It Ain't Me Babe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«It Ain't Me Babe»
song av Bob Dylan
frå albumet Another Side of Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 1964
Sjanger Folk
Lengd 3:34
Selskap Columbia Records
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«It Ain't Me Babe» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på albumet hans Another Side of Bob Dylan i 1964.

Opningslinja («Go away from my window...») er visstnok inspirert av musikologen/visesongaren John Jacob Niles-songen «Go 'Way From My Window». Dylan har omtalt Niles som ei av inspirasjonskjeldene sine. Då Bob Dylan spelte dei første elektriske konsertane sine i Forest Hills Tennis Stadium, Carnegie Hall, The Hollywood Bowl og Monterey i 1965 spelte han «It Ain't Me, Babe» med eit elektrisk arrangement.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Go 'way from my window,
Leave at your own chosen speed.
I'm not the one you want, babe,
I'm not the one you need.

Bob Dylan

Dylan og Johnny Cash var store beundrarar av kvarandre og Cash spelte inn denne songen i lag med kona June Carter. Songen vart gjeven ut på albumet Orange Blossom Special i 1965 og vart ein hit. Same året hadde The Turtles ein hit med songen i 1965. Han nådde åttandeplassen i USA og kom ut på album deira med same namn.

«It Ain't Me Babe» var ein av mange Dylan-songar spelt inn av Joan Baez. Nancy Sinatra spelte songen på albumet hennar Boots i 1966.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Norske versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er skrive to norske tekstar til songen. Den første vart skriven av Jan Erik Vold og fekk tittelen «Det ække meg, kjei» og framført av Kåre Virud i 1977. Den andre vart skriven av Håvard Rem som «Det e itj mæ, nei» og framført av Åge Aleksandersen i 1997.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Second Hand Songs