Ivar Digernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Digernes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. april 1904
Død

8. februar 1958 (53 år)

Yrke politikar, journalist, omsetjar
Politisk parti Norges Kommunistiske Parti

Ivar Arnstein Knutsson Digernes (29. april 19048. februar 1958) var ein norsk litterat og journalist frå Ørsta, ei tid aktiv i Moskva, seinare i Oslo.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Foreldra hans dreiv gard på Digernes i Ørsta, der han vart fødd. Sjølv gjekk han skulevegen og tok eksamen artium ved Volda landsgymnas i 1922. Året etter reiste han til Oslo, der han arbeidde for aviser knytt til arbeidarrørsla.

Som student engasjerte han seg i Mot Dag-rørsla, noko som førte til at han valde å flytte til Moskva. Der budde han frå 1927 til 1936. I kommunismen sin hovudstad arbeidde han for det meste som litteraturformidlar. Ei rad russiske romanar vart omsett til norsk bokmål, mellom andre av Mikhail Sjolokhov, Maksim Gorkij, Leo Tolstoj og Fjodor Dostojevskij.

Digernes busette seg i Oslo i 1936, og var ei tid redaksjonssekretær i Nordahl Grieg sitt tidsskrift Veien frem. Samstundes studerte han engelsk og tysk språk, i tillegg til historie, ved Universitetet i Oslo.

Under andre verdskrigen budde Digernes med familien i Sverige. Etter krigen arbeidde han som journalist i Friheten, hovudorganet for Norges Kommunistiske Parti. I avisa hadde han ansvar for utanriks- og kulturstoffet. I tillegg fungerte hans som tolk ved den sovjetiske ambassaden i Oslo. Frå 1954 skreiv han for det nystarta tidsskriftet Fossegrimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Kåre Engeset: «Ivar Digernes (1904–1958). Ein radikal kulturformidlar», i Vent vidar seg Hovdevatnet. Kulturhistoriske artiklar. 2005
  • Martin Nag: Ivar Digernes. En kulturformidler mellom Sovjetunionen og Norge. 1985
  • Torolv Solheim: «Samtidsprofilar. Ivar Digernes» i Fossegrimen nr 1, 1958