Italiensk opera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inne i operahuset La Fenice i Venezia i 1837. Venezia var saman med Firenze og Roma ein av årestadane for italiensk opera.
Triumfmarsjen frå Aida av Verdi, framført av United States Marine Corps Band.

Italiensk opera er både kunstforma opera i Italia og opera skriven på italiensk. Opera oppstod i Italia rundt år 1600, og italiensk opera har halde fram med å spela ei to viktig rolle innan forma sidan. Mange kjende operaer på italiensk blei skrivne av utanlandske komponistar, som Händel, Gluck og Mozart. Verk av innfødde italienske komponistar frå 1800- og det tidlege 1900-talet, som Rossini, Bellini, Donizetti, Verdi og Puccini, er nokre av dei best kjende operaene skrivne nokon sinne, og blir framleis framførte ved operahus over heile verda.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Jacopo Peri som Arion i La pellegrina.

Dafne av Jacopo Peri er den eldste komposisjonen ein reknar som ein opera etter dagens definisjon.[1] Verka til Peri bygde likevel på tidlegare former for syngespel. Ein underliggande føresetnad for utviklinga av den eigentlege operaen var utøving av monodi. Monodi er solosong utforma for å uttrykka kjensleinnhaldet til teksten han inneheld, og er akkompagnert av ein relativt enkel sekvens av akkordar heller enn andre polyfoniske stemmer. Italienske komponistar byrja å ta i bruk denne stilen seint på 1500-talet, og han voks delvis fram frå den lange tradisjonen med å framføra polyfoniske madrigalar der ein songar blei akkompagnert av instrument som spelte dei andre stemmene, i tillegg til den aukande populariteten til meir folkelege, meir homofoniske vokalsjangrar som frottola og villanella. I desse to sjangrane var det ein aukande tendens til å ha ein meir homofonisk tekstur, der topprøysta hadde ein forseggjort, aktiv melodi, medan dei lågare hadde ein mindre aktiv, støttande struktur. Frå dette var det berre eit lite steg til full monodi. Alle slike verk pleidde å setja humanistisk poesi av ein type som prøvde å imitera Petrarca og trecento-etterfølgjarane hans.

Solomadrigal, frottola, villanella og liknande var ein viktig del av intermedio eller intermezzo, dramatiske førestillingar med musikk som blei sette opp dei siste sytti åra av 1500-talet av dei rike og stadig meir sekulære hoffa i dei italienske bystatane. Slike førestillingar blei vanlegvis synte fram for å markera viktige statlege hendingar: bryllaup, militære sigrar og liknande, og fann stad mellom aktene av skodespel. Som seinare opera hadde ein intermedio solosong, som nemnd før, men også madrigalar framførte i typisk fleirstemd tekstur, og dans akkompagner av musikarane som var til stades. Dei hadde rikt sceneutstyr, og leia scenografrien på andre halvdel av 1500-talet. Intermedioar pleidde ikkje fortelja ei soge, sjølv om dei kunne gjera det, men pleidde nesten alltid å fokusera på ei særleg menneskeleg kjensle eller oppleving som blei uttrykk gjennom mytologisk allegori.

I 1600 blei Peri sin opera Euridice oppført som del av feringa av eit Medici-bryllaup. Dette var truleg ei viktig utvikling av den nye musikkforma som gjorde henne vanleg i kostbar hoffunderhaldning.

Ei anna form for populær hoffunderhaldning på denne tida var madrigalkomedie, seinare også kalla madrigalopera av musikologar. Desse var danna av ei rekkje madrigalar sungne etter kvarandre for å føreslå ei dramatisk forteljing, men ikkje spelt på ein scene.[2] Det blei også framført musikalske «pastoralar», Il Satiro og La Disperazione di Fileno, begge skrivne i 1590 av Emilio de' Cavalieri. Sjølv om desse tapte verka ser ut til å berre ha innehalde ariar, og ingen resitativ, verker det som om det var dei Peri viste til i forordet sitt til den utgjevne utgåva av Euridice, då han skreiv: «Signor Emilio del Cavalieri, før nokon annan eg veit om, gjorde det mogleg for oss å høyra vår type musikk på scenen».[3] Andre pastorale skodespel hadde lenge omfatta musikalske innslag. Eit av dei eldste, Fabula di Orfeo (1480) av Poliziano, hadde minst tre solosongar og eitt kor.[2]

1600-talet[endre | endre wikiteksten]

Firenze og Mantova[endre | endre wikiteksten]

«Toccata» frå L'Orfeo av Monteverdi.

