Ivar Kjelstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ivar Andreas Johannesson Kjelstad (21. april 186825. mai 1914) var ein norsk spelemann frå Sunnylven. Han og broren Ola Kjelstad lærde seg å spele først og fremst av Kjellstad-Per, som var gift med farsyster deira. Kring 1900 kjøpte han seg ei hardingfele, og etter ei slags studiereise til Telemark fann han ut at det var hardingfela han ville satse på. Han reiste seinare rundt omkring i landet og heldt konsertar. Han hadde ein avansert speleteknikk, med posisjonsspel, pizzicato og flageolettar. Han skal eingong ha vorte karakterisert av Johan Halvorsen som «virtuosen blant hardingfelespelarane».[1] I 1913 gifte han seg og kjøpte ein gard under Moldsvor i Hornindal. Kjelstad var sjukleg gjennom heile livet, og døydde i 1914, berre 46 år gamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Profilar - Ivar Kjelstad. Folkedans.com

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oddgeir Bruaset (2008). Arven: ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie del II. Skyline. s. 97. ISBN 978-82-91385-48-8.