Ivan Goremykin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivan Goremykin

Fødd8. november 1839
Novgorod
Død24. oktober 1917 (77 år)
Statsborgar avDet russiske imperiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedDen keiserlige skole for rettslære i St. Petersburg
Alle verv
  • Russlands statsminister (1906–1906)
  • Russlands statsminister (1914–1916)
  • innenriksminister (1895–1899)
  • Medlem av statsrådet i det russiske imperium Sjå dette på Wikidata

Ivan Longinovitsj Goremykin (8. november 183924. desember 1917) var ein russisk embetsmann og statsmann. Han var innanriksminister 1895-99 og ministerpresident mai-juli 1906 og 1914-16. Goremykin var ultrakonservativ og urokkeleg lojal mot tsar Nikolaj II og hans autokratiske statsstyring. Sterk motstand frå folkeforsamlinga dumaen svekte Goremykin-regjeringa og opna for revolusjonære politiske krefter.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Goremykin var ein landadelsmann, fødd i Velikij Novgorod. Etter å ha utdanna seg ved den tsaristiske rettsskulen i St. Petersburg vart han i 1860 tilsett i senats-byråkratiet. Noko seinare vart han senatet sin landbruks-kommissær for Kongress-Polen. Han var viseguvernør for Płock frå 1866 og for Kielce frå 1869. Perioden 1873-82 arbeidde han i innanriksministeriet. Frå 1882 hadde han plass i 1. avdelinga i senatet og frå 1884 var han overprokurator for 2. avdelinga. I 1891 vart han utnemnd til visejustisminister, med rang av senator frå 1894.

Frå oktober 1895 var Goremykin innanriksminister. Her fremja han forslag om å utvide zemstvo-programmet, men møtte så mykje motbør at han trekte seg frå posten i oktober 1899. Goremykin heldt likevel fram som medlem av statsrådet til 1917. I april 1906 utnemnde tsaren han til ministerpresident. I den eigenskap sette han seg mot ei omfattande reform i jordeiga i Russland og nekta ansvar overfor den 1. dumaen. Utan vilje eller evne til å framforhandle åtgjerder, vart han ved oppløysinga av dumaen i juli 1906 tvinga til å gå frå leiarposisjonen sin og vart erstatta av Pjotr Stolypin.

Den 12. februar 1914 vart Goremykin på ny ministerpresident, grunna den absolutte lojaliteten til tsar Nikolaj II. Hans konservative innstilling og den nesten blinde lydnaden til tsaren bremsa for viktige reformer. Han var såleis fiendtleg innstilt overfor fleirtalet i dumaen, den såkalla progressive blokka. Både parlamentarikarar og revolusjonære skulle snart sjå med avsky på Goremykin, som viste seg å vere ute av stand til fungere som politisk leiar i eit halv-parlamentarisk system. Etter krav frå den 4. dumaen, og dessutan manglande tillit frå tsarina Aleksandra og Grigorij Rasputin, gjekk han av som ministerpresident i februar 1916.

Under februarrevolusjonen 1917 vart Goremykin fengsla og i mai forvist frå hovudstaden. Komande ministerpresident Aleksandr Kerenskij avgjorde at han kunne trekke seg tilbake til datsjaen sin i Sotsji. I desember same året vart Goremykin, kona, dottera deira og svigersonen, der myrda i eit ransoverfall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]