Ivar Mehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Mehus
Fødd25. juni 1849
Død29. juli 1934 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Ivar Anton Ivarsson Mehus (fødd 25. juni 1849 Strand, død 29. juli 1934 Oslo) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nesna i Nordland.

Mehus var son til ein skomakar og vart fostra opp hos ein gardbrukar. Han gjekk landbruksskule og var deretter gardbrukar i heimbygda.

Mehus møtte første gong på Stortinget for Nordlands amt i 1884 frå 13. mai og 1885 frå 30. mai. Han var då 2. varamann, møtte begge gongene for Jens Dahl. Valperiodane 1889-1891 og 1892-94 var han 3. representant frå amtet. Begge periodane var han medlem av Lagtinget og militærkomiteen.

Han utvandra med familien til USA i 1902 og slo seg ned i staten Texas. Han kom att til Noreg etter 1930, og døydde i Oslo i 1934.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet : med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. B. 1 : Biografier med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, s. 36. Aschehoug, Oslo.