Musikken til Dafne er gått tapt, men librettoen på 455 linjer i vers har overlevd. Den eldste operaen der musikken framleis er kjend blei framført i 1600 ved bryllaupet til kong Henrik IV av Frankrike og Marie de Medici ved Pittipalasset i Firenze. Operaen, Euridice, med libretto av Rinuccini, blei tonesett av Peri og Giulio Caccini, og fortel soga om Orfevs og Evrydike. Songstilen Peri og Caccini brukte var ei opphøgd form for naturleg tale, eit dramatisk resitativ med instrumental strykemusikk til. Resitativ kom dermed før utviklinga av ariar, men det blei snart vanleg å ha med separate songar instrumentalinterlud i periodar då røystene var stille. Både Dafne og Euridice hadde også kor som kommenterte handlinga ved slutten av kvar akt på same måte som i gresk tragedie. Orfevs, ein halvgud for musikk, var eit naturleg emne for slike verk, og Claudio Monteverdi (1567–1643) skreiv sin fyrste opera om han, L'Orfeo, i 1607 for hoffet ved Mantova.

Monteverdi insisterte på eit sterkt samband mellom ord og musikk. Då Orfeo blei framført i Mantova blei eit orkester på 38 instrument, fleire kor og resitativ brukte til å laga eit livleg drama. Dette var ein mykje meir ambisiøs produksjon enn det som var blitt framført tidlegare ― rikare utstyrt, meir variert i resitativ, meir eksotisk i dekorasjon ― med musikalsk klimaks som gav songarane full mogleik til å visa virtuositeten sin. Opera hadde nådd det fyrste mogningsstadiet sitt ved hjelp av Monteverdi. L'Orfeo er i tillegg til å vera den eldste operaen som har overlevd også den eldste som framleis blir jamleg framført.

Opera i Roma[endre | endre wikiteksten]

I løpet av få tiår hadde opera spreidd seg gjennom heile Italia. I Roma hadde kunstforma ein forkjempar i prelaten og librettisten Giulio Rospigliosi, den seinare pave Klemens IX. Rospigliosi fekk støtte av familien Barberini.

Nokre komponistar som var aktive i denne perioden var Luigi Rossi, Michelangelo Rossi, Marco Marazzoli, Domenico og Virgilio Mazzocchi og Stefano Landi.

Etter 1630-talet endra emna for verka seg kraftig. Ein brukte den pastorale tradisjonen og Arkadia, riddardikting, typisk av Ludovico Ariosto og Torquato Tasso, eller emne frå hagiografiar og commedia dell'arte.

Med auka tal på rollefigurar blei operaer frå Roma svært dramatiske, og hadde fleire uventa vendingar. I lag med dette fann ein fram til ein ny metode til å leggja fast resitativlinjene som passa betre til situasjonane frå dei omfattande forteljingane og som låg nærare tale.

Venezia: Kommersiell opera[endre | endre wikiteksten]

The principal characteristics of Venetian opera were (1) more emphasis on formal arias; (2) the beginning of bel canto ("beautiful singing") style, and more attention to vocal elegance than to dramatic expression; (3) less use of choral and orchestral music; (4) complex and improbable plots; (5) elaborate stage machinery; and (6) short fanfarelike instrumental introductions, the prototypes of the later overture.[4]

Opera fekk ei viktig ny retning då han nådde Republikken Venezia. Det var her det fyrste offentlege operahuset, Teatro di San Cassiano, blei opna i 1637 av Benedetto Ferrari og Francesco Manelli. Suksessen forma hadde her flytta opera vekk frå aristokratiske krinsar og inn i den kommersielle verda. I Venezia var ikkje musikalsk drama lenger retta mot ein elite av aristokratar og intellektuelle, og fekk eit sterkare underhaldningspreg. Etter kort tid var det opna mange andre operahus i byen som framførte verk for betalande publikum i karnevalstida. Operahusa hadde svært små orkester for å spara pengar. Ein stor del av budsjetta deira blei brukte til å tiltrekka seg stjernesongarar; dette var byrjinga på stordomstida til kastratsongaren og primadonnaa.

