Ivar Bleiklie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Bleiklie
Fødd 29. august 1872
Død

18. november 1958

Yrke politikar

Ivar Johannesson Bleiklie (29. august 187218. november 1958) var ein norsk lærar, gartnar, tenestemann og politikar frå dåverande Hamre herad i Hordaland. Han var stortingsrepresentant for Hordaland og Frisinna Venstre 1925-27 og for Høgre 1934-45.

Bleiklie tok i 1895 eksamen ved hagebruksavdelinga på landbrukshøgskulenÅs i Akershus. Frå 1896 til 1912 var han gartnar og lærar ved Hordalands landbruksskule på Stend i Fana. Åra 1912-18 var han amtsgartnar i Søndre Bergenhus. Sidan 1918 var han sekretær i Hordalands Landbruksselskap til han pensjonerte seg i 1943.

I åra etter 1900 dreiv Bleiklie mykje opplysningsarbeid gjennom artiklar i landbruks- og hagebrukspressa. Han gav i 1908 ut læreboka Plantelære, eit verk som kom i 10. opplag. I 1911 kom sogeboka Søndre Bergenhus Amts Landshusholdningsselskabs virksomhet i 100 år, forfatta av Bleiklie.

Bleiklie var medlem av heradsstyret i Fana 1911-16 og varaordførar 1923-25. Han var elles formann i Fana skulestyre 1906-09, medlem i likningsrådet i Fana 1919-31.

Bleiklie representerte partiet Frisinna Venstre på Stortinget 1925-27, og var medlem i Skog- og vassdragskomiteen. Ved dei neste stortingsvala nådde han ikkje opp, og Frisinna Venstre somna vekk. Bleiklie fekk i 1933 plass på Høgre si valliste til stortingsvalet, og representerte partiet på Tinget til 1945. Han var medlem 1934-36 i Helsekomiteen og 1937-45 i Landbrukskomiteen. I 1933 vart han utnemnd til formann for Den departementale komiteen om ville bær.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]