Ivan Bilibin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boris Kustodjev:Portrett av Ivan Bilibin,1901

Ivan Jakovlevitsj Bilibin (russisk:(Иван Яковлевич Билибин) (16. august 18717. februar  1942) var ein russisk målar, illustratør og scenograf. Bilibin var ein av dei utøvarane innan illustrasjonskunst og scenografi på 1900-talet som vart halde fram som førebilete. Han vart særleg kjend for sine jugend-inspirerte illustrasjonar til russiske folkeeventyr. I gruppa Mir iskusstva (Kunstverda) var han ein leiande medlem og han var delaktig i fleire av Ballets Russes sine oppsetjingar. Gjennom heile si tid var han sterkt påverka av slavisk folkekunst.

Heksa Baba Jaga,1899

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ivan Bilibin kom til verda i ein forstad til St. Petersburg, faren var militærlege. Ivan studerte målarkunst fyrst hos Ilja Repin i heimbyen. Svært stor merksemd fekk Bilibin då han i 1899 gav ut fleire nyskapande illustrasjonar til russiske folkeeventyr. I 1900 reiste han til vidare studiar i München.

Åra frå 1902 til -04 la Bilibin ut på fleire reiser i dei nordlege delane av Russland, der han vart særs oppteken av den tradisjonelle folkekunsten og trearkitekturen. Desse kunstformene formidla han vidare gjennom monografien Folkekunst i Nord-Russland (1904). Han vart også påverka av tradisjonell japansk grafikk og mellom anna av Gerhard Munthe sine dekorative bilete.

Under den russiske revolusjonen i 1905 laga han revolusjonære avisteikningar, men overfor oktober-revolusjonen i 1917 kjende han seg framand. Etter korte opphald i Kairo og Alexandria slo han seg ned i Paris i 1925. Der arbeidde han med å dekorere rikmannsbustader og russisk-ortodokse kyrkjer.

Scenedekor til opera, 1909

Lengt mot heimlandet førte til han vende heim til Russland i 1936, etter fyrst å ha laga dekorasjonar til Sovjets ambassade i Paris. I heimbyen førelas han ved det sovjetrussiske kunstakademiet fram til 1941. Bilibin døydde under omleiringa av Leningrad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Iwan Jakowlewitsch Bilibin