Ithaca Chasma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærbilete av den sørlege delen av Ithaca Chasma. Biletet er teke av Cassini-sonden.
Slik førestiller ein kunstar seg Ithaca Chasma. Saturn kan sjåast i bakgrunnen og Cassini oppe i høgre hjørne.

Ithaca Chasma er ei kløft på saturnmånen Tethys. Han er 100 kilometer brei, 3-5 kilometer djup og 2000 kilometer lang. Han strekkjer seg over omtrent tre fjerdedelar av omkrinsen til Tethys. Namnet kjem frå øya Itháki i Hellas.

Éin teori for korleis kløfta vart danna går ut på at vatnet som utgjer mesteparten av det indre til Tethys fraus til is. Sidan frosen is har større volum enn flytande vatn, utvida overflata til Tethys seg og sprakk opp.

Ein annan teori går ut på at kløfta vart danna same tid som det gigantiske Odysseus-krateret som ligg på motsett side av månen. Nedslaget danna sjokkbølgjer som kan han fått overflata på den andre sida av månen til å bresta.