Ivar Mortensson-Egnund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ivar Mortenson-Egnund)
Ivar Mortensson-Egnund

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1857
Alvdal
Død

16. februar 1934 (76 år)
Egnund

Yrke prest, journalist, omsetjar, skribent, lyrikar
Språk nynorsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Morten Mortensen
Ivar Mortensson-Egnund på Commons

Ivar Julius Mortensson-Egnund (24. juli 185716. februar 1934), døypt Ivar Julius Mortensen[1], var ein norsk folkeminnesamlar, målmann, politikar, forfattar, journalist, teolog, omsetjar og filosof, og ein av dei mest allsidige kulturpersonlegdomane Noreg har hatt.

Ivar Mortensson-Egnund er mest kjend for omsetjingane/gjendiktingane sine av Draumkvædet (1905) og Den eldre Edda (1908), men han gav også ut to samlingar med eigne dikt. Han var ein god ven av og samarbeidspartnar med Arne Garborg. Begge kjempa utrøytteleg for landsmålssaka, og fungerte som språkpolitiske motpolar til riksmålsmannen Bjørnstjerne Bjørnson. Dei støtta parlamentarismen til Johan Sverdrup og partiet Venstre, men vonbrotet over den politiske utviklinga i 1880–1890-åra gav dei anarkistiske sympatiar. Seinare orienterte Mortensson-Egnund seg meir i ei teosofisk/antroposofisk retning. Trass i skiftande ideologisk syn hadde han ei urokkeleg kristentru heile livet, og verka i åra 1909–1918 som prest i Den norske kyrkja.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Ivar Mortensen var Anne Petronelle Tangen frå Neby og Morten Mortensen frå garden Ogarden, begge på Tynset. Ho var djupt religiøs, men i ei lys og mild form, og vart omtala som eit varmhjerta og godt menneske.[2] Faren hadde arbeidd seg opp frå enkle bondekår og var ordførar i Lille Elvedal.[3] Ivar Mortensen var den yngste i ein syskenflokk på fire, og hadde ein lukkeleg oppvekst i eit miljø som var prega av kulturell og økonomisk rikdom.[3] Då han var 11 år, vart faren stortingsmann for partiet Venstre, og miljøskiftet frå Alvdal til Kristiania vart brått, både miljø- og utdanningsmessig. Det faglege grunnlaget frå den enkle grendeskulen var ikkje det beste, men Ivar Mortensson hadde boklege evner, og på Aars og Voss skole i Kristiania tok han raskt igjen det tapte.[4]

Folkedikting[endre | endre wikiteksten]

Som fjortenåring stifta han ein livslang venskap med den to år yngre Moltke Moe, son av biskop Jørgen Moe. Gjennom desse fekk Ivar Mortensson innblikk i nordisk folkedikting. Til dømes vart Kalevala førebilete for Solmøyi (1904) og Gullharpa vår (1931). Allereie i skulealder vart han interessert i den nasjonalromantiske litteraturen med tema frå norsk natur- og folkeliv, men endå meir for sjølve folkediktinga, som vart ei livslang interesse.[5]

Ivar Mortensson tok latinartium i 1875, og byrja å studere teologi. Innimellom studia levde han nokre år som «frikar» og var på lange vandringar rundt i Sør-Noreg. Iblant gjekk han åleine, iblant saman med broren Per eller kameraten Moltke Moe. Vandringane var dels forskings- og innsamlingturar, og Telemark var favorittområdet:

«Det gamle norske målet var hardt og skarpt og ljomande som lurblåster. Men då eg fann telemålet, tykte eg at alle kvasse kantar var slipa og svarva, det lydde lett og leikande som eit kulturmål.»[4]

Folkeminnegranskaren Rikard Berge frå Rauland skildra vandraren og folkeminnesamlaren Ivar Mortensson slik:

