Ivar Hvamstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Hvamstad

Fødd28. september 1878
Død9. mai 1916 (37 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
FarIver Larsen Hvamstad
Alle verv

Ivar Hvamstad (28. september 18789. mai 1916) var ein norsk landhandlar frå Brandbu. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i 1916. Iver L. Hvamstad var far hans.

Hvamstad gjekk to år på Grans høgre allmennskule og var deretter handelsbetjent i tre år. Han var så landhandlar i Nes i Akershus åra 1898-1904 og dreiv deretter eit landhandleri i Hof i Solør i tida 1904-11. Frå 1911 dreiv han landhandel i Brandval til han døydde fem år seinare.

Hvamstad var mykje aktiv i arbeidarrørsla, heldt foredrag og stifta lag. Han var medlem 1907-10 i heradsstyret i Hof og i skulestyret. Perioden 1910-12 var han varamann til Stortinget frå Solør krins. Ved stortingsvalet 1915 fekk han fast tingsete frå same einmannskrinsen. Han var med i Næringskomite nr 1, men døydde berre fire månader etter at tingperioden tok til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]