It's All Over Now, Baby Blue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«It's All Over Now, Baby Blue»
song av Bob Dylan
frå albumet Bringing It All Back Home
Utgjeve 22. mars 1965
Innspelt Columbia Recording Studios i New York City den 15. januar 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 4:12
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson
«It's All Over Now, Baby Blue»
singel av Them
frå albumet Them Again
B-side «I'm Gonna Dress in Black»
Utgjeve 1966
Lengd 3:50
Selskap Decca Records (UK), Parrot Records (USA)
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tommy Scott

«It's All Over Now, Baby Blue» er ein song av Bob Dylan på albumet hans Bringing It All Back Home frå 1965. Songen vart spelt inn den 15. januar 1965 med Dylan på akustisk gitar og munnspel, og William E. Lee på bassgitar. Teksten var kraftig inspirert av symbolsk dikting og tok farvel med «Baby Blue».

«It's All Over Now, Baby Blue» har vorte spelt mange gonger av forskjellige artistar, mellom anna Joan Baez, Them, The Byrds, The Animals, Judy Collins, Joni Mitchell, Marianne Faithfull, Falco og The Grateful Dead. Them si utgåve frå 1966 vart gjeven ut på singel og var inspirert av garagebanda på midten av 1960-åra. Beck sampla seinare denne utgåva på singelen sin «Jack-Ass» i 1996. The Byrds spelte inn songen to gonger i 1965 som ein mogeleg oppfølgjarsingel til «Mr. Tambourine Man» og «All I Really Want to Do», men ingen av desse innspelingane kom ut. The Byrds gjorde ei ny innspeling av songen i 1969 på Ballad of Easy Rider.

Bob Dylan-utgåva[endre | endre wikiteksten]

You must leave now, take what you need, you think will last.
But whatever you wish to keep, you better grab it fast.

Bob Dylan

Bob Dylan skreiv truleg «It's All Over Now, Baby Blue» i januar 1965.[1] Songen vart spelt inn 15. januar 1965 med Tom Wilson som produsent.[2] Songen vart spelt inn same dag som tre andre songar på side to av albumet: «Mr. Tambourine Man», «Gates of Eden» og «It's Alright Ma (I'm Only Bleeding)».[2] Dylan hadde spelt desse andre songane ei stund på konsertar, slik at dei fekk utvikle seg før han spelte dei inn på albumet.[2] Når det gjaldt «It's All Over Now, Baby Blue» ønskte derimot Dylan å spele inn songen før han vart for kjend med han.[2] Dylan spelte òg inn ei akustisk utgåve av songen den 13. januar og ein delvis elektrisk utgåve den 14. januar.[2] Albumversjonen har eit enkelt arrangement med Dylan sjølv på akustisk gitar og munnspel, samt William E. Loee på bassgitar.[2]

Bill Janovitz i Allmusic skildrar musikken som vakker, med folkeaktig gitarakkordar, ein melankolsk melodi, medan refrenget med linja «and it's all over now, Baby Blue» har ein hjarteskjerande kvalitet ved seg.[3] Som andre Dylan-songar frå denne perioden, som «Chimes of Freedom» og «Mr. Tambourine Man», er teksten på «It's All Over Now, Baby Blue» inspirert av symbolske diktarar som Arthur Rimbaud.[3] Linjer som «take what you have gathered from coincidence» gjenspeglar I Ching-filosofi.[1][4]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I tillegg Bringing It All Back Home finst «It's All Over Now, Baby Blue» på samleplatene Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II, The Essential Bob Dylan, Dylan og den britiske utgåva av Bob Dylan's Greatest Hits.[3] Dylan spelte songen for Donovan på hotellrommet sitt under ein turne i mai 1965 i England. Dette er vist i dokumentaren Don't Look Back av D. A. Pennebaker.[4][3] Ei konsertutgåve finst på The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The "Royal Albert Hall" Concert[5] og The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue.[6]

