Ivar Kirkeby-Garstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Kirkeby-Garstad
Ivar Kirkeby-Garstad.jpg
Fødd5. august 1877
Død19. juni 1951
NasjonalitetNoreg
PartiSenterpartiet, Venstre
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet

Ivar Larsson Kirkeby-Garstad (5. august 187719. juni 1951) var ein norsk gardbrukar og lensmann frå Vikna. Han var aktiv i politikken, fyrst for Venstre og seinare for Bondepartiet. Han var handelsminister 1932-33 i Hundseid-regjeringa.

Kirkeby-Garstad hadde femårig landbruksutdanning frå Vinterlandbruksskolen og Noregs Landbrukshøgskule. Frå 1900 var han gardbrukar på Garstad i Vikna, jamsides gardsdrifta var han postopnar og dampskipsekspeditør. Han var lensmann i Nærøy og Vikna i tida 1933-48.

Han var medlem av Vikna heradsstyre frå 1905 og varaordførar 1917-19. Då Bondepartiet vart skipa i 1920, melde han seg inn i det nye partiet og representerte dette sidan. Han var landsstyremedlem 1922-26 i Norges Bondelag og 1922–26, 1931–33 i Bondepartiet.

Kirkeby-Garstad representerte Nord-Trøndelag og Bondepartiet på Stortinget frå 1922 til 1945. Han var medlem av Næringskomitéen og Sjøfarts- og fiskerikomitéen. Då statsminister Peder Kolstad vart dødssjuk i slutten av februar vart Kirkeby-Garstad tatt inn i regjeringa som styrar av Landbruksdepartementet. Han var utnemnd til handelsminister då Jens Hundseid danna regjering 14. mars 1932 og gjekk av då regjeringa vart felt 3. mars 1933. Ved stortingsvalet hausten 1945 tapte han plassen på Stortinget, men møtte tidvis som vararepresentant.

Ivar Kirkeby-Garstad var far til Lars Kirkeby-Garstad og oldefar til Lars Peder Brekk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]