Issaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Issa
elv
Issa river in Shliopikha.JPG
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 1 580 km²
Lengd 174 km
Munning Velikaja

Issa (russisk Исса) er ei elv i Pskov oblast i Russland og ei av sideelvane til Velikaja frå venstre. Elva er 174 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 580 km².

Issa har utspring sørvest i regionen, nesten ved grensa til Latvia, frå den vesle innsjøen Dedino nær landsbyen med same namn.

Den største sideelva hennar er Vet frå høgre.

Den øvre delen av Issa renn nordover gjennom eit aude skogområde og renn raskt. Fram til landsbyen Aprosovo er aldri elva breiare enn 20 meter. Etter kvart veks elva til 30 meter og renn seinare. Issa munnar ut i Velikaja ovanfor byen Pusjkinskije Gory.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]