Ivar Fløistad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Fløistad
Fødd4. desember 1846
Austre Moland
Død26. november 1926
Austre Moland
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
BarnGuttorm Fløistad

Ivar Guttormsson Fløistad (4. desember 184624. november 1926) var ein gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Austre Moland i Aust-Agder. Han var far til Guttorm Fløistad.

Fløistad var son til ein lensmann og gardbrukar. Han var underoffiser i 1869-80, gjekk Sagatun Folkehøyskole 1870-71. Sidan var han gardbrukar på farsgarden og frå 1894 også lensmann i Austre Moland. Ordførar i Austre Moland 1878-94. Forlikskommissær frå 1880. Medlem av representantskapen i Noregs Bank 1895-1905. Fløistad var formann i Nedenes amts jarnbanekomite og medlem av Vestlandsbanekomiteen. Formann i landbruksselskapet og for landbruksskulen i amtet. Tida 1882-90 var han formann i Aust-Agder folkevæbninssamlag og amtsvenstrelaget i Aust-Agder.

Fløistad møtte på Stortinget fyrste gongen 2. april 1883 som 1. varamann frå Nedenes amt. Også 1885-sesjonen møtte han, då frå 17. mars. Begge sesjonane kom han inn i staden for Andreas Holm. Periodane 1886-88 og 1898-1900 hadde fast plass på Stortinget. I 1883 og 1885 var han medlem av vegkomiteen, medan han 1886-88 var med i justiskomite nr 2. Siste bolken, 1898-1900, var han medlem av militærkomiteen. Han var i 1898 sekretær i den militære straffelovskomiteen, ein særkomite.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]