Hopp til innhald

It's My Life-turneen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
It's My Life-turneen
Turné av Tin Machine
Stad Europa
USA
Japan
Tilknytt(e) album Tin Machine II
Startdato 5. oktober 1991
Sluttdato 17. februar 1992
Talet på konsertar 69
Konsertkronologi
Tin Machine-turneen
(1989)
It's My Life-turneen
Konsertkronologi for David Bowie
Sound+Vision-turneen
(1990)
It's My Life-turneen Outside-turneen
(1995–96)

It's My Life-turneen var ein konsertturné av det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Turneen starta 5. oktober 1991 etter to oppvarmingskonsertar, ein pressekonsert og tre konsertar for industrien. Turneen vitja tolv land og enda etter 69 konsertar. Dette var dermed ein langt meir omfattande turné enn den første turneen deira i 1989. Bandet spelte med vilje på intime spelelokale med eit par tusen seter eller mindre, slik at dei kunne fokusere på musikken utan alt det teatralske. Det var i sterk kontrast til dei førre soloturenane til Bowie, Glass Spider- og Sound+Vision-turneen.[1] Bowie ønskte òg å unngå og spele på større stader og arenaer fordi fansen kom til å møte opp «å håpe at eg kom til å gjere eldre songar eller noko slikt. Me ville ikkje ha den kjensla i det heile tatt.»[2]

Bandet øvde og varma opp for turneen i Dublin i august 1991.[3] Dei hadde med seg gitaristen Eric Schermerhorn på scenen,[4] og spelte songar frå Tin Machine og Tin Machine II, i tillegg til coverversjonar av songar av Pixies, Neil Young og The Moody Blues.

Starten på somme av konsertane var ein gammal Tv som stod på scenen og spelte gamle situasjonskomediar medan Wagner sin Tristan und Isolde spelte over høgtalarane.[4]

Bowie hevda at setlista for turneen vart laga på sparken kvar kveld og sa «Me hadde overhovudet ikkje noko setliste. Me hadde ei komplett liste over alle songane på golvet på scenen og me ropte den neste songen me ville spele til kvarandre. Om du ser oss på ein dårleg kveld, kan det vere ein av dei dårlegaste konsertane du nokon gong har sett. Men på ein god kveld - og heldigvis med dette bandet er dei fleste det - skjer det verkeleg.[5]

Konerten deira 1. september 1991 på flyplassen i Los Angeles vart sendt på radio i Amerika som ein del av serien ABC In Concert, og gjekk på lufta 6. september 1991.[6] Tin Machine var musikalske gjester på Saturday Night Live den 23. november 1991.[6]

Konsertopptak

[endre | endre wikiteksten]

Konserten på Docks i Hamburg den 24. oktober 1991 vart filma og seinare gjeven ut på videoen Oy Vey, Baby: Tin Machine Live at the Docks, og songen «Baby Can Dance» frå den same konserten kom ut på samlealbumet Best of Grunge Rock. Songar frå konsertane i Boston, Chicago, New York City, Sapporo og Tokyo vart spelte inn og kom ut i juli 1992 på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby.

Meldinga av konserten på ein av oppvarmingskonsertane på Slim's i San Francisco var negativ: «Det er vanskeleg å førestille seg at folk går ut frå eit David Bowie-show på Slim's, men alt du måtte gjere var å sjå deg rundt i rommet torsdag på slutten av konserten til Tin Machine. Bowie og medarbeidarane hans gav ein meir enn ein time lang konsert av den siste inkarnasjonen hans, og musikken viste seg å vera nesten umogleg å lytta til.»[7]

Konserten i Seattle var meir positiv: «La det først bli sagt at på alle nivå er Tin Machine eit eineståande band. ... det kan godt vere dei representerer det neste evolusjonære trinnet i rock and roll - eller berre enno ei blindgate. Uansett er det kraftige saker.»[4] Under konserten spelte Bowie alt- og barytonsaksofon, og elektrisk, akustisk og 12-strengsgitar.[4]

Los Angeles Times skreiv ei positiv melding om den første konserten i New York, og roste bandet om ønskje om å pusle med arrangementa på songane, og sette pris på Bowie si «teatralske gåve» for å opptre.[8]

