Ivar Flem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Flem
Fødd 1865
Haram kommune
Død

1948 (83 år)

Yrke redaktør

Ivar Flem (18651948) var ein norsk bladmann som var redaktør i Sunnmørsposten i meir enn 50 år. Han var fødd på Vigra, tok eksamen artium i Kristiansund i 1885 og studerte filosofi ved Universitetet i Oslo. Då han i 1894 tok til som redaktør i Søndmørsposten, kom han frå huslærarpost hjå Bjørnstjerne BjørnsonAulestad.

I avisa arbeidde Flem for Venstre sine saker, også lokalt. At han gjekk inn for bruk av det reine norske flagget, førte til at det eit år gjekk to 17. mai-tog i Ålesund, eit med reint flagg, det andre med flagg med unionsmerke. Flem kjempa for åtte timars arbeidsdag. Dei tilsette i avisa fekk det lenge før det vart lovfesta. Likeeins fekk dei ferie med løn.

I 1896 vart han utgjevar og eigar av avisa. Som den første i Noreg innførte han forskotsbetaling for avisabonnementet. Under Ålesundbrannen miste alle avisene i Ålesund lokala sine. Flem hadde ei umontert presse som ikkje vart brannskadd. Det gav han ein foremun i høve dei andre avisene. Han gjorde Sunnmørsposten om til dagsavis i 1905. I 1943 vart det innsett nazi-redaktør i Sunnmørsposten. Flem tok over att etter freden i 1945.

Ivar Flem var ein av skiparane av Sunnmøre frilynde ungdomssamlaglag i 1895. Her var han første formannen. Han sat nokre år I Ålesund bystyre. Då Flem hadde dårleg helse, var det mykje redaksjonssekretær Olav Hatlemark som tok seg av det redaksjonelle arbeidet. Etter kvart fekk og sønene Dagfinn og Magne mykje ansvar. I 1946 overtok dei som redaktørar.

Ivar Flem døydde i 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Harald Kjølås: Han skapte Sunnmørsposten i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000