Istra i Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Istra (Romsdal))
Istra
elv
Trollstigvegen kryssar Istra nedanfor Stigfossen
Land  Noreg
Nedslagsfelt 66 km²
Renn gjennom Rauma i
Møre og Romsdal
Lengd 17 km
Middelvassføring 3,1 /s
Kjelde Reinheimen
 - høgd 1 793 moh.
Munning Rauma ved Åndalsnes
Kart
Istra i Romsdal
62°32′39″N 7°42′04″E / 62.5441°N 7.7011°E / 62.5441; 7.7011
Wikimedia Commons: Istra River, Norway

Istra er ei sideelv til Rauma med ei lengde på 17 km.[1]

Elva har sitt utspring i Reinheimen og renn nordover gjennom Isterdalen til ho munnar ut i Rauma om lag 3 km før utløpet i Isfjorden ved Veblungsnes nær Åndalsnes.

Istra har ei lakseførande strekning på 10 km og er ei sjøaureelv.

Elva vart verna i Verneplan III, seinare vart Raumavassdraget verna i Verneplan IV.[2]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ifølge moderne språkforsking kan opphavet til elvenamnet vere ei hypotetisk indoeuropesk språkrot der es eller is tydde vatn, òg flytande, men at ordet seinare fekk den snevrare tydinga «vatn i fast form».

Andre europeiske elvenamn som kan ha same språklege opphav:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Istra i St.prp. nr. 89 (1984-85)[daud lenkje]
  2. Raumavassdraget på NVE, arkivert frå originalen 27. februar 2005, henta 20. september 2010 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Egon Kühebacher, Die Ortsnamen Südtirols und ihre Geschichte, bd. 2, Bozen 1995, s. 59-61 (med språkhistoriske forklaringer, utdypende litteratur og dokumentbelegg).