Turnéband

[endre | endre wikiteksten]
Dato By Land Spelestad
Øvingar
10. august 1991DublinIrlandFactory Studios
11. august 1991
12. august 1991
13. august 1991
14. august 1991
15. august 1991
Oppvarmingskonsertar
16. august 1991DublinIrlandThe Baggot Inn
19. august 1991The Waterfront
Presseshow
1. september 1991Los AngelesUSARockit Cargo @ LAX Airport
Industrishow
7. september 1991MinneapolisUSAMarriott
10. september 1991Los Angeles
12. september 1991San FranciscoSlim's
Europa
5. oktober 1991MilanoItaliaTeatro Smeraldo
6. oktober 1991
8. oktober 1991FirenzePalazzetto Dello Sport
9. oktober 1991RomaTeatro Brancaccio
10. oktober 1991
12. oktober 1991MünchenTysklandCircus Krone
14. oktober 1991OffenbachStadthalle
15. oktober 1991LudwigsburgForum
17. oktober 1991BerlinNeue Welt
19. oktober 1991KøbenhavnDanmarkFalkoner Teatret
21. oktober 1991StockholmSverigeCircus
22. oktober 1991OsloNoregOslo konserthus
24. oktober 1991HamburgTysklandDocks
25. oktober 1991HanoverMusikhalle
26. oktober 1991CologneE-Werk
28. oktober 1991UtrechtNederlandMuziekcentrum Vredenburg
29. oktober 1991ParisFrankrikeOlympia
30. oktober 1991Le Zénith
31. oktober 1991BrusselBelgiaAncienne Belgique
2. november 1991WolverhamptonEnglandCivic Hall
3. november 1991ManchesterInternational 2
5. november 1991Newcastle upon TyneMayfair
6. november 1991LiverpoolRoyal Court
7. november 1991GlasgowSkottlandBarrowlands
9. november 1991CambridgeEnglandCorn Exchange
10. november 1991BrixtonBrixton Academy
11. november 1991
Nord-Amerika
15. november 1991PhiladelphiaUSATower Theater
16. november 1991Washington, D.C.The Citadel
17. november 1991PhiladelphiaTower Theater
19. november 1991New HavenToad's Place
20. november 1991BostonOrpheum Theater
24. november 1991ProvidenceNew Campus Club
25. november 1991New BritainThe Sting
27. november 1991New York CityAcademy of Music
29. november 1991
1. desember 1991MontrealCanadaLa Brique
2. desember 1991
3. desember 1991TorontoThe Concert Hall
4. desember 1991DetroitUSAClubland
6. desember 1991ClevelandAgora Metropolitan
7. desember 1991ChicagoRiviera Theatre
9. desember 1991DallasBronco Bowl
10. desember 1991HoustonBack Alley
12. desember 1991Los AngelesHollywood Palladium
14. desember 1991San DiegoSpreckels Theater
15. desember 1991
17. desember 1991San FranciscoThe Warfield
18. desember 1991
20. desember 1991SeattleParamount Theatre
21. desember 1991VancouverCanadaCommodore Ballroom
Asia
29. januar 1992KyotoJapanKaikan Dai Ichi Hall
30. januar 1992OsakaFestival Hall
31. januar 1992
2. februar 1992FukuokaKyusyu Kouseinenkin Kaikan
3. februar 1992HiroshimaKouseinenkin Kaikan
5. februar 1992TokyoNHK Hall
6. februar 1992
7. februar 1992YokohamaBunka Taiikukan
10. februar 1992SapporoKouseinenkin Kaikan
11. februar 1992
13. februar 1992SendaiSunplaza Hall
14. februar 1992OmiyaSoniku City Hall
17. februar 1992TokyoBudokan Hall

Merknad:

  • CD Finst på konsertalbumet Oy Vey, Baby
  • VHS/LD Finst på videoen Oy Vey, Baby
  • CD/VHS/LD Finst på begge versjonar av Oy Vey, Baby

Frå Live Santa Monica '72

Frå Tin Machine

Frå Tin Machine II

  • «Baby Universal» (Bowie, Gabrels) VHS/LD
  • «One Shot» (Bowie, Gabrels) VHS/LD
  • «You Belong in Rock 'n' Roll» (Bowie, Gabrels) CD/VHS/LD
  • «If There Is Something» (opphavleg frå Roxy Music (1972) av Roxy Music; skriven av Bryan Ferry) CD/VHS/LD
  • «Amlapura» (Bowie, Gabrels) VHS/LD
  • «Betty Wrong» (Bowie, Gabrels) VHS/LD
  • «You Can't Talk» (Bowie, Gabrels) VHS/LD
  • «Stateside» (Bowie, H. Sales) CD/VHS/LD
  • «Shopping for Girls» (Bowie, Gabrels)
  • «A Big Hurt»
  • «Sorry» (H. Sales)
  • «Goodbye Mr. Ed» (Bowie, H. Sales, T. Sales) CD/VHS/LD

Frå Black Tie White Noise

Andre songar:

  1. «David Bowie Music Interview» by George Varga for The Star Entertainment Weekly, 1–7. januar 1992, pp 2 & 10
  2. di Perna, Alan (1991), «Ballad of the Tin Men», Creem 2 (1): 50–59
  3. Murray, Charles Shaar (October 1991), «And the Singer's Called Dave...», Q magazine, no. 61, s. 56–64
  4. 1 2 3 4 «Bowie, Tin Machine offer what may be rock's new frontier» by Cary Smith, Journal-American, December 1991
  5. »Beaming Bowie excited about current direction of his life, music" by Patrick MacDonald, The Seattle Times, 20. desember 1991
  6. 1 2 Tin Machine Rockline Interview 1991. Henta 8. august 2021.
  7. «Bowie's Band Unimpressive at Slim's» by Joel Selvin, San Francisco Chronicle, 14. september 1991, C4
  8. Pareles, Jon (30. november 1991), «Review/Rock; For Bowie, One More Change of Pace», Los Angeles Times, henta 11. september 2021