Isterdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isterdalen sett frå nord, med Bispen, Kongen og Dronninga.
Isterdalen sett frå sør, mot Åndalsnes og Isfjorden.
Frå Stigrøra og Trollstigen og litt av Isterdalen.

Isterdalen er eit dalføre mellom høge fjell i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Den går frå Åndalsnes i nord til Stigrøra i sør. Gjennom dalen renn elva Istra.

Lengst i nord er dalen ganske brei og er dyrka opp til jordbruksformål. Brønnsletta er eit større bustadfelt. Midt i dalen ligg Trollstigen Camping og Gjestegård, omgitt av eit større skogs- og myrområde der husdyr beiter om sommaren. Lengst i sør er dalen smalare og består av blanda lauvskog og dei bratte liene består av mykje stein (steinur) som har falle ned frå fjellet.

Riksveg 63 går gjennom Isterdalen. Trollstigvegen ligg lengst inn i dalen og går opp Stigrøra. Den har elleve hårnålssvingar, kvar med en radius på cirka 10 meter. Omtrent midtvegs går ei bru over den 180 meter høge Stigfossen. Trollstigvegen er ein av Noregs best besøkte turistattraksjonar.

Isterdalen er omkransa av fleire høge fjell på godt over 1000 meter. Mellom dei mest kjente er Dronninga, Kongen og Bispen på vestsida av dalen. Mot aust ser ein «baksida» av Trolltindene med Trollveggen.

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Isterdalen
Spire Denne Møre og Romsdalartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.