Ivar Fonnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Fonnes
Fonnes wikipedia.jpg
Fødd 24. mai 1944 (77 år)
Bømlo
Yrke embetsmann, historikar
Ivar Fonnes på Commons

Ivar Fonnes (fødd 24. mai 1944) er ein norsk arkivar, og frå 2006-2014 riksarkivar i Noreg, det vil seie leiar for Arkivverket og Riksarkivet.

Han er utdanna cand.philol. ved Universitetet i Oslo med hovudfag i historie. I tillegg har han russisk og statistikk. Fonnes vart tilsett som leiar for EDB-avdelinga på Riksarkivet i 1983. Før dette jobba han ved Universitetet i Oslo som EDB-konsulent, amanuensis og fyrsteamanuensis. I 1990 vart han utnemnd til avdelingsdirektør og leiar for ei av storavdelingane i Riksarkivet. Før han vart riksarkivar 1. august 2006 var han assisterande direktør i Riksarkivet.

Fonnes har vore leiar for vidareutviklinga av NOARK-standarden for elektronisk journalføring og arkivering. Han var leiar for det offentlege utvalet som laga NOU 2005:6 Siste stopp for pasientjournalene. Han har skrive Arkivhåndboken for offentlig forvaltning.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]