Issoleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Issoleie
Issoleie
Issoleie
Status
Status i Noreg: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Underfamilie: Ranunculoideae
Stamme: Ranunculeae
Slekt: Soleieslekta Ranunculus
Art: Issoleie R. glacialis
Vitskapleg namn
Ranunculus glacialis

Issoleie eller reinblom er ei plante i soleiefamilien. Arten har ei amfiatlantisk utbreiing. Planta vert kring 5-20 centimeter høg og er snau, blank og saftfull. Issoleie har ein eller nokre få toppstilte blomstrar. Begerblad og kronblad sit lenge på. Kronblada er først kvite, men vert snart raudfiolette. Planta blømer kring juli månad på grus og snøleger til fjells.

Issoleie veks i Noreg frå Telemark til Finnmark. Planta er funnen opp til 2370 m på Galdhøpiggen.

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar i dag med to underartar:[1]

  • subsp. alaskensis - veks i Alaska

Den tidlegare underarten subsp. camissonis er skilt ut som eigen art Ranunculus camissonis veks på begge sider av Beringstredet. Somme plassar er det feilaktig skrive Ranunculus chamissonis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kristin Steineger Vigander (2022). «Issoleie -Årets villblomst 2022».