Ivan Franko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivan Franko
Іван Якович Франко.jpg
Fødenamn ukrainsk Іва́н Я́кович Франко́; russisk Иван Яковлевич Франко Ivan Jakovlevitsj Franko
Pseudonym Джеджалик, Мирон, Мирон Сторож, Мирон Ковалишин, Руслан, Іван Живий
Fødd 27. august 1856
Nahujevytsji
Død

28. mai 1916 (59 år)
Lviv

Yrke skribent, journalist, lyrikar, kulturhistorikar, skodespelforfattar, omsetjar, samfunnsøkonom, litteraturkritikar, politikar
Sjanger vers, kortroman, roman, kortroman, novelle, skodespel
Ektefelle Olha Franko
Born Petro Franko, Anna Klyuchko, Taras Franko
Ivan Franko på Commons
Ivan Franko i 1886

Ivan Jakovytsj Franko (27. august 185628. mai 1916) var ein ukrainsk forfattar.[1]

Franko var kunnskapsrik og hadde ein betydeleg arbeidskapasitet. Han var diktar, prosaforfattar, dramatikar, litteraturkritikar, litteraturhistorikar, omsetjar og publisist. Leiemotiva i verka hans var ofte tatt frå hans eige kvardagsliv og kampen til ukrainarane for tilveret, men det fanst òg mange innslag frå verdslitteraturen.

Bakgrunn og virke[endre | endre wikiteksten]

Franko var fødd i Nahujevytsji i Galizia i Austerrike-Ungarn som son av ein landsbysmed. I tida på gymnaset blei Franko fyrst med i ei russofil studentforeining, men forlét henne ikkje lenge etter for å slutta seg til populistane i Halytsjyna. Som student var han tilhengar av dei sosialistiske ideane i samtida, og han studerte skriftene til Karl Marx og Friedrich Engels. Seinare gjekk han likevel til skarpt angrep mot marxismen. Franko utvikla seg til å bli ein progressiv demokrat. Denne utviklinga er spegla i den omfattande journalistiske produksjonen hans.[1]

Franko studerte klassisk og slavisk filologi i Lemberg (Lviv) og Wien, men på grunn av den politiske verksemda si blei han utestengd frå ein akademisk karriere og fengsla fleire gonger. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande.

I 1876 blei Lesysjyna tsjeljad og Dva pryjateli (To venner) utgitt i den litterære almanakken Dnistrjanka. Seinare same året skreiv Franko den første diktsamlinga si, Ballader og eventyr. Den første av historiene i Boryslav-serien kom ut i 1877. Franko skildra dei vanskelege levekåra til ukrainske bønder og arbeidarar i verka Boryslav ler (1881–1882) og Boa constrictor (1878). Verka hans tar opp ukrainsk nasjonalisme og historie (Zakhar Berkut, 1883), sosiale spørsmål (Samfunnets fundamenter, 1895 og Visnede blader, 1896), og filosofi (Semper tiro, 1906).

Han trekte parallellar mellom israelittane sin leit etter eit heimland og den ukrainske sjølvstendelengsla i Kains død (1889) og Moses (1905). Stjålet lykke (1893) blir rekna som den fremste dramatiske teksten hans. Alt i alt skreiv han over tusen verk.

I tillegg til sitt eige litterære arbeid omsette han verk av forfattarar som William Shakespeare, Lord Byron, Pedro Calderón de la Barca, Dante Alighieri, Victor Hugo, Adam Mickiewicz, Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller til ukrainsk.

Franko døydde i Lemberg (Lviv) i det dåverande keisardømet Austerrike.

Posthumt[endre | endre wikiteksten]

Den sovjetiske framstillinga av Ivan Franko[endre | endre wikiteksten]

I Sovjetunionen blei det lagt fram eit anna bilde av Ivan Franko. Dei av verka hans som ikkje passa inn i det politiske landskapet blei fortia eller forvanska.[1] Sovjetarane framheva særleg diktet hans Kamenjari ('Steinbrytarane'), som inneheld revolusjonært politisk tankegods, og knytte han sterkt til tilnamnet Kamenjar. Styresmaktene framstilte han som ein forkjempar for ukrainsk sameining med Russland, som glødande sosialist og militant ateist. Fleire av verka hans blei forfalska eller forkorta. Dei sovjetiske styresmaktene påviste innverknaden frå russiske revolusjonære demokratar på Ivan Franko, og ein la stor vekt på meiningsforskjellane mellom Franko på den eine sida og Mykhajlo Hrusjevskyj og konservative ukrainarar på den andre sida.

Byen Ivano-Frankivsk er oppkalla etter Ivan Franko. Det same er Ivano-Frankivsk oblast og eit stort tal institusjonar i Ukraina.

Sjølvbiografien til dottera[endre | endre wikiteksten]

Ivan Franko si dotter Anna Franko-Kluchko emigrerte til Canada etter andre verdskrigen, og skildra i sjølvbiografien detaljar frå barndomsminna sine.[2]

Barnebarnet til Ivan Franko, Halja Kluchko, er busett i Toronto og blei kurator ved det ukrainske museet i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Encyclopedia of Ukraine, Toronto 1985, ISBN 0-8020-3362-8
  2. Franko-Klucho, Anna: Ivan Franko i joho rodyna ('Ivan Franko og hans familie'), Liga vyzvolennja Ukrajyny, Toronto 1956