It's Still Rock and Roll to Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
It's Still Rock & Roll to Me
Singel av Billy Joel
frå albumet Glass Houses
B-side

«Through The Long Night»

Språk engelsk
Utgjeve 12. mai 1980
Innspelt 1979
Sjanger Rock
Lengd 2:57
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«You May Be Right»
(1980)
It's Still Rock & Roll to Me «Don't Ask Me Why»
(1980)


«It's Still Rock & Roll to Me» er ein song skriven og framført av Billy Joel frå albumet Glass Houses i 1980. Songen vart ein stor hitt og nådde toppen av Billboard Hot 100-lista i to veker sommaren 1980. Songen låg 11 veker inne på topp 10, og vart den sjuande største hitten i 1980 i USA.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Songen er eit kynisk syn på musikkindustrien der manageren bed songaren om å framleis vere hip for dei yngre kjøparane («What's the matter with the car I'm driving? / Can't you tell that it's out of style?»). Songaren nektar å endre seg og hevdar at musikken vil vere relevant uansett korleis han ser ut. Songen eit stikk frå Joel til dei nye musikksjangrane som oppstod seint i 1970-åra (punk, funk, new wave) og har sjølv ein new wave-stil. Inspirasjonen til songen kom av ei melding om eit band Joel ikkje kjende musikken til. Musikkvideoen syner Joel som blandar element av new wave, punk og funk medan han speler inn ein musikkvideo.

Singelen selde til platinaplate i USA.

«Weird Al» Yankovic laga ein parodi av songen kalla «It's Still Billy Joel to Me» for Dr. Demento's Basement Tapes. Songen vart seinare spelt av Pretty Boy Floyd på demosamlinga deira The Vault 2.[1] Drake Bell spelte inn songen i 2014 på Ready Steady Go!.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
Australia 10
Canada 1
Irland 11
New Zealand 21
UK Singles Chart 14
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 45

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]