Den viktigaste komponisten i tidleg veneziansk opera var Monteverdi, som hadde flytta til republikken frå Mantova i 1613. Seinare viktige komponistar var mellom anna Francesco Cavalli, Antonio Cesti, Antonio Sartorio og Giovanni Legrenzi. Monteverdi skreiv tre verk for dei offentlege teatera: Il ritorno d'Ulisse in patria (1640), Le nozze d'Enea con Lavinia (1641, seinare tapt) og den best kjende, L'incoronazione di Poppea (1642). Emna for dei nye operaene til Monteverdi og andre var hovudsakleg henta frå romersk historie eller soger om Troja, skrivne for å feira dei heroiske ideala og den noble avstamminga til den venezianske staten. Dei inneheldt også kjærleikssoger og komikk. Dei fleste operaene hadde tre akter, til skilnad frå tidlegare operaer som vanlegvis hadde fem. Det meste av teksten blei framleis framført som resitativ, men i samband med store dramatiske augneblink hadde ein ofte arioso-stykke kjende som arie cavate. Hjå Monteverdi sine etterfølgjarar blei skiljet mellom resitativ og arie meir markert og formalisert. Dette er tydeleg i stilen til dei fire mest suksessrike komponistane frå den neste generasjonen: Francesco Cavalli, Giovanni Legrenzi, Antonio Cesti og Alessandro Stradella.

Utbreiing av operaforma til andre land[endre | endre wikiteksten]

Władysław sin operabygning (til høgre) ved det kongelege slottet i Warsawa.

I det polsk–litauiske samveldet byrja ein tradisjon med operaoppsetjinga i Warszawa i 1628, med ei oppføring av Galatea (ukjend komponist), den fyrste italienske operaen som blei oppført utanfor Italia. Kort tid etter denne oppføringa sette hoffet opp Francesca Caccini sin opera La liberazione di Ruggiero dall'isola d’Alcina, som ho hadde skrive for prins Władysław Vasa tre år tidlegare då han var i Italia. Dette er den eldste overlevande operaen skriven av ei kvinne. Gli amori di Aci e Galatea blei også Santi Orlandi opprført i 1628. Då Władysław var konge (som Władysław IV) stod han for oppføringa av minst ti operaer frå seint 1630-tal og på 1640-talet, slik at Warsawa blei eit senter for kunstforma. Ein kjenner ikkje til kven som komponerte desse operaene. Det kan ha vore polakkar som verka under Marco Scacchi i det kongelege kapellet, eller dei kan ha vore italienarar henta til landet av Władysław. Eit dramma per musica (som ein kalla seriøs italiensk opera på den tida) med tittelen Giuditta, basert på bibelsoga om Judit, blei sett opp i 1635. Denne var truleg komponert av Virgilio Puccitelli.

Cavalli sine operaer blei framførte over heile Italia av turnerande kompani med enorm suksess. Hans Giasone var den mest populære operaen på 1600-talet, sjølv om nokre kritikarar var forferda over blandinga av tragedie og farse. Ryet til Cavalli spreidde seg over heile Europa. Ein av spesialitetane hans var å gje heltinnene sine «grunnbassklager». Dette var sørgande ariar sungne over ei søkkande basslinje, og dei hadde stor innverknad på Henry Purcell, med «When I am laid in earth» frå Dido and Aeneas er truleg det best kjende dømet på forma. Cavalli sitt ry fekk kardinal Mazarin til å invitera han til Frankrike i 1660 for å komponera ein opera for kong Louis XIV sitt giftarmål med Maria Teresa av Spania. Italiensk opera var allereie blitt framført i Frankrike på 1640-talet til ei blanda mottaking, og Cavalli si utanlandsreise blei ein fiasko. Det franske publikummet tok ikkje godt imot nyoppføringa av Xerse (1660) eller den spesialkomponerte Ercole amante (1662). Dei føretrekte i staden ballettane imellom aktene som var blitt laga av den florentinske komponisten Jean-Baptiste Lully, og Cavalli svor at han aldri ville komponera ein annan opera.

Oppføring av operaen La contesa dell'aria, e dell'aqua, med libretto av Francesco Sbarra og musikk av Antonio Bertali 24. januar 1667, ei samband med bryllaupet mellom keisar Leopolds I og Margareta av Spania.

