel er Riftdalen dominert av Jordanelva, Genesaretsjøen (ei viktig ferskvasskjelde, òg Tiberiassjøen og Kinneretsjøen), og Daudehavet.[18] Jordan, den største elva i Israel (322 km), spring ut frå elvane Dan, Baniyas og Hasbani nær Hermon i Anti-Libanonfjella og flyt sørover gjennom den drenerte Hulahdalen til Genesaretsjøen. Genesaretsjøen er 165 km² stor og, avhengig av årstida og kor mykje nedbør som har kome, kring 213 meter under havnivå.[18] Med ein vasskapasitet på kring 3 km³ er han den viktigaste ferskvasskjelda i landet.[18] Jordanelva renn vidare frå sørenden av Genesaretsjøen (og dannar grensa mellom Vestbreidda og Jordan) og endar i det særs salte Daudehavet.[18] Daudehavet er 1020 km² stor, og ligg 420 meter under havnivå, det lågaste punktet på jorda.[18] Sør for Daudehavet, held Riftdalen fram med Nahal HaArava (Wadi al Arabah), som ikkje har permanent vassføring, 170 km ned til Eilatbukta.[18]

Negevørkenen[endre | endre wikiteksten]

Negevørkenen dekkjer kring 12 000 km², meir enn halvparten av det samla landarealet til Israel.[18] Geografisk sett er han eit framhalnd av Sinaiørkenen, og dannar ein grov trekant med ein base i nord nær Beersheba, Daudehavet, og dei sørlege Judeafjella og eit toppunkt i sørenden av landet ved Eilat.[18] Topografisk minnar han om andre regionar av landet, med lågland i vest, åsar sentralt og Arabahdalen i aust.[18]

Negevregionen har nokre unike, kraterliknande makhteshim-botnar; Makhtesh Ramon, Makhtesh Gadol og Makhtesh Katan.[21] Negev er vidare delt inn i fem økologiske regionar: nordlege, vestlege og sentrale Negev, det høge platået og Arabahdalen.[22] Nordlege Negev får kring 300 mm nedbør i året, og har forholdsvis frodig jordsmonn.[22] Vestlege Negev får kring 250 mm nedbør i året, med lett og delvis sandete jord.[22] Sentrale Negev har ein årsnedbør på kring 200 mm og har ugjennomtrengeleg jord, slik at lite vatn trekkjer ned i jorda, slik at avrenninga skapar stor erosjon.[22] Dette kan føre til sjeldne bråflaumar under kraftige regnbyer.[23] Det høge platået ved Ramat HaNegev ligg mellom 370 og 520 meter over havet med ekstreme temperatur om sommaren og vinteren.[22] Området får kring 100 mm nedbør i åretog har dårleg og delvis salthaldig jord.[22] Arabahdalen ligg langs grensa til Jordan og strekkjer seg 180 km frå Eilat i sør til enden av Daudehavet i nord og er særs tørr, med kring 50 mm nedbør i året.[22]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Israel er delt aust-vest av ei fjellkjede som går nord til sør langs kysten. Jerusalem ligg på toppen av denne ryggen, og aust for ryggen ligg Daudehavet graben som er eit basseng danna ved at terrenget har drege frå kvarandre langs Daudehavsforkastinga.[24]

Dei mange kalksteins- og sandsteinslaga i dei israelske fjella fungerer som vassførande lag som vatnet kan flyte gjennom frå vest til aust. Fleire kjelder har oppstått langs Daudehavet, kvar av dei ein oase, som Ein Gedi og Ein Bokek (Neve Zohar) der det finst busetnader.[24] Israel har òg mange område med karsttopografi. Grotter i regionen har blitt nytta i tusenvis av år som ly, lager, låvar og møteplassar.[24]

På kysten lengst nord ligg Rosh HaNikra-grottene, som har oppståt ti kalksteinsklippene.[25]