«Ein kunde vel nærast segja at han livde etter diktingi, han, der han sella frå bygd til bygd, med ein langelur lenger enn han var sjølv, gangande i telebunad og på hardingtæsur, med snedskreppa på rygg, sovande i tre og urd og uthus som det høvde, skrivande upp gamle stev og diktande nye; folk og natur og dikting brådna i eitt bilæte for honom.»[4]

Moltke Moe og Ivar Mortensson gav i 1878 ut samlinga Norske Fornkvæde og Folkevisur, og dei var då høvesvis 19 og 21 år gamle. Boka var enkelt utstyrt, trykt på dårleg papir og billeg i pris, slik at vanlege folk skulle ha råd til henne.[6]

Målstrev[endre | endre wikiteksten]

Hulda og Arne Garborg sin stad Kolbotn ved Savalen.

Allereie i skuleåra hadde Mortensson vorte overtydd om at målreising var avgjerande for den norske frigjeringa. Seinare, då han var i byrjinga av 20-åra, vart han inspirert og styrkt i denne trua gjennom Christopher Bruun sine idear om at morsmålet er det einaste som kan gje eit sant uttrykk for nasjonen sin eigenart og dermed vekkje djupe og ekte kjensler,[4] og Mortensson førte heile livet ein kompromisslaus kamp for landsmålet.[7]

På denne tida kom Ivar Mortensson i kontakt med Arne Garborg via Moltke Moe, og Garborg vart oppglødd over denne austlendingen som ivra for landsmålet, og som også snakka reint landsmål. Då Garborg starta målsakavisa Fedraheimen i 1877, vart Mortensson ein god medarbeidar. Fordi Ivar Aasen hadde grunnlagt landsmålet hovudsakleg på vestnorsk, måtte Ivar Mortensson leite seg litt fram etter ein eigen normal med austnorske språkformer og ei meir lydrett rettskriving. Han var så oppglødd over telemålet at ein kan finne fleire trekk frå telemålet enn frå østerdalsmålet i diktinga hans. Etter kvart valde han å følgje den såkalla Midlandsnormalen.[8]

Mortensson hadde ei hytte ved innsjøen Savalen i Tynset kommune som fekk tilnamnet «Nordpolen» fordi hytta var så kald. Her likte Garborg seg godt, så Mortensson hjelpte han til å skaffe seg ei tomt ved vatnet nokre kilometer sør for «Nordpolen». Då Arne og Hulda Garborg flytta til Kolbotn som nygifte i 1887, slo Mortensson følgje oppover. Venene hadde lite pengar på denne tida, og Garborg gav han tilnamnet Ivar Matlaus. Han gjekk også under namnet «Savalguten», og seint i livet «Egnundgubben».

Anarkist[endre | endre wikiteksten]

«Kva er fridom anna enn den vesle ridi, når eit band hev losna, fyrr eit nytt kjem att?» – Smeden Valund i skodespelet Valund.[9]

Mortensson var kraftfull og intens i heile sitt vesen – til dømes vart han arrestert i 1881, då han under verneplikta på Gråtenmoen ved Skien leidde eit opprør til støtte for Sverdrup, parlamentarismen og målsaka. Grunnen til at Mortensson gjorde militærtenesta i Telemark er også illustrerande for den opprørske naturen hans: Han ville ikkje eksersere saman med «Kutorgsgutane frå Kristiania», men søkte om å verte oppteken i Telemarksbataljonen: «Der var det godt mål å høyre, og der var dei sprækaste gutane.»[4]

Mortensson overtok redaktøransvaret for Fedraheimen i 1883, og under leiing av han endra bladet seg frå å ha ein brei landsmålsprofil («Eit vikeblad aat det norske Folket») til å verte ei avis som skulle målbere striden mot «pengevelde, prestevelde og statsvelde». Mortensson kalla bladet «kommunistisk-anarkistisk organ for Noreg» og tok med mykje stoff frå den internasjonale anarkistrørsla.

