It's Magic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
It's Magic
Song av Doris Day
Utgjeve 1947
Komponist Jule Styne
Låtskrivar(ar) Jule Styne, Sammy Cahn

«It's Magic» er ein popsong skriven av Jule Styne, med tekst av Sammy Cahn. Songen vart først framført av Doris Day i filmdebuten hennar Romance on the High Seas (i Storbritannia kjend som It's Magic etter songen), og vart publisert i 1947. Versjonar som gjekk inn på Billboard-lista i 1948 vrat spelt inn av Doris Day, Tony Martin, Dick Haymes, Gordon MacRae og Sarah Vaughan. Han vart nominert til Oscarprisen i 1948, men tapte for «Buttons and Bows».

I 1952 gjorde Doris Day songen til kjenningsmelodi for radioshowet The Doris Day Show som ho hadde i Hollywood.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Doris Day-innspelinga kom ut på Columbia Records og låg 21 veker på Billboard-lista. Songen nådde andreplassen på lista.[1]

Tony Martin spelte inn ein versjon for RCA Victor Records og låg 13 veker på Billboard-lista med ein 11. plass som høgaste plassering..[1]

Dick Haymes gav ut ein versjon av Decca Records og låg 18 veker på Billboardlista me ein niandeplass som høgaste plassering.[1]

Gordon MacRae spelte inn songen for Capitol Records og hans versjon låg 17 veker på Billboard-lista med ein niandeplass som høgaste plassering.[1]

Sarah Vaughan gav ut sin versjon for Musicraft Records og versjonen hennar nådde 29. plassen på Billboard-lista og låg der inne i to veker.[1] Denne versjonen vart òg gjeven ut på EP-en «The Divine Sarah Sings» (1954)

Beverly Kenney spelte inn songen i 1958 for albumet hennar Beverly Kenney Sings for Playboys.

Dinah Washington spelte inn songen i 1959 for albumet hennar What a Diff'rence a Day Makes!.

Keely Smith spelte inn songen i 1959 på albumet Swingin’ Pretty, arrangert og dirigert av Nelson Riddle.

Shirley Bassey spelte inn songen i 1963 for EP-en «In Other Words...».

I 2010 spelte den australske songaren Melinda Schneider inn songen for hyllestallbumet til Doris Day, Melinda Does Doris.

Barbara Lewis spelte inn songen i 1965 og vart inkludert på albumet hennar med same namn.

I 1962 gav The Platters med Sonny Turner på solovokal songen ut på singel. Denne nådde 95. plassen på Billboard-lista og kom òg med på albumet Song for the Lonely.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]