Ivar Johansen (1950)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Johansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1950 (73 år)
Yrke politikar
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti
Ivar Johansen (1950) på Commons

Ivar Johansen (fødd 11. november 1950) er ein norsk politikar for SV. I 1987 vart han medlem av bystyret i Oslo, der han framleis er med i finanskomiteen (2017).

Johansen var også sentralstyremedlem i KS, og mangeårig medlem av dei stortingsoppnemnde organa Forsvarets Ombudsmannsnemnd og Ombudsmannsnemnda for sivile tjenestepliktige.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Ivar Johansen voks opp i Fredrikstad, der mora var sjukepleiar og faren reparatør ved sjukehuset. Han har framhaldsskule og realskule men inga vidare utdanning etter dette. Fjorten år gamal deltok han i valkampen for Arbeiderpartiet, og nokre år seinere tok han initiativ til oppstarten av et nytt partilag, visstnok fordi det var for mykje dans i det han var medlem i.[1] I samband med folkeavstemminga om norsk EF-medlemskap i 1972 tok han avskjed med sosialdemokratiet og har sidan hatt diverse stillingar på venstresida, mellom anna i PAX og SV. Han har også arbeidd som kontorsjef i Gyldendal.

Graving i norsk etterretningsverksemd og rettssaker etterpå[endre | endre wikiteksten]

I 1972 hadde Ivar Johansen arbeidd med å samle informasjon til eit bokprosjekt om løynlege tenester i Forsvaret. Dette førte han mellom anna i kontakt med tidligare major i Etterretningstenesta, Svein Blindheim, noko som gav opphav til den såkalla «Blindheimsaka». I 1977 vart han landskjend i samband med Listesaka. Johansen hadde ved hjelp av opne kjelder kartlagt tilsette i Politiets overvåkingstjeneste (POT, tilsvarande dagens Politiets Tryggingseneste, PST), og tilbaud dette materialet til avisa Ny Tid. Dette førte mellom anna til politirazzia hos avisa. Johansen fekk ein dom på eitt år, der 60 dagar vart sona og resten gjort betinga. Journalistane Jan Otto Hauge, Ingolf Håkon Teigene og Club 7-sekretæren Trond Jensen fekk betinga dommar.

Johansen vart også noko seinare tiltalt i Ikkevold-saka. I rettssaka mot redaksjonen i bladet Ikkevold, som offentleggjorde informasjon om eit amerikanskfinansiert etterretningsanlegg, ein ubåt-lyttestasjon, på Andøya, blei han som redaksjonsleiar med redaksjonen, etter fleire rettsrundar, frikjent av Høgsterett i 1987.[2]

I tillegg til forsvars- og sikkerheitspolitikk har Ivar Johansen vært særleg oppteken av helse- og sosialpolitikk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Per Bangsund (2. mai 1985). «Forsvaret vaktbikkje». Dagbladet.  i spalta «~ i dag snakker vi om . . .»
  2. Journalist, Olav Eggesvik, «Kommuneadvokaten: - Ivar Johansen (SV) brøt ikke taushetsplikten», Aftenposten (på norsk bokmål), henta 5. juli 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]