I byrjinga var Garborg og Mortensson ivrige Venstre-tilhengjarar, og i 1888 støtta Mortensson ein motvillig Garborg sitt kandidatur som stortingsmann for Hedmarken Amt. Han vart ikkje vald inn, og for ein kort periode var forholdet spent mellom dei, ettersom at Garborg meinte Mortensson med sitt utspel hadde øydelagt for ein kandidat med betre sjansar.

Året etter heldt Mortensson ei 17. mai-tale i Tynset der han argumenterte mot feige eidsvollsmenn og rosa den franske revolusjonen. Han avslutta med å syngje Marseillaisen for sjokkerte bønder. Saman med Garborg melde han seg så ut av partiet Venstre og stifta arbeidarlaget på Tynset og Røros.

Mortensson gav ut anarkistbladet Fridom i 1896–1899, og brevveksla med den kjende russiske anarkisten Pjotr Kropotkin, som hadde idear om frivillig samarbeid som påverka Mortensson sterkt. Kropotkin kalla han «den nordlegaste anarkisten i verda».[7] I det sosiologisk-historiske skriftet Bondeskipnad i Norig i eldre tid (1904) forsøkte Mortensson å vise at jorda opphavleg høyrde samfunnet til,[10] og at folk levde i «samnøyte», som han kalla det.

Det siste verket han formulerte anarkistiske samfunnsmodellar i, var forteljinga «Ein fri-kar» (1905).[7]

Mystikar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om han aldri slo frå seg den anarkistiske ideen og aldri såg noko brot i si eiga utvikling, vart han overtydd om at fridommen fyrst og fremst er noko som vedkjem individet, og som berre kan løysast gjennom ei indre handling av mystisk art der heile personlegdommen tek del i prosessen som leier fram til erkjenninga.[4]

I Dagbladet 25. juli 1927 drøfta Ola Raknes når Mortensson-Egnund vart mystikar. Raknes konkluderte med at han seinast var det då han skreiv Paa ymse gjerdom (1889), men at han allereie lenge «hadde freista leva etter sin eigen djupaste hug, utan å lata seg binda av vedtekter eller logikk, utan å la seg driva eller villa burt av grunne hugskot anten innanfrå eller utanfrå.» Raknes såg ingen motsetnad mellom anarkisten og mystikaren, og meinte at for Mortensson-Egnund var politikk og samfunnsøkonomi berre midlar for å sikre at personlegdommen fekk utvikle seg fritt, og at dette allereie tidleg vart hovudinteressa hans.[11]

Interessa for spiritisme var stor rundt hundreårsskiftet, og også på Kolbotn prøvde dei å få kontakt med åndene utan dei heilt store resultata. Arne Garborg, som kalla dei «vrøvleaander», skreiv dette referatet etter ein seanse:

«11te Seance.
Efter gjentagne fruktesløse Forsøg paa at faa rede paa den ‘russiske Aand’, forlangte Lederen i energiske Udtryk et oprigtig og ligefrem Svar paa følgende Spørgsmaal: – ‘Er I oprigtige og skikkelige og ærlige Aander, som ønsker at meddele os noget?’ – Bordet svarede med et lidt nølende: ‘Nei.’ – Lederen udtalte i stærke Udtryk, at den slags Aander bad vi os for Fremtiden fri for. – Seancen sluttet.»[12]

Folketalar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1890 reiste Mortensson på føredragsturnear under namnet «Ivar Matlaus». Han hadde førebudd tre føredrag om anarkismen, «Kristendomen», «Fridomen» og «Matløysa», samt eit om Garborg. På 2–3 år heldt han om lag 200 føredrag for til saman 15 000 tilhøyrarar. Han fekk stort sett god kritikk som føredragshaldar, sjølv om han kunne vere noko lågmælt og langdryg. Anarkistføredraga skapte mykje rabalder, særleg «Kristendomen»:[13] Han postulerte mellom anna at Jesus var ein revolusjonær som hadde ynskt å skape eit gudsrike på jorda. Ein emissær på Hamar bad for føredragshaldaren, men Mortensson hadde studert Bibelen på originalspråket og meinte tolkinga heldt vatn.[14]

