Ivan Kuratov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivan Kuratov
1989 CPA 6082.jpg
Verkeleg namn Иван Алексеевич Куратов
Fødd 6. juli 1839Rediger på Wikidata
Kuratovo
Død

17. november 1875
Almaty

Yrke lyrikar, omsetjar, lingvist

Ivan Alekseevitsj Kuratov (18. juli 183929. november 1875) var ein russisk poet og lingvist frå folkegruppa komi. Han er mest kjend for innsatsen sin for litteratur på komi. Kuratov er rekna for å vere komiane sin nasjonalskald.

Kuratov var fødd i Kibra (i dag Kuratovo i Komi som son av ein diakon. 1850-1860 studerte han til prest i Jarensk og Vologda. Mellom 1861 og 1865 arbeidde han som lærar i Ust-Sysolsk, og det var i denne perioden han skreiv dei fleste dikta sine. I 1866 gjekk han på krigsskole i Kazan, og resten av livet arbeidde han i administrasjonen i Kasakhstan. Han døydde i Vernyj (i dag Almaty.

Som diktar skildra Kuratov komiane sitt liv og tradisjonar. Han sette om russisk og vesteuropeisk poesi til komi, og skreiv også ein grammatikk over komi. Kuratov vart berømt først på 1920-talet, då dikta hans vart publiserte i antalogien Komi gižyśjas. Til hundreårsfesten for Kuratov vart den samla produksjonen hans publisert i to band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bolsjaja sovetskaja entsiklopedija om Kuratov
  • Finsk wikipedia om Kuratov

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • «Сочинения»: Художественные произведения, т. 1, Сыктывкар, 1939; Лингвистические работы, т. 2, Сыктывкар, 1939. («Sotsjinenija: Khudodsjestvennye proizvedenija» band 1, Syktyvkar 1939; Lingvistitsjeskie raboty, band 2, Syktyvkar, 1939.)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Laakso, Johanna (toim.): Komin kansan ensimmäinen runoilija: 150 vuotta I. A. Kuratovin syntymästä. Castrenianumin toimitteita, 36. Helsinki: Helsingin yliopisto, 1990. ISBN 951-45-5238-5.