Elvar og innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Den lengste og mest kjende elva i Israel er den 320 km lange Jordanelva, som spring ut på sørsida av Hermon i Anti-Libanonfjella.[26] Elva flyt sørover gjennom den ferske Genesaretsjøen, og dannar frå der grensa til kongedømet Jordan før ho munnar ut i Daudehavet.[26] Dei nordlege sideelvane til Jordan er Dan, Banias og Hasbani.[26] Berre Dan ligg heilt innafor Israel. Hasbani flyt frå Libanon og Banias frå det okkuperte området erobra frå Syria i seksdagarskrigen.[26]

Genesaretsjøen

Genesaretsjøen er det største og viktigaste ferskvatnet i Israel, og ligg nordaust i landet. Den pæreforma innsjøen er 23 km lang frå nord til sør og på det breiaste 13 km i nord, og dekkjer 166 km². Genesaretsjøen ligg 207 meter under havnivå og er i seg sjølv 46 meter djup. I ein tidlegare geologisk epoke var innsjøen ein del av ein større innlandssjø som strekte seg frå Hula-myrene i Nord-Israel til 64 km sør for Daudehavet. Botnen av innsjøen dannar ein del av Jordandalen.[27]

Sør for Genesaret ligg det salte Daudehavet, som dannar grensa mellom Israel og Jordan og som ligg 418 meter under havnivå, det lågaste punktet på jorda.[28] Daudehavet er 67 km lang med ei største breidde på 16 km og dannar ein del av Riftdalen.[28] Ei halvøy stikk ut i innsjøen på austsida, og sør for dette er innsjøen grunn, berre kring seks meter.[28]

Utvalde høgder[endre | endre wikiteksten]

Dei følgjande utvalde høgdene er oppførte frå høgast til lågast:[29]

Stad Region Høgd (meter)
Hermon Golanhøgdene (israelskokkupert) 2 236 m.
Har Meron Øvre Galilea 1 208 m.
Har Ramon Negev 1 035 m.
Oljeberget Aust-Jerusalem (israelskokkupert) 835 m.
Tabor Nedre Galilea 588 m.
Karmelberget Haifa 546 m.
Daudehavet Judeaørkenen  – 417 m.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Snø i Jerusalem
Flaum i Ein Avdat.

Israel har eit middelhavsklima med lange, varme, tørre somrar, og ein relativt kort, kjølig og regnfull vinter (Csa etter Köppen si klimaklassifisering ).[30] Klimaet er likevel særs variabelt og påverka av høgda og nærleiken til Middelhavet.[30]

I snitt er januar den kaldaste månaden med ein middeltemperatur som varierer frå 6 til 15 ºC, og juli og august er dei varmaste månadane med 22 til 33 ºC.[30] Om sommaren er luftfukta høg langs kysten av Middelhavet, men låg i dei sentrale høglanda, Riftdalen og Negevørkenen. I Eilat, som er ein ørkenby, kan dagtemperaturen om sommaren nå 44 til 46 ºC. Meir enn 70% av årsmiddelnedbøren i Israel kjem mellom november og mars. Juni til september er som regel heilt utan regn.[30] Nedbøren vert ujamt fordelt, og er langt lågare i sørlege delar av landet.[30] Heilt i sør er årsmiddelnedbøren berre nær 30 mm, og i nord er han somme stader over 900 mm.[30] Nedbøren varierer frå årstid til årstid og frå år til år, særleg i Negevørkenen. Nedbøren kjem ofte i kraftige regnvêr, noko som skapar erosjon og bråflaumar.[30] Om vinteren kan det ofte snø i høgareliggande strøk i dei sentrale høglanda, inkludert Jerusalem.[30] Hermon har snø kvart år om vinteren og våren. I sjeldne tilfelle fell det snø i dei nordlege fjellområda, og ein ekstremt sjeldan gong nær kysten. Områda av landet som er mest oppdyrka får meir enn 300 mm nedbør i året.[30]

Torevêr og hagl er vanleg gjennom regntida og skypumper råkar stundom Middelhavskysten, og kan føre til mindre skadar. Ei ekte supercelle med ein F2-tornado råka Vest-Galilea i april 2006, og førte til store skadar og 75 skadde menneske.[31]

Heitebølgjer er vanlege. 2010 var det varmaste året som er registrert i Israel og fleire stader sette nye varmerekordar i august det året.