Han reiste på ein ny føredragsturné i 1899. Føremålet var då å kjempe mot riksmålsmannen Bjørnstjerne Bjørnson. Der Bjørnson hadde vore og agitert for riksmålssaka, kom Mortensson etter og gjorde det same for landsmålet. Føredraga vart til boka Ivar Aasen. Ein norsk kulturmann (1902).[14]

«Bonde»[endre | endre wikiteksten]

Hovudbygningen på Einabu ved riksveg 29 står framleis som han gjorde på Ivar Mortensson-Egnund si tid.

Då Rasmus Steinsvik vart medredaktør i Fedraheimen i 1889, busette Mortensson seg på farsgarden Einabu, som familien hadde kjøpt i 1873. Einabu ligg inntil riksveg 29 i grenda Egnund om lag ei mil frå Kolbotn i Tynset kommune.

I På ymse gjerdom (1889) fortalde Mortensson at han ikkje likte byjenter, men i 1894 gifta han seg likevel med bergenskvinna Karen Nilsen. Ho vart ei god støtte for den verdsfjerne og drøymande mannen, for trass i bakgrunnen, hadde ho langt større praktiske evner enn han, både som bonde og i økonomiske saker. Dei fekk tre born saman.

Skrivestova på Egg.

Ekteparet var gjestfrie og likte å treffe menneske, og mange kulturpersonlegdommar frå tida rundt hundreårsskiftet kom heile den lange vegen til den avsidesliggjande garden: Arne og Hulda Garborg, Rasmus og Marta Steinsvik, Hans E. Kinck, Moltke Moe, den danske målaren Joakim Skovgaard, Otto og Tilla Valstad, Harriet Backer, Kitty Kielland, David Monrad Johansen, Hans Seland og Thorvald Erichsen.[15]

Mortensson-Egnund fekk laga til diktarstover på eggja overfor garden, fyrst på Gubberud, så i 1923 på Egg. Der arbeidde han seint og tidleg, og ofte overnatta han der også. På Egg er det i dag montert ein lydguide der Maren Ingeborg Hvamstad akkompagnert av Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen fortel om det mangfaldige livet til diktaren. Guiden er tilrettelagd av Nordøsterdalsmuseet.

Nokon driftig bonde var Mortensson ikkje. Han ynskte å setje dei verdsfjerne anarkistiske tankane sine ut i livet, men kona skreiv «… eg trur no han sit mykje og drøymer um frilandskolonien og alle dei fagre heimane her skal verta.»[16] Det var nok seg sjølv han hadde i tankane då han i Skogtroll skreiv: «Di meir boksprengd ein er, di meir tufs blir det med garden.» Då han i 1907 fekk statsstipend på 2 000 kroner året, overlét han gardsdrifta til kona, og i 1908 leigde dei vekk garden og flytta til Lillehammer.

Prest[endre | endre wikiteksten]

Om Garborg påverka Mortensson-Egnund i anarkistisk retning, smitta fritenkjarideane hans aldri over på Mortensson-Egnund. Ein skulle tru at dei formelle krava til ein prest i den norske kyrkja ville verke avskrekkjande på ein med Mortensson-Egnunds livssyn vekke, men sjølv skriv han i 1909 at han ikkje finn kyrkja så trong som før: «Kyrkje-taket hadde lyft seg».[17] Cand.theol. vart han allereie i 1883, men ikkje før i januar 1909, 52 år gammal, reiste han til Kristiania for å ta practicum, pedagogikk og homiletikk. 9. juli same år vart han ordinert til prest i den norske kyrkja; allereie 25. juni hadde han fått stillinga som stiftskapellan i Hamar stift. Etter nokre korte periodar som sokneprest i stiftet var han i perioden 1910–1914 sokneprest i Fyresdal. Nokre sommarmånader i 1914 var han stiftskapellan med ansvar for nynorskgudstenester i Kristiania, og til slutt var han sokneprest i Løten frå september 1914 til han søkte avskil i 1919.[18]

