Israndavsetjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Israndavsetjingar er lausmassar avsett ved randa av ein isbre. Avsetjinga består av morene og av leire, sand, grus og stein som oftast er vorte spylt ut under breen av smeltevasselver. Ved lengre opphald under avsmeltinga etter siste istida kunne det oppstå store og samanhengande avsetjinga, til dømes raet i Østfold og Vestfold. Slike samanhengande avsetjingar kan oppfattast som linjer i terrenget, israndlinjer.

I dagens norske landskap kan vi sjå ein serie av israndlinjer som markerer pausar eller trinn i tilbaketrekkinga av breranden frå kysten til innlandet ved avsluttinga av siste istida for omkring 10 000 år sidan. I Austlandsområdet har ein slike israndlinjer avsett under Ratrinnet, Skitrinnet, Akertrinnet, Daltrinnet, Hauersetertrinnet og Minnesundtrinnet (Minnetrinnet).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]