I følgje ei lesarundersøking i magasinet Mojo i 2005 var «It's All Over Now, Baby Blue» den 10. mest populære Dylan-songen, og ei liknande undersøking hos andre musikarar hamna songen på 7. plass.[7] I 2002 kåra Uncut songen til den 11. beste Dylan-songen.[8]

Them-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Det irske bandet Them (med Van Morrison) spelte inn ei utgåve av songen i 1966 på albumet deira Them Again. Them si tolking av songen vart viktig i 1966 og 1967 for fleire garagerockband, som spelte inn sine eigne utgåver av songen i same stil som Them.[9] Beck nytta ein sampel frå Them-utgåva på sin eigen singel «Jack-Ass» frå albumet Odelay i 1996.[3]

The Byrds-utgåva[endre | endre wikiteksten]

The Byrds spelte inn songen og gav han ut i 1969 på Ballad of Easy Rider.[10] Songen vart òg gjeven ut som B-side på singelen deira «Jesus Is Just Alright». Denne nådde 97. plass på den amerikanske singellista.[10] The Byrds hadde prøvd å spele inn songen to gonger tidlegare.[10] Opphavleg skulle desse første utgåvene vere oppfølgjarar til singlane «Mr. Tambourine Man» og «All I Really Want to Do».

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mange andre artistar har òg spelt inn songen, mellom andre Joan Baez,[11], The Animals, Judy Collins, Joni Mitchell, Marianne Faithfull, Bryan Ferry, Echo & the Bunnymen, Lloyd Cole, Barry McGuire, Falco, The Grateful Dead, Manfred Mann's Earth Band, Graham Bonnet, The Seldom Scene, The Chocolate Watchband, Richie Havens, Energy Orchard, Steve Howe med Annie Haslam, The 13th Floor Elevators, Hole og duoen Matthew Sweet og Susanna Hoffs.[12]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Trager, O. (2004). Keys to the Rain. Billboard Books. ss. 319–321. ISBN 0-8230-7974-0. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Heylin, Clinton (1991). Bob Dylan: Behind The Shades - The Biography. Viking Penguin.. ISBN 0-670-83602-8. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «It's All Over Now, Baby Blue». allmusic. http://www.allmusic.com/song/t1991561. Henta 22. oktober 2009. 
  4. 4,0 4,1 Gill, A. (1998). Don't Think Twice, It's All Right. Thunder's Mouth Press. s. 77. ISBN 1 56025 185 9. 
  5. «The Bootleg Series, Vol. 4: The "Royal Albert Hall" Concert». allmusic. http://www.allmusic.com/album/the-bootleg-series-vol-4-the-royal-albert-hall-concert-r377686. Henta 22. oktober 2009. 
  6. «Bootleg Series, Vol. 5: Bob Dylan Live 1975 - The Rolling Thunder Revue». allmusic. http://www.allmusic.com/album/bootleg-series-vol-5-bob-dylan-live-1975-the-rolling-thunder-revue-bonus-dvd-r884848. Henta 22. oktober 2009. 
  7. «100 Greatest Dylan Songs». Mojo. November 2005. http://www.rocklistmusic.co.uk/mojo_p4.htm#The%20Beatles%20101%20Greatest%20Songs. Henta 2009-07-16. 
  8. «Uncut – Top 40 Dylan Tracks». Uncut. June 2002. http://www.rocklistmusic.co.uk/uncut.htm#Dylan. Henta 22. oktober 2009. 
  9. «Review of Them compilation CD». www.headheritage.co.uk. http://www.headheritage.co.uk/unsung/thebookofseth/988. Henta 22. oktober 2009. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. ISBN 0-95295-401-X. 
  11. «Farewell, Angelina». allmusic. http://www.allmusic.com/album/farewell-angelina-r95907. Henta 22. oktober 20092009. 
  12. «It's All Over Now, Baby Blue - List of Covers (more than 120, as of July 2009)». allmusic. http://www.allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&sql=17:761617. Henta 22. oktober 2009.