Mortensson-Egnund var ein utradisjonell prest; han er truleg den einaste som har forkynt antroposofiske tankar frå preikestolen i ei norsk kyrkje.[19] I Løten heldt han ei minneverdig avskilspreike der han hevda at det han hadde meint var å tale Guds visdom, det vil seie teosofi. Materialismen såg han på som eit sveip som hadde for stor makt i Hedmark, og noko av skulda la han på alkoholen. Eit par mannsaldrar med avhald frå alkohol meinte han var ein nøkkel til eit rikare åndsliv på Løten. Preika vart seinare utgjeven under tittelen Siste ordet åt Hedmarkingen.[20]

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Mortensson var også lyrikar, og i 1889 gav han ut den vesle diktsamlinga Paa ymse Gjerdom. Songane aat Savalguten. Litteraturkritikaren Carl Nærup skreiv i si litteraturhistorie (1905) at boka er «et sjelden frimodigt og aapenhjertigt Udtryk for sin Forfatters Personlighed», at dikteren «først og fremst [er] en stilistisk Experimentator», men også at han fann «lidet af bevidst Kunst.»[21]

Or duldo (1895) var eit «draumkvad» som Carl Nærup såg på som typisk 1890-talspoesi. Han fann «original, fantasifull, ofte raffinert dekadent anløben sprogkunst» i «en ny rytme» saman med heilt meiningslause stemningar som berre er komiske etterlikningar av «Nietzsches dunkle, lidenskabelige Mystik.»[22]

Seinare vart Mortensson mest kjend for dei norske gjendiktingane sine av Draumkvædet (1905) og Den eldre Edda (1908), der det sistnemnde er rekna som det viktigaste verket hans.

Ivar Mortensson-Egnund vert gjerne nemnd som ein forløpar til Olav Aukrust, og Helge Groth skreiv at: «Av alle de norske dikterne og forfatterne er det ingen som mer direkte peker fram mot Olav Aukrust enn Ivar Mortensson-Egnund.»[20] Då Aukrust arbeidde som folkeskulelærar i Lilleelvdalen vinteren 1907–1908, budde han hjå Mortensson-Egnund på Einabu, og det utvikla seg ein nær og livslang venskap mellom dei.[23] Størst påverknad på Aukrust hadde nok Mortensson-Egnund gjennom interessa for nordisk mytologi og norsk kristen mellomalder, fyrst og fremst for Draumkvedet og Voluspå; Mortensson-Egnund var då også i gang med omsetjinga/gjendiktinga si av Edda-kvad medan Aukrust budde hjå familien.[23]

Siste år[endre | endre wikiteksten]

Detalj frå familien sin gravstein ved Egnund kyrkje

I 1919, som 62-åring, slutta han som prest og fekk statsstipend for å omsetje delar av Det gamle testamentet til landsmål. «Egnundgubben» budde på Einabu dei siste åra, og sjølv om han ikkje var like aktiv i samfunnsdebatten som før, var Egnund ein mykje brukt føredragshaldar av norskdom- og målmannslaga, særleg i bygdene rundt han. Han vart kjend med den indiske teosofen Swami Sri Ananda Acharya, som slo seg ned på Tronsvangen under Tronfjellet, og var ei tid mykje saman med han. Mortensson reiste også ein del i Europa og var ei tid religionslærar ved Eidsvoll landsgymnas medan yngstesonen studerte der.[24]

Han arbeidde heilt til det siste, og i tillegg til bibelomsetjingane skreiv han mellom anna avhandlingar om Odyssevs, Gilgamesj og Voluspå.[25]

Ivar Mortensson-Egnund døydde av hjerneslag på Einabu i det 77. året sitt. Etter han var død, fann ein ein lapp han hadde hengt på den låste døra til diktarstova på Egg, der det stod at han straks var tilbake.[19] Han er gravlagd ved Egnund kyrkje i nærleiken av Egg og Einabu.

