Ivar Eskeland
Utsjånad
| Ivar Eskeland | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 30. november 1927 |
| Død |
23. desember 2005 (78 år) |
| Yrke | lingvist, omsetjar, skribent, litteraturkritikar, biograf, filolog |
| Far | Severin Eskeland |
| Prisar | Bastianprisen, Norsk kulturråds oversetterpris, Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond, Heidersprisen Aasmund Olavson Vinje, Storegutprisen, Årets Ølhund |
Ivar Eskeland (30. november 1927–23. desember 2005) var ein norsk forfattar, litteraturkritikar og omsetjar fødd på Stord,
Eskeland var kjend som kåsør i NRK. Han var skrivar i Noregs Mållag frå 1956 til 1957, formann i det same laget frå 1960 til 1963, redaktør i avisa Dag og Tid frå 1965 til 1968, og var direktør for Nordens Hus i Reykjavik på Island.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- I 1972 vart Eskeland tildelt Bastianprisen for å ha omsett ei bok av den færøyske forfattaren William Heinesen til nynorsk.
- I 1977 vann Eskeland Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond.
- Frå 1989 var han statsstipendiat.
- I 2002 fekk Eskeland Storegutprisen.
Nokre verk
[endre | endre wikiteksten]- 1997: Vår norske folkesjel : beste kåseri 1974-1997 ISBN 82-521-4760-7
- 1992: Snorri Sturluson : ein biografi; illustrert med "Snorre suiten" av Jarle Rosseland Biografi om Snorre Sturlason. ISBN 82-504-1951-0
- 1957: Halldór Kiljan Laxness : menneske og motiv
- 1956: I strid for norsk mål : Noregs Mållag 1906-1956
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (nb) NRK om Ivar Eskeland (med lydklipp)
- Intervju med Ivar Eskeland; Norgesdokumentasjon Arkivert 2005-10-29 ved Wayback Machine.