Klimadiagram for forskjellige stader i Israel[endre | endre wikiteksten]

Tel Aviv
Klimadiagram (forklaring)
J F M A M J J A S O N D
 
 
127
 
17
9
 
 
90
 
18
10
 
 
61
 
19
12
 
 
18
 
23
14
 
 
2.6
 
25
17
 
 
0
 
28
21
 
 
0
 
29
23
 
 
0
 
30
24
 
 
0.4
 
29
23
 
 
26
 
27
19
 
 
79
 
23
15
 
 
126
 
19
11
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt
Beit Dagan
Klimadiagram (forklaring)
J F M A M J J A S O N D
 
 
141
 
18
7
 
 
97
 
18
7
 
 
66
 
20
9
 
 
18
 
25
12
 
 
2.2
 
27
15
 
 
0
 
29
18
 
 
0
 
31
21
 
 
0
 
31
21
 
 
0.4
 
30
19
 
 
20
 
28
16
 
 
76
 
24
12
 
 
130
 
20
9
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt
Jerusalem
Klimadiagram (forklaring)
J F M A M J J A S O N D
 
 
133
 
12
6
 
 
118
 
13
6
 
 
93
 
15
8
 
 
25
 
22
13
 
 
3.2
 
25
16
 
 
0
 
28
18
 
 
0
 
29
19
 
 
0
 
29
20
 
 
0.3
 
28
19
 
 
15
 
25
17
 
 
61
 
19
12
 
 
106
 
14
8
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt
Haifa
Klimadiagram (forklaring)
J F M A M J J A S O N D
 
 
125
 
17
9
 
 
92
 
18
9
 
 
53
 
20
11
 
 
24
 
24
14
 
 
2.7
 
26
17
 
 
0
 
29
21
 
 
0
 
31
23
 
 
0
 
31
24
 
 
1.2
 
30
22
 
 
28
 
28
19
 
 
77
 
24
14
 
 
136
 
19
10
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt
Safed
Klimadiagram (forklaring)
J F M A M J J A S O N D
 
 
159
 
9
5
 
 
130
 
10
4
 
 
95
 
13
6
 
 
43
 
20
11
 
 
5.7
 
25
14
 
 
0
 
28
17
 
 
0
 
30
19
 
 
0
 
30
19
 
 
1.5
 
28
18
 
 
25
 
24
15
 
 
86
 
17
10
 
 
136
 
12
6
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt
Beersheba
Klimadiagram (forklaring)
J F M A M J J A S O N D
 
 
50
 
17
8
 
 
40
 
18
8
 
 
31
 
20
9
 
 
13
 
26
13
 
 
2.7
 
29
15
 
 
0
 
31
18
 
 
0
 
33
21
 
 
0
 
33
21
 
 
0.4
 
31
20
 
 
5.8
 
29
17
 
 
20
 
24
13
 
 
42
 
19
9
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt
Tiberias
Klimadiagram (forklaring)
J F M A M J J A S O N D
 
 
90
 
18
10
 
 
73
 
19
9
 
 
57
 
23
11
 
 
20
 
28
14
 
 
4
 
33
18
 
 
0
 
36
20
 
 
0
 
38
23
 
 
0
 
38
23
 
 
0.6
 
36
22
 
 
14
 
32
19
 
 
50
 
26
15
 
 
81
 
20
11
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt
Eilat
Klimadiagram (forklaring)
J F M A M J J A S O N D
 
 
3.5
 
21
10
 
 
5.8
 
22
11
 
 
3.7
 
26
14
 
 
1.7
 
31
18
 
 
1
 
35
22
 
 
0
 
39
24
 
 
0
 
40
26
 
 
0
 
40
26
 
 
0
 
37
25
 
 
3.5
 
33
21
 
 
3.5
 
27
16
 
 
6
 
22
11
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til det meste av Midtausten, som er rik på lukrativ råolje, har Israel berre avgrensa naturressursar. Desse omfattar kopar, fosfat, bromid, kalium, leire, sand, svovel, asfalt og mangan.[1] Små mengder naturgass og råolje finst, men det er for lite til å drive kommersiell utvinning.[1] I 2009 vart det funne signifikante reservar av naturgass på Tamar-feltet, i havet 90 km vest for Haifa. Dette er det største naturgassfeltet som er oppdaga i Israel.[32]

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare forureina Kishonelva etter oppreinskinga, 2010.

