It’s Only Rock ’n’ Roll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå It's Only Rock 'n' Roll)
Hopp til navigering Hopp til søk
It's Only Rock 'n Roll
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 18. oktober 1974
Innspelt 25. november – 21. desember 1972, 13–24. november 1973, 14–28. januar, 10–15. april, 20–25. mai 1974
Sjanger Rock and roll, bluesrock
Lengd 48:26
Selskap Rolling Stones
Produsent The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
Goats Head Soup
(1973)
It's Only Rock 'n Roll Black and Blue
(1976)
Singlar frå It's Only Rock 'n Roll
  1. «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)»
    Utgjeve: 26. juli 1974
  2. «Ain't Too Proud to Beg»
    Utgjeve: 25. oktober 1974
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB[2]
Džuboks(negativ)[3]
The Great Rock Discography6/10[4]
MusicHound3/5[5]
NME6/10[6]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Virgin Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

It's Only Rock 'n' Roll er eit album av The Rolling Stones frå 1974. Det var det siste albumet med gitaristen Mick Taylor og med på tittelsporet spelte Ronnie Wood som tok over for Taylor. Albumet har ein tydlegare rockestil enn det førre albumet, Goats Head Soup, som var meir soul- og funk-inspirert. Albumet nådde førsteplassen i USA, andreplassen i Storbritannia og tredjeplassen i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet med It's Only Rock 'n' Roll kom i gang etter den europeiske turneen til The Rolling Stones hausten 1973. Innspelinga starta i november i München i Tyskland.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart først utvikla som ein delvis live-, delvis studioproduksjon der eine sida var songar frå konsertane på den nylege europeiske turneen deira, medan den andre sida bestod av nyleg innspelte coverversjonar av bandet sine favorittR&B-songar. Av desse coverversjonane var innspelingar av Dobie Gray sin «Drift Away», Shirley & Company sin «Shame, Shame, Shame» og The Temptations sin «Ain't Too Proud to Beg». Etter ei kort stund starta bandet å arbeide med gitarriff av Richards og nye idear frå Mick Jagger og den opphavlege albumideen vart skrinlagt til fordel for det nye materialet. Innspelinga av «Ain't Too Proud to Beg» var den einaste innspelinga som frå den opphavlege planen som kom med på den endelege albumutgåva.

It's Only Rock 'n' Roll var første Stones-plate som var sjølvprodusert sidan Their Satanic Majesties Request og den første der Jagger og Richards nytta pseudonymet «The Glimmer Twins». Frå dette albumet og på alle framtidige Rolling Stones-album produserte dei musikken sjølv eller i lag med ein produsent utanfor bandet.

Det meste av grunnspora på albumet vart spelt inn München, medan vokalen til Jagger vart spelt inn ettepå. I følgje Richards kjem Jagger som oftast fram til det beste resultatet når han er aleine i studio med berre ein lydteknikar.[8]

«Luxury» synte ei aukande interesse for reggae hos bandet, medan «Till the Next Goodbye» og «If You Really Want to Be My Friend» var balladar. Sju av dei ti songane på albumet var lengre enn fire minuttar, noko som vart kritisert av den gryande punkrock-rørsla på slutten av 1970-talet.

Ronnie Wood, som lenge hadde vore ein bekjent av bandet, knytte seg nærare til The Rolling Stones under innspelingane etter han inviterte Mick Taylor til å spele på debutalbumet sitt, I've Got My Own album to Do. Taylor var mykje heime hos Wood under innspelinga, og ein av kveldane var Richards på besøk. Dei spelte inn nokre songar med Wood og utvikla raskt eit nært vennskap. Jagger vart etter kvart med i denne gjengen, og det var her den første songen på albumet vart utvikla, «It's Only Rock 'n' Roll (But I Like It)». Wood arbeidde tett med Jagger på denne songen, som etter kvart vart tittelen på albumet. Wood spelar 12-strengars akustisk gitar på songen.

