Ivan V av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivan V av Russland
Ivan V by anonim (GIM).jpg
Tsar av heile Russland
Regjeringstid 7. mai 1682 – 8. februar 1696
Kroning 25. juni 1682
Fullt namn Ivan V Aleksejevitsj
Russisk Иван V Алексеевич
Fødd 6. september 1666
Fødestad Moskva
Død 8. februar 1696 (29 år)
Gravlagd Erkeengelkatedralen
Føregjengar Fjodor III
Etterfølgjar Peter I
Kone Praskovia Saltykova
Far Aleksej Mikhailovitsj
Mor Maria Miloslavskaja
Born Tsarevna Maria Ivanovna
Tsarevna Feodosia Ivanovna
Tsarevna Katarina Ivanovna
Anna
Tsarevna Praskovia Ivanovna

Ivan V Aleksejevitsj Romanov (6. september 16668. februar 1696) var felles tsar av Russland (i lag med den yngre halvbroren Peter I) som regjerte mellom 1682 og 1696. Han var den yngste sonen til Aleksej I av Russland og Maria Miloslavskaja. Styret hans var berre formelt, sidan han hadde alvorlege fysiske og psykiske funksjonshemmingar. Han sat stille i fleire timar om gongen.[1] og trong hjelp til å gå.

Ivan V var det 11. bornet til tsar Aleksej. Sidan han var stygg å sjå til og svak vart makta hans utfordra av Narysjkinane, som ønskte at sonen til Natalia Narysjkina, Peter I, skulle ta over trona. Då Fjodor III av Russland døydde i april 1682, insinuerte fiendane deira at Narysjkinane hadde fått Ivan kvalt, og slik hisse til Moskvaopprøret i 1682, som først vart avslutta då Ivan vart synt fram for den rasande horden.

Ivan hadde eit særs nært forhold til stemora og halvbroren og medtsaren Peter. Han ønskte eigentleg ikkje å verte tsar, men vart overtalt til dette.

Den 25. juni same året vart Ivan og Peter krona i lag i Uspenskijkatedralen som «dvoetsarstvenniki» (dobbelttsarar). Ei spesiell trone med to seter vart lagd for høvet (i dag til utstilling i i Rustkammeret i Kreml. Sjølv om Ivan vart rekna som «den eldre tsaren», var det den eldre systera Sofia Aleksejevna som i røynda styrte for han. I 1689, då ho skjønte at ho var i ferd med å miste makta, prøvde ho å få i stand eit nytt opprør, og spekulerte i at Narysjkinane hadde øydelagd krona til Ivan og var klar til å setje rommet hans i brann. Men læremeisteren til Ivan, prins Prozorovskij, overtydde han til å skifte side og Ivan svor truskap til broren.

Det siste tiåret av livet hans var Ivan fullstendig overskugga av den meir handlingskraftige Peter I. Han oppheldt seg i lag med kona si, Praskovia Saltykova, og brydde seg om lite anna enn å «be og faste dag og natt». Sjølv om Ivan var svak, klarte han å få fram fem døtrer, mellom anna Anna Ivanovna som tok trona i 1730. 27 år gammal vart han av utanlandske ambassadørar skildra som senil, lam og nesten blind. Han døydde to år seinare i Erkeengelkatedralen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]