Ivan Gontsjarov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivan Gontsjarov

Fødenamn Иван Гончаров
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 6. juni 1812
Uljanovsk
Død

15. september 1891 (79 år)
St. Petersburg

Yrke lingvist, skribent, romanforfattar, omsetjar, essayist, litteraturkritikar, prosaforfatter, kommentator, teaterkritiker
Sjanger roman, litterær skisse, artikkel
Medlem av Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Signatur
Ivan Gontsjarov på Commons

Ivan Gontsjarov (6. juni 181215. september 1891) var ein russisk forfattar.

Gontsjarov var fødd i ein rik kjøpmannsfamilie i Simbirsk, og voks opp på eit gammalt adelsgods. Etter skule- og universitetsstudium blei han tenestemann i finansdepartementet, før han etter det liberale gjennombrotet i 1856 blei utnemnd til sensor. Fram til han døydde levde han som romanhelten sin Oblomov ugift og hengjeven til makelegheit og tradisjonelle vaner. Det einaste avbrotet i det elles rolege livet hans var ei sjøreise til Japan, som han byrja i 1852 som sekretær for admiral Putjatin, som han vende tilbake frå i 1855 gjennom Sibir.[1]

Gontsjarov debuterte 1847 med forteljinga «Ei dagleg historie», som ved sida av Fjodor Dostojevskij sitt «Arme menneske» frå 1845 er rekna som det fremste verket frå den gryande realismen. I 1849 offentleggjorde Gontjarov ein del av den betydelegaste romanen sin Oblomov, som fyrst kom ut i komplett form i 1858. Oblomov er blitt sett på som eit av dei klassiske verka i den russiske litteraturen. Det gjev med ei brei og intim miljøskildring eit bilete av den viktigaste russiske overklassetypen på 1850-talet. Helten, ein velståande godseigar med moderne utdanning og edle ideal, sløser trass desse høge ideala vekk dagane sine i passivitet. Han blei opphavet til det russiske omgrepet oblómovsjtjina ('Oblomovs maner') om nokon som lever livet sitt på liknande vis. I 1868 gjorde Gontsjarov ferdig sin tredje roman, 'Avgrunnen' (dansk omsetjing 1900). Denne romanen fekk lite ros frå kritikarar. Den omfangsrike forteljinga skildrar livet til overklassa i Sankt Petersburg og Volgatraktene. Ein har rekna dei fremste delane i romanen som dei som byggjer på barndomsopplevingane til forfattaren sjølv. I likskap med Ivan Turgenjev i 'Fedrar og søner' skildrar Gontsjarov òg ein nihilisttype frå 1860-talet. Gontsjarov overvurderte gjerne sin eigen originalitet, og såg på seg sjølv som banebrytande innan russisk litteratur, men det sakte arbeidstempoet hans gjorde at ideane hans ofte blei føregripne av andre. Blant andre verk kan ein merka seg reiseskildringa hans frå japanreisa, Fregatten Pallas (1858).[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingar på svensk:

  • Oblomow. Sedeskildring från Ryssland (Обломов; övers. Ernst Lundquist, 1887).
  • Oblomow. Tidsmålning (Обломов; övers. Ernst Koch, 1887).
  • Oblomov (Обломов; övers. Hjalmar Dahl; 1923, 1944, 1969).
  • Bråddjupet (Обрыв; övers. Staffan Dahl, 1977).
  • Stepan och hans familj (Степан с семьёй; övers. Lars Erik Blomqvist, 1967).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Svensk uppslagsbok, Malmö 1932