Mannen og tida[endre | endre wikiteksten]

Ivar Mortensson-Egnund levde i den siste tida til det gamle sjølvbergingshushaldet; frå 1870-åra og utover skaut pengehushaldet fart, og det gamle bygdesamfunnet gjekk under. Dei som ville halde fram med dette samfunnet samla seg under leiing av Søren Jaabæk til strid mot statsmakta. Men den sigrande linja var Johan Sverdrup sitt demokrati med ein sterk stat, inspirert av dei nye europeiske ideane som følgde det moderne pengehushaldet.

Då det viste seg at parlamentarismen til Sverdrup ikkje førte til større fridom for enkeltmennesket, breidde det seg eit vonbrot og ei mistru til det parlamentariske demokratiet som trekte mange 1880- og 1890-talsforfattarar mot den radikale individualismen til anarkismen. Nokre, som Knut Hamsun, gjekk over til antidemokratisme og «herretenking», medan Garborg og Mortensson vart talsmenn for ei folkeleg maktovertaking: «Fyrst Ålmenn røysterett, so magti ut or ‘denne sal’ og attende til folkje.» Dei av dei intellektuelle i Noreg som hadde dårlege erfaringar med 1880-talspolitikken, tok opp Kropotkin sine tankar. Mortensson var påverka av ideane til Kropotkin om frivillig samarbeid, og hevda at sosialdemokratiet truga fridommen fordi at «[s]jølv om Folke vel Styresmennene, so blir det ei dyr og mannsterk Regjering, som ofte vil administrera burt og øydeleggja dei beste Saker.»[26]

Dei nye vitskaplege framstega skapte ikkje den forventa lukka for alle, og positivismen kunne ikkje tilby eit heilskapleg syn på tilværet, så 1890-talsforfattarane fekk gjerne eit drag av mystisisme. Mortensson-Egnund sine Paa ymse gjerdom og Or duldo er tidlege døme på dei mystiske straumdraga på 1890-talet.

I motsetnad til romantikken tidleg på 1800-talet, førte ikkje nyromantikken på 1890-talet til varige linjer. Men Mortensson-Egnund heldt fast på dei sentrale ideane frå 1890-talet, kanskje fordi han hadde hatt ideane så lenge, som ein arv frå nasjonalromantikken. Medan nyromantikken si «Weltschmerz» hadde samanheng med ein håplaus individualisme som stagnerte i pessimisme og kynisme, vart Mortensson-Egnund sin mystikk og anarkisme boren fram av ei positiv framtidstru. Han høyrer ikkje mellom dei mest ruvande diktarane i Noreg, men er likevel ein føregangsmann frå 1890-årene som peikar ut vegen inn i den nye tida.[27]

«Livsyne mitt hev vore det, at det er tvo Verder (Heimar), den verkelege, som eg har i meg sjølv, og den illusjonelle i Live umkring meg, som med sitt underlege Menneskjeliv berre tyktes meg vera eit stort Dokketeater, der mange spelar so godt, at dei verkeleg sjølve trur dei er naturlege. […] Komediespele gjer eg paa den Maaten, at eg spelar so daarleg, at Folk skal kunne sjaa, at det berre er Komediespel, eg meiner aa vise Folk deira eigen Livemaate i vrengd Likning. (Mit private Liv liver eg religiøst, det vil segja i Tru paa Framtia.)» – Ivar Mortensson-Egnund i brev til Arne Garborg 30. oktober 1888.[28]

Påverknad og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Trygve Dammen si byste av Ivar Mortensson-Egnund utanfor Einabu.

Det finst to måleri av Ivar Mortensson-Egnund, eit frå 1928 som er i privat eige, og eit frå 1934 som heng i Nordøsterdalsmuseet på Tynset. Begge er måla av Gunnar Wefring.[29]

På 100-årsdagen for Ivar Mortensson-Egnund i 1957 vart det avduka ei byste av han som står ved Einabu. Skulpturen er laga av Trygve Dammen.