Cesti var heldigare då han blei beden om å skriva ein opera for Habsburg-hoffet i Wien i 1668. Il pomo d'oro var så grandios at framføringa måtte spreiast over to dagar. Han var ein storslått suksess, og markerte byrjinga på italiensk opera-dominans nord for Alpane. Seint på 1600-talet prøvde tyske og engelske komponistar å skipa sine eigne innfødde tradisjonar, men ved byrjinga av 1700-talet hadde dei gjeve veg for importert italiensk opera, som blei den internasjonale stilen hjå komponistar som Händel. Berre Frankrike stod imot (og operatradisjonen her var blitt grunnlagd av den italienske Lully). Dette laga eit mønster som fortsette til godt innpå 1800-talet. Den italienske tradisjonen dominerte internasjonalt, sjølv om dei leiande komponistane, som Händel, Hasse, Gluck og Mozart, ikkje var innfødde italienarar. Komponistar som ønskte å utvikla sine eigne nasjonale operaformer måtte vanlegvis kjempa mot italiensk opera. Tidleg på 1800-talet følte til dømes både Carl Maria von Weber i Tyskland og Hector Berlioz i Frankrike at dei måtte utfordra den enorme påverknaden frå den italienske komponisten Rossini.

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

Framføring av Il natale d’Augusto frå 1733 av Antonio Caldara i barokkteateret i Český Krumlov i 2017.

Opera seria[endre | endre wikiteksten]

Ved slutten av 1600-talet meinte nokre kritikarar at ei ny, meir opphøga form av opera var nødvendig. Ideane deira blei med på å skapa ein ny sjanger, opera seria (bokstaveleg 'seriøs opera'),[5] som kom til å bli dominerande i Italia og mykje av resten av Europa til slutten av 1700-talet. Påverknaden frå denne nye haldninga er tydeleg i verka til komponistane Carlo Francesco Pollarolo[6] og den svært produktive Alessandro Scarlatti.[7]

På 1700-talet var det kunstnariske og kulturelle livet i Italia sterkt påvekra av dei estetiske og poetiske ideala til medlemmane av Accademia dell'Arcadia. Diktarane herfrå innførte fleire endringar til seriøse musikkdrama på italiensk, som:[8]

  • forenkling av plottet;
  • komiske element fjerna;
  • talet på ariar blei redusert;
  • forkjærleik for plott henta frå gammal klassisk eller moderne fransk tragedie, der ein framheva verdiar som lojalitet, vennskap og dygd og prisa den absolutte makta til ein monark.

Den desidert mest suksessrike librettisten i denne perioden var Pietro Metastasio, som heldt på prestisjen langt inn på 1800-talet. Han tilhøyrde det arkadiske akademiet og følgde heilt teoriane derfrå. Ein libretto av Metastasio blei ofte tonesett av tjue eller tretti ulike komponistar, og publikum kom til å kunna orda i dramaa hans utanat.

Opera buffa[endre | endre wikiteksten]

Frå ei framføring av La Serva Padrona i 2013.

På 1600-talet blei komiske operaer berre produserte frå tid til annan, og det blei ikkje etablert nokon stabil tradisjon. Berre i den tidlege delen av 1700-talet voks den komiske operasjangeren opera buffa fram i Napoli og byrja å spreia seg gjennom Italia etter 1730.

Opera buffa skilde seg frå opera seria gjennom ulike særmerke:

  • tydinga som blir lagt på scenehandling og det følgjande behovet for musikken for å følgja endringane i dramaet, og understrekar uttrykksevna til orda;
  • valet av songarar som også var utmerka skodespelarar i stand til å framføra dramaet overtydande;
  • ein reduksjon i bruken av kulisser og scenemaskineri og i talet på orkesterspelarar;
  • bruken av ei lita rollebesetning (i det minste i den korte forma av komisk opera kjend som intermezzo) og enkle plott (eit godt døme er La serva padrona av Pergolesi frå 1733);
  • librettoar inspirerte av commedia dell'arte, med realistiske emne, daglegdags språk og bruk av slang;
  • når det gjaldt song: fullstendig avvising av vokal virtuositet; ein tendens til feil uttale av orda; hyppig tilstadevære av rytmiske og melodiske tics; bruk av onomatopoetikon og interjeksjonar;
  • ingen bruk av kastratsongarar.[9]

På andre halvdelen av 1700-talet fekk komisk opera suksess gjennom eit samarbeid mellom dramatikaren Carlo Goldoni og komponisten Baldassare Galuppi. Takka vere Galuppi fekk komisk opera meir verdigheit enn han hadde hatt under intermezzo-tida. Operaer blei no delte inn i to eller tre akter, og librettoane var skapte for verk av betydeleg større lengde, som skilte seg merkbart frå dei på byrjinga av 1700-talet i kompleksiteten til plotta sine og psykologien til karakterane i dei. Dei omfatta no nokre seriøse skikkelsar i staden for berre overdrivne karikaturar, og operaene hadde plott som fokuserte på konflikten mellom dei sosiale klassene, og inkluderte sjølvrefererande idear. Det best kjende verket til Goldoni og Galuppi er Il filosofo di campagna (1754).

