Ivan Vicelich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivan Vicelich
Personleg informasjon
Fullt namn Ivan Robert Vicelich
Fødd 3. september 1976
Fødestad Auckland
Høgd 190 cm
Posisjon Forsvar, midtbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Auckland City
Nummer 15
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1993-95
1996-99
1999-2001
2001-06
2006-08
2008-
New Zealand Waitakere City
New Zealand Central United
New Zealand Football Kingz
Nederland Roda
Nederland Waalwijk
New Zealand Auckland City
64 (4)
100 (18)
46 (6)
129 (14)
21 (0)
41 (8)
Landslag
1995- New Zealand New Zealand 65 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 18. april 2010

Ivan Robert Vicelich (fødd 3. september 1976 i Auckland) er ein newzealandsk fotballspelar som har spela for, og vore kaptein for, Auckland City i den newzealandske fotballigaen. Han spelar òg for New Zealand sitt landslag, og er den spelaren som har flest landskampar for New Zealand.

Vicelich begynte fotballkarrieren sin for dei newzealandske klubbane Waitakere City og Central United før han i 1999 gjekk til Football Kingz, som på den tida var det einast profflaget på New Zealand og spelte i den australske proffligaen. I 2001 drog han til Europa og Roda i nederlandsk Eredivisie. Han spelte i Nederland i sju år, fram til 2006 for Roda og 2006 til 2008 for Waalwijk, før han vende attende til New Zealand og Auckland City i 2008.

Vicelich debuterte for New Zealand sitt A-landslag som innbytar i eit 0-7-tap mot Uruguay 25. juni 1995. Han spelte for New Zealand i Confederations Cup i 1999 og 2003. 16. august 2008 kunngjorde han at han trekte seg frå vidare landslagsspel, men 22. mai 2009 gjekk han tilbake på dette, og vart med i troppen til Confederations Cup same året. I den avgjerande kvalifiseringskampen til fotball-VM i 2010 heime mot Bahrain 14. november 2009 sette han ny rekord i landskampar for New Zealand, med 65. Han var med i New Zealand sin tropp til fotball-VM i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.