It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry
Song av Bob Dylan
frå albumet Highway 61 Revisited
Utgjeve 30. august 1965
Innspelt 29. juli 1965
Sjanger Bluesrock[1]
Lengd
  • 3:25 (mono)
  • 4:09 (stereo)
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry» er ein song av Bob Dylan som opphavleg vart skriven for albumet Highway 61 Revisited i 1965. Songen vart spelt inn 29. juli 1965.

Ein tidlegare, alternativ versjon av songen vart gjeven ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991 i 1991.

«It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry» er blitt spelt av mange andre artistar, som The Grateful Dead, Super Session med Al Kooper, Mike Bloomfield og Steven Stills, The Allman Brothers Band, Marianne Faithfull, Jerry Garcia, Stephen Stills, Iain Matthews, Leon Russell, Little Feat, Chris Smither, Taj Mahal, Steve Earle, Levon Helm, Toto, Tracy Nelson, Blue Cheer & Bun E. Carlos.[2][3]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Well, I ride on a mailtrain, baby
Can’t buy a thrill
Well, I’ve been up all night, baby
Leanin’ on the windowsill

Bob Dylan (1965)

Versjonen av songen på Highway 61 Revisited er ein akustisk/elektrisk bluessong, og ein av tre bluessongar på albumet (dei andre er «From a Buick 6» og «Just Like Tom Thumb's Blues»).[4][5] Han består av linjer frå eldre bluessongar kombinert med ny tekst av Dylan.[4] I staden for aggresjonen i somme av songane til Dylan på denne tida, syner denne songen livstrøytt resignasjon.[4] Bileta er seksuelle og songen kan tolkast som ein allegori for nokon som er seksuelt frustrert.[5] Dylan kom tilbake til liknande bilete i seinare songar som «I Dreamed I Saw St. Augustine» og «Señor (Tales of Yankee Power)».[5]

Denne versjonen vart spelt inn 29. juli 1965, same dagen som Dylan spelte inn «Positively 4th Street» og «Tombstone Blues».[6] Musikalsk har songen eit langsamt tempo driven av ei doven tromming med shuffle-rytme og ein lett vekt på offbeat frå studiotrommeslagaren Bobby Gregg.[4][7] Songen har òg eit kro-piano spelt av Paul Griffin, bass av Harvey Brooks og ein elektrisk gitar vart spelt av Mike Bloomfield.[4][7]

Dylan spelte albumversjonen av songen på konsert for første gongen som ein del av settet hans i august 1971 på Concert for Bangladesh.[4]

Den tidlegare versjonen av songen hadde tittelen «Phantom Engineer».[8] Denne versjonen var kjappare og hadde ein noko anna tekst.[6][8] Han vart spelt inn 15. juni 1965, same dagen som innspelinga av «Like a Rolling Stone» byrja.[6][8] Forskjellige opptak frå 15. juni kan høyrast på The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991, The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home, og den doble versjonen av The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966. Opptak 1 av songen, kom ut på The Bootleg Series Vol. 12 og på Dylan sin Vevo-kanal, og har eit meir moderat tempo, før Dylan og musikarane valde ein kjappare versjon. På The Bootleg Series Vol. 7 og The Bootleg Series Vol. 12, er versjonen ein rask, hoppande blues med eit signaturgitarriff som vert selt på kvar takt og eit raskt, klikkande orgel.[8] (6- og 18-disk utgåvene av The Bootleg Series Vol. 12 inneheld opptak frå både 15. juni og 29. juli.)

Denne alternative versjonen vart spelt som ein del av det kontroversielle elektriske settet til Dylan, akkompagnert av The Paul Butterfield Blues Band og Al Kooper, på Newport Folk Festival den 25. juli 1965, etter «Maggie's Farm».[4][6][7][9] Etter å ha blitt bua på under det elektriske settet, og særleg under «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry», av fansen som ønskte å høyre Dylan spele akustisk folkemusikk, vende Dylan attende for å spele akustiske versjonar av «Mr. Tambourine Man» og «It's All Over Now, Baby Blue».[6][9] Newport-utgåva av «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry» består av jamming av gitaristen Bloomfield og organisten Al Kooper.[6] Kooper føretrekte den alternative versjonen som enda opp på Highway 61 Revisited.[8] Newport-utgåva vart gjeven ut i 2018 på Live 1962-1966: Rare Performances From The Copyright Collections.

Ei utgåve frå 1975 kom ut på albumet The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue.[10]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Steely Dan lånte ei linje frå songen som tittelen på debutalbumet Can't Buy a Thrill.[8]

I ei undersøking blant artistar i 2005 i Mojo vart «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry» oppført som den 87. beste Bob Dylan-songen gjennom tidene.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruce Pollock (18. mars 2014). Rock Song Index: The 7500 Most Important Songs for the Rock and Roll Era. Routledge. s. 188. ISBN 978-1-135-46296-3. 
  2. «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry covers». AllMusic. Arkivert frå originalen 27. juni 2009. Henta 5. november 2018. 
  3. «Through the Looking Glass». AllMusic. Henta 5. november 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry». allmusic. Henta 5. november 2018. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Hinchey, J. (2002). Like a Complete Unknown. s. 120–126. ISBN 0-9723592-0-6. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Williams, P. (1990). Bob Dylan Performing Artist. s. 156–163. ISBN 0-88733-131-9. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Shelton, R. (1997). No Direction Home. s. 280. ISBN 0-306-80782-3. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 Andy Gill (1998). Don't Think Twice It's Alright. s. 85. ISBN 1-56025-185-9. 
  9. 9,0 9,1 Santelli, R. (2005). The Bob Dylan Scrapbook:1956-1966. s. 49–50. ISBN 978-0-7432-2828-2. 
  10. Erlewine, S.T. «The Bootleg Series, Vol. 5: Bob Dylan Live 1975 – The Rolling Thunder Revue». AllMusic. Henta 6. november 2018. 
  11. «100 Greatest Dylan Songs». Mojo. November 2005. Henta 4. juli 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]