Eit samarbeid mellom Goldoni og ein annan kjend komponist, Niccolò Piccinni, førte fram til La Cecchina (1760) og ein ny operasjanger: Opera semiseria. Denne hadde to buffo-figurar, to adelsfolk og to figurar «imellom».

Farsa, ein sjanger med ei akt, hadde tydeleg påverknad på utviklinga av den komiske operaen. Dette var ein type musikkdrama som opphavleg blei rekna som ein komprimert versjon av ein lengre komisk opera, men over tid blei det ein sjanger i seg sjølve. Han var kjenneteikna av vokal virtuositiet; ein meir raffinert bruk av orkesteret, ein gav stor merksemd til produksjonen, og det fanst misforståingar og overraskingar i løpet av dramaet.

Reformer av Gluck og bidrag frå Mozart[endre | endre wikiteksten]

Frå ei framføring av Così fan tutte i 2012.

Opera seria hadde nokre veikskapar som kritikarar peika på, som ein tendens til ornamentasjon for dei veltrente songarane, og bruk av det spektakulære i staden for dramatisk einskap. Francesco Algarotti sitt verk Sopra l'opera in musica (1755) blei ein inspirasjon for Christoph Willibald Gluck sine reformer. Han hevda at opera seria måtte venda tilbake til grunnlaget sitt, og at alle dei ulike elementa — musikk (både instrumental og vokal), ballett og sceneoppsett — måtte tena sjølve dramaet. Fleire komponistar i denne perioden, som Niccolò Jommelli og Tommaso Traetta, prøvde å følgja desse ideala.

Den fyrste til å verkeleg lukkast og som gjorde eit permanent inntrykk på operahistoria var likevel Gluck sjølv, som prøvde å oppnå «vakker enkelheit». Dette er illustrert i dei fyrste «reform»-operaene hans, Orfeo ed Euridice, der vokallinjer som var mindre virtuose enn til dømes dei til Händel blei støtta av enkle harmoniar og ein merkbart rikare enn vanleg tilstadevering av orkesteret gjennom heile verket.

Reformene til Gluck resonerte gjennom operahistoria. Særleg Weber, Mozart og Wagner var påverka av ideala hans. Mozart, som på mange måtar var etterfølgjaren til Gluck, kombinerte ein framifrå sans for drama, harmoni, melodi og kontrapunkt til å skriva ei rekkje komediar, der særleg Figaros bryllup, Don Giovanni og Così fan tutte (saman med Lorenzo Da Ponte) peikar seg ut, og er blitt verande blant dei mest elska og kjende operaene i dag. Mozart sitt bidrag til opera seria var meir blanda. På denne tida var sjangeren i ferd med å døy, og til trass for framståande verk som Idomeneo og La clemenza di Tito klarte ikkje Mozart vekka kunstforma til live att.

Romantikken[endre | endre wikiteksten]

Giancarlo Monsalve og Rafał Siwek i Don Carlo av Verdi.
«Una furtiva lagrima» frå L'elisir d'amore av Donizetti sungen av Luis Dámaso.

Romantisk opera, som la vekt på fantasi og kjensler, byrja å tre fram ved byrjinga av 1800-talet, og gav med sine ariar og musikk fleire dimensjonar til dei ekstreme kjenslene som prega teateret i denne perioden. Det er også blitt sagt at vakker musikk skjulte grove feil i karakterteikning og plott. Gioachino Rossini (1792–1868) innleidde den romantiske perioden. Han hadde sin fyrste suksess med ein opera buffa (komisk opera), La cambiale di matrimonio (1810). Omdømet hans overlever i dag gjennom Barberen i Sevilla (1816) og La Cenerentola (1817). Han skreiv også opera seria, Tancredi (1813) og Semiramide (1823).

Frå Tosca ved Opernfestspiele St. Margarethen i 2015.

Rossini sine etterfølgjarar innan italiensk bel canto var Vincenzo Bellini (1801–35), Gaetano Donizetti (1797–1848) og Giuseppe Verdi (1813–1901). Verdi forvandla heile operaskrivinga totalt i løpet av ein lang karriere. Den fyrste store suksessrike operaen hans, Nabucco (1842), fanga publikum gjennom drivkrafta i musikken og fengande, flotte refreng. «Va, pensiero», eit av refrenga, blei tolka og blei populær som ei støtteerklæring for italiensk sjølvstende og sameining.