Israel har fleire store miljøproblem som varierer frå naturfarar til menneskeskapte problem. Av naturfarar finn ein sandstormar, som kan skje om våren i ørkenen i sør, tørke, som er vanleg om sommaren, bråflaum som kan skape stor fare i ørkenen, fordi dei oppstår brått, og jordskjelv, dei fleste av dei små og langs Jordandalen.[1] Noverande miljøproblem er mangelen på dyrkbar mark og naturlege ferskvassressursar. Ein har prøvd å få til kunstig vatning og dyrking i ørkenen, men det er vanskar å få tak i nok vatn. Ørkenspreiing er òg eit mogeleg problem langs utkanten av ørkenen, medan luftforrureining frå industri- og trafikkutslepp og grunnvassforureining frå industri og kloakk er andre problem som landet har.[1] I tillegg har effektane av kjemisk gjødsling og innsektmiddel vore eit problem for landet.[1] Israel har signert mange internasjonale miljøvernsavtalar som:[1]

Signert men ikkje ratifisert:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 «Israel». CIA World Factbook. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/is.html. Henta 28. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Israel – Geography». U.S. Library of Congress. http://countrystudies.us/israel/34.htm. Henta 28. september 2014. 
  3. 3,0 3,1 Federal Research Division (2004). Palestine A Country Study (Paperback utg.). Kessinger Publishing, LLC. s. 8. ISBN 1-4191-2689-X. 
  4. An Empire in the Holy Land: Historical Geography of the British Administration in Palestina, 1917–1929, Gideon Biger, St. Martin's Press and Magnes Press, 1994, s.40–41.
  5. An Empire in the Holy Land: Historical Geography of the British Administration in Palestina, 1917–1929, Gideon Biger, St. Martin's Press and Magnes Press, 1994, s.46–52.
  6. An Empire in the Holy Land: Historical Geography of the British Administration in Palestina, 1917–1929, Gideon Biger, St. Martin's Press and Magnes Press, 1994, s.67–69.
  7. 7,00 7,01 7,02 7,03 7,04 7,05 7,06 7,07 7,08 7,09 7,10 7,11 7,12 7,13 7,14 7,15 7,16 7,17 7,18 Tala er utrekna frå andre tal i tabellen
  8. Jerusalem Institute for Israel Studies. «Jerusalem Statistical Yearbook 2009/10». http://jiis.org/.upload/web%20C1009.pdf. Henta 28. september 2014. 
  9. Middle East Forum. «The Politics of Palestinian Demography». http://www.meforum.org/2124/the-politics-of-palestinian-demography. Henta 28. september 2014. 
  10. 10,0 10,1 Office for the Coordination of Humanitarian Affairs. «Barrier Report July 2009. Calculation based on East Jerusalem area of 346km2 being 97% west of the barrier, and 9.5% of the West bank including Aust-Jerusalem being i Seamsonen». http://www.ochaopt.org/documents/ocha_opt_barrier_report_july_2009_english_low_res.pdf. Henta 28. september 2014. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Israelsk statistisk sentralbyrå. «israelske Census data». http://www.cbs.gov.il/population/new_2010/table1.pdf. Henta 28. september 2014. 
  12. 12,0 12,1 Israelsk statistisk sentralbyrå. «Israeli statistical Area data». http://www1.cbs.gov.il/shnaton57/st01_01.pdf. Henta 28. september 2014. 
  13. 13,0 13,1 B'Tselem. «Separation Barrier Statistics». http://www.btselem.org/English/Separation_Barrier/Statistics.asp. Henta 28. september 2014. 
  14. 14,0 14,1 Office for the Coordination of Humanitarian Affairs. «Area C Humanitarian Response Plan Fact Sheet September 2010. Assumes 35 000 palestinarar estimated by B'Tselem to be living i Seam Zone are included i 150 000 OCHA estimate.». http://www.ochaopt.org/documents/ocha_opt_area_c_humanitarian_response_plan_fact_sheet_2010_09_03_english.pdf. Henta 28. september 2014. 
