Ivan Hlinka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivan Hlinka


Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 26. januar 1950
Most
Død

16. august 2004 (54 år)
Karlovy Vary

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1972

Utmerkingar

Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje, Nejlepší nahrávač v československé hokejové lize, Nejproduktivnější hráč v československé hokejové lize

Ivan Hlinka (26. januar 195016. august 2004) var ein tsjekkisk ishockeyspelar og trenar frå Most som i perioden 1972-77 vart trefaldig verdsmeister med Tsjekkoslovakia. Han var landslagssjef då Tsjekkia gjekk til topps i Vinter-OL 1998 og Ishockey-VM 1999. Hlinka, som var senterløpar, vert rekna som ein av dei aller beste tsjekkiske ishockeyspelarane nokon gong.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Hlinka spelte på HC Litvínov sitt lag i den tsjekkoslovakiske serien frå 1966 til 81, og på ny 1985-87. I mellomtida tenestegjorde han 1981-83 i den kanadiske NHL-klubben Vancouver Canucks og 1983-85 i sveitsisk EV Zug.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I åra frå 1970 til 1981 deltok Hlinka i elleve verdsmeisterskap og to olympiske vinterleikar. Han vart verdsmeister med Tsjekkoslovakia i 1972, 1976 og 1977. I 1972 vann han OL-bronse i Sapporo og i 1976 OL-sølv i Innsbruck. I VM 1978 fekk han plass i All-Star-Team.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Hlinka var landslagssjef 1991-92 for Tsjekkoslovakia og 1993-99 for Tsjekkia. Han leidde Tsjekkia til OL-gull under Vinter-OL i Nagano i 1998 og til VM-gull under ishockey-VM i Noreg i 1999.

Hlinka omkom i ei bilulukke på veg heim frå Karlovy Vary.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]