Etter Nabucco baserte Verdi operaene sine på patriotiske tema og mange av dei vanlege romantiske kjeldene: Friedrich Schiller (Giovanna d'Arco, 1845; I masnadieri, 1847; Luisa Miller, 1849); Lord Byron (I due Foscari, 1844; Il corsaro, 1848) og Victor Hugo (Ernani, 1844; Rigoletto, 1851). Verdi eksperimenterte med musikalske og dramatiske former, i forsøk på å finna resultat berre opera kunne oppnå.

I 1887 komponerte han Otello, som kom til å overskugga Rossini sin opera av same namn, og som er blitt omtalt av kritikarar som den øvste av dei italienske romantiske operaene med dei tradisjonelle komponentane: Soloariar, duettar og kor som var fullt ut integrerte i den melodiske og dramatiske straumen.

Den siste operaen til Verdi, Falstaff (1893), braut seg laus frå den konvensjonelle forma med musikk som følgjer raskt sagte, enkle ord, og på grunn av respekten han viste mønsteret for vanleg daglegtale skapte han ein ny standard for ein ny operatisk periode der talemønster var viktigast.

Opera hadde blanda fleire ulike kunstformer som eit musikalsk drama, fullt av vakker song, med kostyme, orkestermusikk og pomp og prakt, nokre gonger utan å ha ei truverdig forteljing. Frå han blei danna i barokken til mogninga si i den romantiske perioden var han eit medium som stadig tok opp att mytar og soger, gjenfortalde historia og stimulerte fantasien. Han gjekk over til ei meir valdeleg tid for opera: Verismo, med Cavalleria rusticana av Pietro Mascagni og Pagliacci av Ruggero Leoncavallo.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Den siste scenen av operaen Risorgimento!

Nokre av dei største italienske operaene frå 1900-talet blei komponerte av Giacomo Puccini (1858–1924). Desse omfattar Manon Lescaut, La bohème, Tosca, Madama Butterfly, La fanciulla del West, La rondine og Turandot, der dei to siste var ufullendte. I 1926 og i 2002 prøvde høvesvis Franco Alfano og Luciano Berio å fullføra Turandot, og i 1994 fullførte Lorenzo Ferrero orkestreringa til den tredje versjonen av La rondine. Berio skreiv også to operaer sjølv, Un re in ascolto og Opera. Ferrero har også komponert fleire operaer som Salvatore Giuliano, La Conquista og Risorgimento! frå 2011.

Andre italienske operakomponistar frå 1900-talet er:

  • Gian Francesco Malipiero (1882–1973), med mellom anna L'Orfeide og Torneo notturno
  • Luigi Dallapiccola (1904–1975), med mellom anna Ulisse, Volo di notte og Il prigioniero
  • Luigi Nono (1924–1990) som skreiv Al gran sole carico d'amore, Intolleranza 1960 og Prometeo
  • Sylvano Bussotti (f. 1931), som mellom anna skreiv La Passion selon Sade, La Racine, pianobar pour Phèdre, Nympheo, Bozzetto siciliano
  • Salvatore Sciarrino (f. 1947), med mellom anna Luci mie traditrici

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. This is not agreed by all authorities, see Grout & Williams 1988, 41 (footnote) for references to other views
  2. 2,0 2,1 Grout & Williams 1988.
  3. Porter, William V. (Summer 1965). «Peri and Corsi's Dafne: Some New Discoveries and Observations». Journal of the American Musicological Society 18: 170–196. JSTOR 830682. 
  4. Miller & Cockrell 1991, s. 93
  5. «Opera seria». OperaFolio.com. Henta 25. juni 2022. 
  6. Balthazar, Scott L. (5. juli 2013). Historical Dictionary of Opera. Scarecrow Press. s. 96. ISBN 978-0-8108-7943-0. Henta 25. juni 2022. 
  7. Robinson, M. F. (1961). «The Aria in Opera Seria, 1725–1780». Proceedings of the Royal Musical Association 88: 31–43. JSTOR 766201. 
  8. Delon, Michel (4. desember 2013). Encyclopedia of the Enlightenment. Routledge. s. 936–937. ISBN 978-1-135-95998-2. 
  9. Warrack & West 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Italiensk opera