Iva Karagiosova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iva Karagiosova
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 21. september 1971 (52 år)
Samokov
Yrke skiskyttar
Språk bulgarsk
Høgd 163 centimeter

Iva Sjkodreva (bulgarsk: Ива Шкодрева, fødd 21. september 1971), gift Iva Karagjozova (bulgarsk: Ива Карагьозова), er ein bulgarsk tidlegare skiskyttar frå Samokov, vest i Bulgaria. Ho vann eitt VM-sølv og to VM-bronsar i 1990 og 1991.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sjkodreva deltok i VM i skiskyting 1988 i Chamonix og vart nummer åtte i 15 km, berre 16 år gammal. I same sesongen vann ho to tevlingar i verdscupen i skiskyting, eitt i Ruhpolding og det andre i Antholz.

To år seinare var Sjkodreva med på Bulgaria sitt lag som fekk bronsemedalje i lagtevlinga under verdsmeisterskapen i Oslo. Dei same fire kvinnene; Marija Manolova, Silvana Blagojeva, Nadesjda Aleksijeva og Sjokdreva, tok eit steg opp på sigerspallen etter at same øvinga var avvikla under VM i skiskyting 1991 i Lahti. I den same meisterskapen vann Sjkodreva bronse i 15 km, bakom tyske Petra Schaaf og Grete Ingeborg Nykkelmo frå Noreg.

I 1993 tok Iva Kargiosova sin tredje og siste verdscupsiger, atter ein gong i 15 km og i Antholz. Ho vart nummer seks i same øvinga under VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding. Sidan klarde ho ikkje å hamle opp mot dei beste kvinnelege skiskyttarane. Ho la opp etter 2003-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]