  15. CIA World Factbook. «West Bank population. Based on total area of 5 640km2 including East Jerusalem and excluding water. Figure shown calculated from other figures sourced on page.». https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/we.html#People. Henta 28. september 2014. 
  16. CIA World Factbook. «West Bank population. Assumes CIA World Factbook number excludes Israeli settlers but includes estiamted 225k palestinarar living in East Jerusalem». https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/we.html#People. Henta 28. september 2014. 
  17. 17,0 17,1 CIA World Factbook. «Gaza Strip population. Excludes Israeli settlers, but includes estimated 225k Non-Israeli Palestinians in East Jerusalem». https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/gz.html. Henta 28. september 2014. 
  18. 18,00 18,01 18,02 18,03 18,04 18,05 18,06 18,07 18,08 18,09 18,10 18,11 18,12 18,13 18,14 18,15 18,16 18,17 «Israel Topography». U.S. Library of Congress. http://countrystudies.us/israel/35.htm. Henta 28. september 2014. 
  19. «River Restoration». Israel Ministry of the Environment. http://www.sviva.gov.il/bin/en.jsp?enPage=e_BlankPage&enDisplay=view&enDispWhat=Zone&enDispWho=Examples_River&enZone=River_Restoration&. Henta 28. september 2014. 
  20. 20,0 20,1 «The coastal plain». http://www.goisrael.com/Turisme_Eng/Tourist+Information/Discover+Israel/Geographic+Regions/The+coastal+plain.htm. Henta 28. september 2014. 
  21. «Makhteshim Country». UNESCO. http://whc.unesco.org/en/tentativelists/1486/. Henta 28. september 2014. 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 22,5 22,6 «Israel's Negev Desert». Arkivert frå originalen den 22. februar 2008. http://web.archive.org/web/20080222220736/http://www.negev.org/About/negev_desert.htm. Henta 28. september 2014. 
  23. «Israel Natural Environment». Geckogo.com. http://www.geckogo.com/Guide/Israel/Natural-Environment/Climate/. 
  24. 24,0 24,1 24,2 «Geology of Israel». http://www.showcaves.com/english/il/Geology.html. Henta 28. september 2014. 
  25. «Rosh HaNikra». JAFI. http://www.jafi.org.il/education/noar/sites/roshhan.htm. Henta 28. september 2014. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 «Jordan River». Encarta. Arkivert frå originalen den 31. oktober 2009. http://www.webcitation.org/5kwpkd0Ri. Henta 28. september 2014. 
  27. «Genesaretsjøen». Encarta. Arkivert frå originalen den 31. oktober 2009. http://www.webcitation.org/5kwpjyl4r. Henta 28. september 2014. 
  28. 28,0 28,1 28,2 «Dead Sea». Arkivert frå originalen den 31. oktober 2009. http://www.webcitation.org/5kwpjK5CA. Henta 28. september 2014. 
  29. Statistical Abstract of Israel, No. 58, 2007
  30. 30,0 30,1 30,2 30,3 30,4 30,5 30,6 30,7 30,8 «Climate». U.S. Library of Congress. http://countrystudies.us/israel/36.htm. Henta 28. september 2014. 
  31. 'Mini-tornado' sweeps through western Galilea, Ynetnews, http://www.ynetnews.com/articles/0 7340,L-3236346,00.html, henta 28. september 2014 
  32. Bar, Avi (18. januar 2009). «Israel`s largest-ever reserve of naturgass discovered off Haifa coast». Haaretz. http://www.haaretz.com/news/israel-s-largest-ever-reserve-of-natural-gas-discovered-off-haifa-coast-1.268364. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]