Ivar Kleiven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Kleiven
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juli 1854
Vågå kommune
Død

19. februar 1934 (79 år)
Vågå kommune

Yrke politikar, historikar
Politisk parti Venstre

Ivar Kleiven (10. juli 185419. februar 1934) var ein norsk lokalhistorikar, bonde og pensjonateigar.

Ivar Kleiven var bondeson frå Vågå kommune i Gudbrandsdalen. I ungdomen vart han gripen av Venstre sine merkesaker som målreising, nasjonalisme og norsk sjølvstende. Han gjekk difor på folkehøgskole. Kleiven overtok heimegarden i 1878 og dreiv han til 1885. Han skjøna tidleg at turisme kunne verta ei viktig attåtnæring, og frå 1898 var han eigar av eit seterpensjonat. Han var mykje med i det kommunale sjølvstyret, han var varamann til Stortinget frå Oppland (Kristians amt) 1900 til 1903. Støtt stod hugen hans til gammaltida og skrivinga. Han fekk fleire offentlege stipend til arbeidet med det, frå 1909 ein årleg sum, og frå då av budde han «av høifjeldsbegeistring aaret rundt i fjeldet», som han sjølv skreiv i Hvem er hvem i 1912.

Kleiven nytta konsekvent gammal dialekt i sine markante sogeverk. Kleiven var over seksti år då han byrja utgje bygdebøkene sine. Import av oversjøisk korn og utvandringa til USA hadde slått beina under den gamle samfunnsordninga. Kleiven skreiv om ei tid som ikkje lenger var, men få eller ingen gjorde det så godt som han.

Mållaget Ivar Kleiven er eit mållag i Vågå som er oppkalla etter Ivar Kleiven.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Segner fraa Vaagaa (1894)
  • I Heimegrendi. Minne fraa Seksti-Aarom (1908, ny utgaver 1949 og 2004)
  • I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa (1908), utvidet utgave av Segner fraa Vaagaa
  • Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Lom og Skjaak (1915)
  • Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Lesja og Dovre (1923)
  • Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Østre og Vestre Gausdal (1926)
  • Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Ringbu (1928)
  • Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Fronsbygdin (1930)
  • Fraa Skotteaare (1935)
  • Elvesøg (1937)
  • Artiklar av Ivar Kleiven. Målbruken hans. Bibliografi (1991)
  • Frå barndomen (1993)
  • Brev til Decorah-Posten (1994)
  • Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886-1932 (2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]