It's Only Rock 'n' Roll vart det siste albumet Mick Taylor gjorde med The Rolling Stones, og han speler berre på sju av ti spor. Taylor var visstnok medlåtskrivar på songar som «Till the Next Goodbye» og «Time Waits for No One», men på plateomslaget er alle songane berre tilskriven Jagger/Richards.[8]

I lag med dei vanlege medhjelparane Billy Preston, Nicky Hopkins og det uoffisielle Stones-medlemmet Ian Stewart, spelte Ray Cooper perkusjon på albumet.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I juli kom singelen «It's Only Rock 'n' Roll (But I Like It)» ut og trass i at han hadde den klassiske Stones-stilen nådde han ikkje topp ti. Med eit allsongvenleg refreng har songen sidan vorte fast innventar på Stones-konsertane. «Ain't Too Proud to Beg» av The Temptations vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i USA, der han nådde topp 20. Albumet kom ut i oktober og gjekk raskt opp til andre plassen i Storbritannia (det første albumet deira i heimlandet sidan 1969 som ikkje nådde førsteplassen) og førsteplassen i USA, der det etter kvart selde til platina.

Plata fekk stort sett god kritikk.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «If You Can't Rock Me»   3:47
2. «Ain't Too Proud to Beg» (Norman Whitfield/Eddie Holland) 3:31
3. «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)»   5:07
4. «Till the Next Goodbye»   4:37
5. «Time Waits for No One»   6:38
Side to
# Tittel Lengd
6. «Luxury»   5:01
7. «Dance Little Sister»   4:11
8. «If You Really Want to Be My Friend»   6:17
9. «Short and Curlies»   2:44
10. «Fingerprint File»   6:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

Andre medverkande

Grunnspor på «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)»

Produksjjon

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[9] 3
Canada Top Albums/CDs (RPM)[10] 5
Nederlandske album (MegaCharts)[11] 5
Norske album (VG-lista)[12] 3
Tyske album (Offizielle Top 100)[13] 12
Britiske album (OCC)[14] 2
US Billboard 200[15] 1

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1974 «It's Only Rock and Roll» Nederlandsk Top 100 (MegaCharts)[16] 13
Tyske singlar (GfK Entertainment-lista)[17] 12
Norske singlar (VG-lista)[18] 8
Britiske singlar (OCC)[14] 10
US Billboard Hot 100[15] 16
«Ain't Too Proud to Beg» US Billboard Hot 100[15] 17

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[19] Gull 100 000^
USA (RIAA)[20] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. lenkje
  2. lenkje
  3. «It's Only Rock 'n Roll». Džuboks (på Serbian) (Gornji Milanovac: Dečje novine) (5 (second series)): 23. 
  4. 4,0 4,1 «The Rolling Stones It's Only Rock 'n' Roll». Acclaimed Music. Henta 28. mars 2018. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. «The Rolling Stones – It's Only Rock 'n' Roll CD». CD Universe/Muze. Henta 28. mars 2018. 
  7. «The Rolling Stones: Album Guide». rollingstone.com. Henta 28. mars 2018.
  8. 8,0 8,1 «It's Only Rock 'n Roll». timeisonourside.com. Henta 12. mars 2009. 
  9. "The Rolling Stones - It's Only Rock 'n Roll" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
  10. "Top RPM Albums: Nummer 3896a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 28. mars 2018.
  11. "The Rolling Stones – It's Only Rock 'n Roll". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
  12. "The Rolling Stones – It's Only Rock 'n Roll". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
  13. "Offiziellecharts.de – The Rolling Stones – It's Only Rock 'n Roll" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 28. mars 2018.
  14. 14,0 14,1 "Rolling Stones | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 28. mars 2018.
  15. 15,0 15,1 15,2 "The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 28. mars 2018.
  16. «The Rolling Stones- It's Only Rock and Roll». dutchcharts.nl. Henta 28. mars 2018. 
  17. «Offizielle Deutsche Charts». GfK Entertainment Charts. Henta 28. mars 2018. 
  18. «The Rolling Stones- It's Only Rock and Roll». norwegiancharts.com. Henta 28. mars 2018. 
  19. «British album salstrofé – The Rolling Stones». British Phonographic Industry. Henta 28. mars 2018.  Enter The Rolling Stones in the field Search. Select Artist in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  20. «American album salstrofé – The Rolling Stones». Recording Industry Association of America. Henta 28. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]