Olav Aukrust var begeistra for Mortensson-Egnund heile livet, og skreiv om det han meinte var ein varig påverknad frå Mortensson:

«Ivar Mortensson hev gjort udøyeleg gjerning ved å verdsetja det gamle, ved å peike soleis på arven frå fedrane, at folket ingi orsaking hev, um det ikkje no ser si framtids- og kulturuppgåve som folk.»[30]

Haugtussa Garborg er inspirert av Or duldo. Ifølgje Sven Moren var Sigbjørn Obstfelder så oppteken av Or duldo at han alltid hadde den vesle boka med seg:[22] «Jeg leser disse underlige diktene hver kveld når jeg har lagt meg, slik som jeg leser Davids salmer[4] Edvard Beyer fortalde at Kristofer Uppdal dyrka dette sterke og draumeaktige diktverket som ein bibel.[31]

Komponisten David Monrad Johansen sitt stykkje Voluspå op. 15 for solostemmer, kor og orkester, med tekst frå Mortensson si gjendiktning av «Voluspå», vekte stor merksemd då det vart uroppført i 1927.[7] Johan Halvorsen omarbeidde ein melodi Mortensson skal ha skrive til «Østerdalsmarsjen», og Agathe Backer-Grøndahl komponerte musikk til den same teksten. Christian Sinding sette tone til 20 songar av Mortensson som er samla i to bind, i tillegg til nokre enkeltdikt. Sigurd Islandsmoen har komponert musikk til diktet «Vantru, tvil og tunge tankar».

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1877 – Norske Fornkvæde og Folkevisur (saman med Moltke Moe)
  • 1885 – Lesebok i det Norske folkemaalet (saman med Arne Garborg)
  • 1889 – Paa ymse gjerdom. Songane aat Savalguten. (2. utgåve 1929)
  • 1895 – Or duldo. Draumkvæe.
  • 1897 – Arne Garborg. Ein fyritalsmann
  • 1897–98 – Fridom. Tidsskrift for sjølvstyre og sjølvhjelp
  • 1898 – Fridomsvegen. Soga um kongane, folkemagta aa sjølvstyre
  • 1879–98 – Svall
  • 1901 – Varg i Veum. Soguspel fraa forntidi (900–1000)
  • 1902 – Ivar Aasen. Ein norsk kulturmann.
  • 1902 – Hugleik (Emne fraa tolvhundratale)
  • 1902 – Valund. Spelstykkje frå runetidi
  • 1904 – Bondeskipnad i Norig i eldre tid
  • 1904 – Solmøyi. Fritt tilskipa etter folkevisur og fornkvad
  • 1905 – Ein fri-kar. Forteljing
  • 1905 – Edda-kvæde. 1. Gudekvæde. (gjendikting)
  • 1906 – Trollham
  • 1906 – Skogtroll
  • 1908 – Edda-kvæde. 2. Kjempekvæde. (gjendikting)
  • 1908 – Runir
  • 1912 – Utvalde Edda-kvæde
  • 1915 – Sundagstankar
  • 1916 – Draumkvædet. Tilskipa av I.M. (gjendikting)
  • 1919 – Siste ordet åt Hedemarkingen
  • 1920 – Valund. Spelstykke frå runetidi
  • 1922 – Nyklar
  • 1924 – Arne Garborg. Andre utgåva (umvølt og auka)
  • 1926 – Gjallarbrui. Ei diktbok um draumkvede-skalden
  • 1927 – Grunnsteinen i norsk bokheim
  • 1931 – Gullharpa vår. Soga um Hugfrid

Det finst samlingar av etterlatne papir i Tynset rådhus, på museumssenteret på Ramsmoen på Tynset og ei mindre samling i NBO.[29]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Studentene fra 1875 (Oslo: 1900 og 1925).
  • Klaus Langen: Ivar Mortensson Egnund (Oslo: Det norske Samlaget, 1957).
  • Vidar Sandem, Audun Skjervøy m.fl.: Blant olme stutar og reine flagg. Samfunnsdebatt kring Savalen for 100 år sia. Anarkisme, nasjonalisme, religion (Tynset: 1996).
  • Arne Dag Østigaard: Arne og Hulda på Kolbotnen (Atna: Sollia forlag, 1993).

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • «Ivar Mortensson-Egnund» i Hvem er hvem (1930).
  • T. Gjelten: «Ivar Mortensson-Egnund» i Årbok for Glåmdalen 1941.
  • Olav Midttun: «Ivar Mortensson-Egnund» i Norsk biografisk leksikon; 1. utgave, bd. 9, 1940.
  • Audun Skjervøy: «Da anarkismen blømde på Tynset» i Årbok for Nord-Østerdalen 1981.
  • Audun Skjervøy: «Revolusjon med Arne Garborg som fadder, Ivar Mortenson som prest og Rasmus Steinsvik som dåpsbarn» i Syn og Segn nr. 2, 1997.
  • Magne Skrede: «Ivar Mortensson Egnund og Olav Aukrust» i Årbok for Glåmdalen 1943.
  • Ivar Streitlien: «Fedraheimstugu» i Årbok for Glåmdalen 1950.
  • Arne Dag Østigaard: «Mortensson-Egnund, Ivar» Norsk biografisk leksikon; bind 6, Larsen–Nitter (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2003) (www).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Medan han endå var i skulealder fornorska han namnet til Ivar Mortensson, og i 1918 til Ivar Mortensson-Egnund.
  2. Langen 1957, s. 10.
  3. 3,0 3,1 Østigaard 1993, s. 45.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Terje Christensen: «Ivar Mortensson-Egnund del 1 Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine.» på libra.antropos.no.
  5. Langen 1957, s. 15f.
  6. Langen 1957, s. 18.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 (de)Terje Christensen: «Ivar Mortensson-Egnund, Dichter, Volkskundler, Pfarrer. Arkivert 2021-04-23 ved Wayback Machine
  8. Langen 1957, s. 20f.
  9. Referert i Langen 1957, s. 181f.
  10. Langen 1957, s. 97ff.
  11. Referert i Langen 1957, s. 173.
  12. Referert i Langen 1957, s. 176.
  13. Langen 1957, s. 76
  14. 14,0 14,1 Arne Dag Østigaard: «Ivar Mortensson-Egnund 150 år» hjå Dag og Tid (03.08.2007).
  15. Langen 1957, s. 122.
  16. Referert i Langen 1957, s. 123.
  17. Referert i Langen 1957, s. 162.
  18. Langen 1957, s. 163f.
  19. 19,0 19,1 Terje Christensen: «Ivar Mortensson-Egnund del 2 Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine.» på libra.antropos.no.
  20. 20,0 20,1 Geir Vestad: «Ivar Mortensson Egnund – LitteraTurer i Hedmark[daud lenkje]» hjå Hedmark fylkesbibliotek.
  21. Referert i Langen 1957, s. 101.
  22. 22,0 22,1 Langen 1957, s. 114.
  23. 23,0 23,1 Cato Schiøtz: «Olav Aukrust Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine.» på libra.antropos.no.
  24. Langen, s. 204f.
  25. Langen, s. 206.
  26. Referert i Langen 1957, s. 68.
  27. Avsnittet er eit samandrag av kapittelet «Tida og mannen» i Langen 1957 s. 207ff.
  28. Referert i Langen 1957, s. 214f.
  29. 29,0 29,1 Østigaard 2003.
  30. Brev til kona Gudrun, 25. januar 1924. Referert i Cato Schiøtz: «Olav Aukrust Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine.» på libra.antropos.no.
  31. Audun Skjervøy: «Ivar Mortensson-Egnund: Rabulist og romantikar» hjå Dag og Tid (07.01.1999).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Biografiar
Originaltekstar